Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Kaffi - Wikipedia

Kaffi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kaffibønner i ei skål.
Forstørr
Kaffibønner i ei skål.
Laus malen hurtigkaffi.
Forstørr
Laus malen hurtigkaffi.
Skum på kaffiyta.
Forstørr
Skum på kaffiyta.

Kaffi er ein drikk laga av bønner frå kaffiplanten, Cichorium intybus. Bønnene blir brende og oppmalne, i ulik grad etter korleis kaffien skal lagast. Dette pulveret blandar ein så på eitt eller anna vis med varmt vatn. Kaffi er ein mykje elska, oppkvikkande, men òg vanedannande drikk.

Innhaldsliste

[endre] Historisk utvikling

[endre] Kaffiens vogge

Korleis og kva tid ein først byrja å drikka kaffi, veit me ikkje. Kaffi vert fyrst nemnd i ei etiopisk historie frå det niande århundret: Gjetaren Kaldi merker at geitene hans oppfører seg annleis og ikkje får sova om kvelden når dei har ete raude bær frå ein viss plante. Han fortel dette til ein munk, som sjølv har vanskar med å halda seg vaken under bønestundene. Oppdaginga til Kaldi løyser problemet hans, slik ho har pigga opp kaffidrikkarar sidan.

Etiopia er altså eitt av landa som kan vera kaffien sitt heimland, og landet har faktisk ein landsdel som heiter Kaffa. Eit anna mogleg opphavsland er Jemen. Korleis det no er, vart i alle fall drikken kjend og spreidde seg i Midtausten for litt over fem hundre år sidan. Han fekk namnet kaffi, som kjem frå qawah, eit arabisk ord som tyder brygg.

Palestinsk kaffihus, 1900.
Forstørr
Palestinsk kaffihus, 1900.

[endre] Kaffihus

Det eldste kaffihuset me veit om vert skildra i Mekka i 1470. Kaffihusa utvikla seg til stader der menn kunne samla seg for å spela sjakk, diskutera og høyra på musikk. Dei spreidde seg til Europa, og Venezia fekk det første kaffihuset sitt i 1647. I Storbritannia vart husa særs populære, og i London hadde ein i 1715 over to tusen av dei. Her møttest adel og intellektuelle for å prata om viktige og uviktige emne.

I Europa vart kaffihusa sidan omforma til kaféar.

[endre] Moderne kaffi

I vår tid er kaffi blitt ein vanedrikk som mange drikk fleire gonger dagleg. Ein kan få kaffi på arbeidsplassar, kaféar og i restaurantar. Det finst òg serveringsstader for kaffikjennarar der ein tilbyr kaffisortar frå ulike delar av verda, og kaffien kan lagast på fleire svært ulike måtar. Det er vakse fram fleire store kjeder som serverer lik kaffi ulike stadar i verda, slik McDonald's gjer med snøggmat. Den største er det amerikanske selskapet Starbucks.

Kaffi er òg ein drikk ein lagar heime, og han har fortsett med å vera ein sosial drikk. Ein inviterer gjerne gjester på kaffi og kaker eller til kaffislaberas.

[endre] Korleis kaffi blir til

Kaffitre i Uganda.
Forstørr
Kaffitre i Uganda.

[endre] Produksjon

Kaffiplanten vert no dyrka i tropiske strøk over heile verda. Dei største kaffilanda er Brasil og Colombia, som produserer om lag 40 % av all kaffi. I 1998 var kaffiproduksjonen i verda totalt oppe i 100 millionar sekker kaffi.

Kaffi vert ofte produsert av småbønder, men det finst òg mange større kaffiplantasjar. Omlag ti millionar menneske arbeider på slike plantasjar. Ein kaffiplukkar kan plukka om lag 50–100 kg frukt kvar dag — dette svarar til 10–20 kg rå kaffi.

Bær av Coffea arabica i Brasil.
Forstørr
Bær av Coffea arabica i Brasil.

Brasil er eit av dei landa som har industrialisert kaffiproduksjonen sin mest.

[endre] Kaffisortar

Det finst eit utal ulike typar kaffi, men berre nokre få av dei vert brukte i den storstilte kaffiproduksjonen.

