Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
USA - Wikipedia

USA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

 Nøytraliteten i denne artikkelen er omstridd.
For utfyllande informasjon, sjå diskusjonssida.
United States of America
Det amerikanske flagget
Det amerikanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonale motto:
E Pluribus Unum (latin: Frå mange, ein), 1776 til i dag
In God We Trust (engelsk: Me set vår lit til Gud),sidan 1956
Geografisk plassering av USA
Offisielle språk USA har ikkje noko offiselt språk, i praksis Engelsk
Hovudstad Washington, DC
Styresett
Føderasjon
George W. Bush
Flatevidd
 - Totalt
 - Andel vatn
 
9 631 418 km² (3.)
4,875 %
Folketal
 - Estimert (17.10.2006)
 - Folketeljing (—)
 - Tettleik
 
300 000 000 (3.)

31/km² (143.)
Sjølvstende
Frå Det britiske imperiet
4. juli 1783
BNP
  - Totalt (2005)
  - Per innbyggjar
 
12 332 296 mill. USD (1.)
41 557 USD (3.)
Valuta Amerikanske dollar (USD)
Tidssone UTC -5 til -10
Nasjonalsong The Star-Spangled Banner
Nasjonaldag 4. juli
Internasjonal telefonkode +1
Nasjonale toppdomene .gov .edu .mil .us .um

USA er den offisielle forkortinga for United States of America, dei amerikanske Sambandsstatane. Som adjektiv blir gjerne forkortinga US bruka, til dømes i namnet US Army, Den amerikanske hæren. Landet er det tredje mest folkerike i verda og blir rekna som den einaste gjenverande supermakta i dag.

Innhaldsliste

[endre] Historie

[endre] Frå starten til sjølvstendekrigen

USA oppstod som stat da 13 små britiske koloniar på den nordamerikanske austkysten sør for Canada gjorde opprør mot det britiske styret, erklærte seg sjølvstendige og oppretta ein føderal stat med 13 delstatar. Sjølvstendeerklæringa blei vedteken den 4. juli 1776, og er berømt for innleiinga "alle menneske er fødde likeverdige", som leia vidare til grunngjevinga for opprøret: At det engelske monarkiet var blitt despotisk, og hadde mist retten til å styra over dei amerikanske koloniane. Likeverdsprinsippet og retten til ein stat som tok velferda til folket sitt på alvor vart viktige US-amerikanske prinsipp som inspirerte resten av verda. Av ettertida er ikkje desse prinsippa sett på som like strålande, ettersom USA i åra som følgde haldt fram med å forfølgja indianarar, halde slavar og nekte kvinner stemmerett.

Opprørserklæringa blei følgd av ein sju år lang væpna konflikt mellom den revolusjonære amerikanske hæren og britiske styrkar. Dette var Sjølvstendekrigen, eller Den amerikanske revolusjonen. Begge nemningane blir bruka.

I 1783 godkjende Storbritannia den nye staten. Flagget til USA fekk 13 striper og 13 stjerner, etter talet på delstatar (no: 50 statar, 50 stjerner). Fargane var raudt, kvitt og blått som i det britiske flagget. Dei fleste av dei 3-4 millionar kvite innbyggjarane i landet kom jo frå Storbritannia.

[endre] Fritt land

I løpet av 1800-talet ekspanderte USA veldig, både i areal og folketal. Indianarane blei drepne eller fortrengde, store område blei tekne frå Mexico, og millionar av innvandrarar i hovudsak frå Europa folkesette landet og fylte dei nye storbyane i nord, der industrien voks fram. Den største territorielle ekspansjonen kom likevel gjennom the Louisiana Purchase, der USA kjøpte dei franske koloniane i Nord-Amerika for 60 millionar franc. Dette området var på 2,14 millionar kvadratkilometer og kjøpet skjedde i 1803. The Louisiana Purchase tilsvarer 22,3 prosent av dagens USA.

Litografi av eit slag på Mississippi i 1862.
Forstørr
Litografi av eit slag på Mississippi i 1862.