Coffea arabica er den tradisjonelle kaffisorten, og utgjer om lag 75 % av kaffiproduksjonen i verda. Coffea robusta kan gro i fleire område, og er billigare å produsera, men smaken er kraftig og kan vera bitter. Vanlegvis vert kaffi seld som ei blanding av desse to og kanskje fleire typar. Som regel er det berre butikkar som spesialiserer seg på kaffi som sel ublanda bønner.

Nokre av dei dyraste kaffisortane i verda er Blue mountain, ein kaffi som veks i høglandet på Jamaica, Kona og Tanzanian Peaberry. Den aller dyraste er truleg Kopi luwak, ein spesiell kaffitype som har vore gjennom meltingssystemet til den måraktige palmesivetten.

[endre] Prosessering

Kaffibønner til tørk.
Forstørr
Kaffibønner til tørk.

Etter at kaffebæra er plukka blir fruktkjøtet og hinna fjerna, slik at sjølve kaffibønna kjem fram. Det finst to måtar å behandle kaffibønna på: tørr og våt.

I den tørre metoden blir bæra reinsa for blad, kvistar, stein og jordklumpar. Dette skjer i smale skyljerenner med rennande vatn der det tunge smusset søkk til botnen, mens lauv og kvistar flyt oppå. Kaffibæra samlar seg i ein avløpssilo. Ein spreier dei så på ein steinlagd tørkeplass der dei vert snudde fleire gonger dagleg for at sol og vind skal tørka fruktene jamnt. Om natta blir kaffifruktene samla i store haugar og dekka med presenningar for å halda ute fukt. Etter 1–3 veker er fruktkjøtet heilt inntørka og kan då bli fjerna saman med hinna, medan kaffibønnene blir reinsa og sorterte etter storleik.

Den våte metoden er meir komplisert enn den tørre metoden. Kaffibæra vert førde frå kanalar med rennande vatn eller frå rensebasseng til ein såkalla pulper, ein maskin som fjernar fruktkjøtet. Frå pulperen vert bønnene førde ut i vaskekanalar der øydelagde bønner flyt opp og vert leia ut i spesielle behaldarar.

Dei gode bønnene vert tekne vidare til tankar der dei skal liggja og gjæra i tolv til seksten timar. Dette fører til ei kjemisk endring som verkar inn på kaffismaken, men gjæringa må ikkje ta for lang tid då dette kan skada kvaliteten. Etter gjæringsprosessen vert kaffebønnene skylde i rennande vatn til de er heilt reine før dei blir tørka i fire-fem dagar på ein tørkeplass. Når vassinnhaldet er nede på om lag 12–% vert pergament og sølvhinna fjerna i eit treskeverk. Kaffisortar som er behandla på denne måten vert kalla vaska.

[endre] Brenning

Nybrende kaffibønner.
Forstørr
Nybrende kaffibønner.

Etter at kaffibønnene er reinsa og tørka, vert dei brende. Under denne prosessen forsvinn meir og meir av koffeinet. Derfor inneheld mørkbrend kaffi mindre koffein enn lys kaffi.

[endre] Handel

[endre] Internasjonalt

Etter olje er kaffi den største (lovlege) råvara på verdsmarknaden. Det vert handla med kaffi på råvarebørsar i mellom anna London og New York. Handelen skjer ved sal av futures, det vil seia at ein kjøper framtidige parti kaffi til ein fastsett pris på eit visst tidspunkt i framtida. Kaffiprisen svingar etter tilbod og etterspurnad — til dømes har tørker i Brasil fått prisen til å stiga kraftig.

Den internasjonale organisasjonen for kaffieksportørar og importørar (ICO), prøvde lenge å regulera prisen på kaffi ved å dela ut kvoter som stod i tilhøve til etterspurnaden til landa som produserte kaffi. Dette systemet braut saman i 1989. Sidan den tid har kaffiprisane falle dramatisk, og dette att har ført med seg fleire rørsler som arbeider for rettferdig handel med kaffi.

[endre] I Noreg

Noreg har fire store kaffibrenneri: Kaffehuset Friele, Joh. Johannson Kaffe, Coop Norge Kaffe og Kjeldsberg Kaffebrenneri. Størsteparten av kaffi til sals i daglegvarebutikkar kjem frå desse. I tillegg finst mindre kaffibrennarar som leverer kaffi til kaffibarar, kaffeautomatar og kantiner.

[endre] Rekordar

USA er verdas største marknad for kaffi, med Tyskland på andreplass. I Finland brukar ein mest kaffi per innbyggjar (10,1 kg), tett følgd av av Danmark (9,7 kg) og Noreg (9,5 kg). Ein reknar med at om lag 100 millionar menneske arbeidar innan produksjon og handel med kaffi.

[endre] Tillaging

[endre] Maling

Maling av kaffi i Indonesia.
Forstørr
Maling av kaffi i Indonesia.

Ein gong mellom brenning og koking blir dei tørre bønnene malte til eit pulver. Tidlegare var det vanleg å ha ei kaffikvern heime så ein kunne mala kaffien rett før bruk, men med ferdigmalen kaffi i vakuumpakka posar i alle butikkar er dette blitt mindre vanleg.

Ein kan mala kaffibønnene grovt eller fint etter korleis ein skal laga kaffien. Grovmalte bønner høver til koking saman med vatn, og vert kalla "kokemalt kaffi". Meir finmalte bønner høver til trekking av kaffi gjennom eit filter og vert difor kalla "filtermalt kaffi". Båe typar kan nyttast til å laga kaffi i ei presskanne. Det aller finaste kaffipulveret vert brukt i espressomaskinar, der varmt vatn vert pressa gjennom kaffipulveret under høgt trykk (9-10 bar).

[endre] Koking

Ein kan laga og servera kaffi på mange ulike måtar. Kort fortalt går det ut på å la varmt vatn vera i kontakt med malen kaffi i eit visst tidsrom.

Kaffien kan koka saman med vatnet for så å bli silt vekk, ein kan pressa vatnet raskt gjennom kaffipulveret med hjelp av ei presskanne (handemakt) eller ein espressomaskin (høgt trykk), eller ein kan lata det filtrera gjennom pulveret. Det finst òg frysetørka kaffi (pulverkaffi) som kan løysast opp direkte i det varme vatnet. Måten ein lagar kaffien på har mykje å seia for smaken.

[endre] Kaffimaskinar

Ei vakuumkanne til å laga kaffi.
Forstørr
Ei vakuumkanne til å laga kaffi.

Den første kaffimaskinen vart oppfunnen av Descroisilles, ein fransk apotekar, i 1802. Kaffifilteret kom til i 1908, då tyske Melitta Bentz bora hol i ein behaldar, la ein pappbete i botnen og plasserte han oppå kaffikanna. Italienaren Gaggia laga den første espressomaskinen i 1946.

I Italia blir ein som lager espresso på ein kafé kalla ein barista. Dette omgrepet har spreidd seg til resten av verda, saman med ei verdsetjing av dyktige baristaer som har ført til fleire meisterskap for kunstnarane innan faget.

[endre] Ulike kaffidrikkar

Ein kan ha mange ulike ingrediensar i kaffien, som mjølk, fløyte, sukker, kanel, kardemomme, muskat, chili, sjokolade eller ulike slag alkohol.

[endre] Svart kaffi

Ein liten kopp kaffi.
Forstørr
Ein liten kopp kaffi.
  • «Vanleg kaffi» i mellom anna Noreg blir ofte servert svart. Deretter kan den som drikk han ha i sukker, mjølk eller fløyte, eller la vera.
  • Espresso er ei svært lita mengd kaffi brygga under trykk, noko som gjev ein kraftig smak. Espresso vert rekna som vanleg kaffi i mellom anna Italia, der han kjem frå.
  • Americano er espresso tilsett varmt vatn.
  • Gresk eller tyrkisk kaffi vert koka med finmale pulver i ei lita metallkanne kalla ibrik og servert med sukker og gjerne krydder. Pulveret vert att på botnen av koppen.
  • Kopi tubruk er frå Indonesia og vert laga ved at ein kokar grovmalen kaffi og ein klump sukker.

[endre] Kaffi med mjølk

Ein kopp cappuccino med skum og krydder.
Forstørr
Ein kopp cappuccino med skum og krydder.
  • Café au lait - like delar kaffi og dampa mjølk
  • Caffè latte - éin del espressokaffi, tre delar dampa mjølk
  • Cappuccino - kaffi med skummande mjølk, eventuelt krem
  • Cortado eller caffè macchiato - espressokaffi med litt kondensert eller dampa mjølk i
  • Mocca - espressokaffi med sjokolade og dampa mjølk (oppkalla etter kaffimarknaden Mocha i Jemen)
  • Sør-indisk filterkaffi - sterk kaffi blanda med nykokt mjølk

[endre] Kaffi med alkohol

  • Irsk kaffi - kaffi med whiskey og krem, eller ein kremlikør som Bailey's
  • Karsk - denne trøndske og nordnorske drikken er ei blanding av kaffi og sprit, som regel heimebrent

[endre] Kald kaffi

  • Iskaffi - som regel nylaga kaffi som er blitt kjølt ned, som oftast servert med mjølk
  • Vietnamesisk kaffi - sterk kaffi helt over isbitar og søt kondensert mjølk
  • Mocca - mocca kan òg lagast med kald espresso, sjokolade og iskald mjølk

[endre] Kjemi

[endre] Samansetjing

Kaffi inneheld store mengder vatn (H2O) og koffein. (C8H10N4O2). I tillegg finst det over 800 ulike komponentar.

Det viktigaste fysiologisk aktive stoffet i kaffi er koffeinen. Ein kopp med kaffi kan innehalda alt frå 90 til 150 mg koffein, det kjem an på kaffitypen og tilhøvet mellom kaffipulver og vatn.

[endre] Kaffi og menneskekroppen

Den luksuriøse kaffikoppen framstilt av Charles André van Loo.
Forstørr
Den luksuriøse kaffikoppen framstilt av Charles André van Loo.

Kaffi verkar klart oppkvikkande på kroppen og er i tillegg svært vanedannande. Derfor er det fleire menneske som ikkje klarar seg utan ein kopp kaffi om morgonen. Andre drikk kaffi utover dagen for å halda seg vakne og opplagde.

Kaffi er den viktigaste kjelda til antioksidantar i det norske kosthaldet. Ei undersøking gjort ved Avdeling for ernæringsvitskap ved Universitetet i Oslo, slår fast at kaffi står for over 60 prosent av antioksidantane vi får i oss. Fem koppar om dagen vernar mot mange utbredte sjukdommar.

[endre] Historiske haldningar

1700-tallet gav ein kaffi gitt til munkar og prestar i den katolske kyrkja som eit middel for å minska dei kjødelege driftene deira. Kaffien hadde ord på seg om å motverka erotiske kjensler og gjera menn impotente.

Kaffi vart òg seld på apotek som avføringsmiddel.

[endre] Moderne syn på kaffi og helse

Ein veit fortsatt ikkje alt om korleis kaffi verkar på kroppen, og dette varierer òg frå person til person. Forsking har vist både positive og negative effektar som kaffi kan ha på helsa. Ein har mellom anna vist at eit jamnt inntak av kaffi over lengre tid kan motverka diabetes II, særleg hjå menn. Derimot viste ein dansk studie frå 2003 at gravide kvinner som drakk unormalt mykje kaffi hadde større sjanse for å få dødfødde born.

Dei fleste forskarane som har studert dette er einige om at eit moderat inntak av kaffi ikkje er skadeleg for kroppen. Med moderat inntak meiner ein 500–600 mg koffein per dag, om lag 6–7 koppar.

Dei kjemiske stoffa cafestol og kaweol som finst i kaffi kan likevel føra til høgt kolesterol-nivå i blodet. Desse stoffa vert filtrerte vekk dersom ein lagar kaffi i kaffitraktar eller filtrerer han på anna vis, og kan derfor unngåast.

Fordi kaffi verkar oppkvikkande, kan drikken òg påverka døgnrytmen , til dømes om ein drikk han svært seint om kvelden eller tidleg om morgonen.

[endre] Lenkjer ut


Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com