Motsetninga mellom det industrialiserande nord og det plantasjebaserte jordbruket i sør auka stadig. Det gjaldt særleg tollspørsmålet. Nord ville ha vernetoll mot britisk industri, eksportjordbruket i sør ville ha frihandel og billige britiske industrivarer. I 1861 braut 11 sørstatar ut og danna Confederative States of America, Dei amerikanske konfødererte statane, eller rett og slett Konføderasjonen. Dette hadde dei rett til etter Grunnlova, som sa at det var ein friviljug union, sa dei. Men den føderale regjeringa under Abraham Lincoln godtok det ikkje, og den amerikanske borgarkrigen braut ut. Krigen varte i fire år. Den amerikanske borgarkrigen gjaldt mange ting. I botn låg dei økonomiske motsetnadane mellom nord og sør. Denne motsetnaden vart forsterka av at økonomien i dei sørlege statane var basert på slaveri medan motstanden mot dette var sterk i nordstatane.

[endre] Frå borgarkrigen til andre verdskrigen

Borgarkrigen var USA si største krise nokon gong, og den mest blodige krigen dei har vore med i, med minst 600.000 døde. Etter at sørstatane var blitt haldne tilbake i unionen med vald, heldt USA sin ekspansjon fram vestover og frå vestkysten og innover, til dei siste frie indianarane var drepne eller plasserte i småe "reservat".

Rundt hundreårsskiftet ekspanderte USA vidare, ved å skaffe seg kontroll over tidlegare spanske koloniar som Cuba og Filippinane. Heile Latin-Amerika blei sett på som USA sitt "interesseområde", og USA har sidan gjort ei mengd militære intervensjonar og andre meir indirekte innblandingar i Latin-Amerika. Masseinnvandringa til landet heldt fram til første verdskrigen tok til, men etter den blei det innført strenge kvotar for å hindre vidare innvandring av uønskte folkegrupper som jødar og italienarar. Heile tida sidan starten var den økonomisk, kulturelt og politisk dominerande gruppa i USA dei såkalla WASPane, White Anglo-Saxon Protestants, altså protestantar med britisk opphav. Alle US-amerikanske presidentar til dato har vore menn med slikt opphav, unnateke John F. Kennedy, som var av irsk-katolsk opphav.

Første verdskrigen førte til auka makt for USA. Landet var berre med siste året, og kom ut av krigen som kreditor-nasjon. Alle skulda dei pengar, både dei allierte og etter krigen også dei slegne. Verda sitt finansielle sentrum skifta frå London sitt indre "City" til New York sitt "Wall Street" og børsen der. Dette skulle få særs dramatiske følgjer da krakket kom i 1929. Dei amerikanske kredittane som hadde halde tysk økonomi flytande i 20-åra, blei trekte tilbake. Og mesta heile den tyske middelklassen gjekk til nazistane, frå og med valet i 1930.

USA sjølv var og hardt ramma av den kapitalistiske krisa. I tillegg til den økonomiske krisa og arbeidsløysa kom ei økologisk krisa: Mange bønder blei ramma av "The Dust Bowl", da matjorda bles vekk etter altfor hard utnytting. Landet hadde ingen sosiale ordningar for dei som fall utanom, berre privat velgjerd. Styresmaktene skulle etter marknadsliberalismen sine prinsipp ikkje blande seg inn i økonomien, og alt stod i sju steinar. Men etter at demokraten Franklin Delano Roosevelt vann presidentvalet i 1932, og blei president i 1933, førte han ein aktiv statleg politikk mot krisa, ei amerikansk utgåve av keynesianisme kalla "New Deal". New Deal bidrog til å få landet på fote att etter denne største økonomiske krisa i landet si historie.

Den 7. desember 1941 blei den amerikanske flåtebasen på Hawaii angripen av japanske bombefly, og USA kom med i den andre verdskrigen.

[endre] Frå andre verdskrigen til no

Den amerikanske ambassaden i Oslo, Noreg. Grunna terrofrykt har det i seinare år vore gjort omfattande sikringsarbeid.
Forstørr
Den amerikanske ambassaden i Oslo, Noreg. Grunna terrofrykt har det i seinare år vore gjort omfattande sikringsarbeid.

USA bar hovudbøra i andre verdskrigen sin asiatiske del, i kampen mot den japanske imperialismen. I Europa var krigen mot Hitler-Tyskland langt på veg avgjord av Sovjetunionen da amerikanske, britiske og andre allierte styrkar landa i Normandie sommaren 1944. Men USA si økonomiske og militære makt medverka til at det sovjetiske maktområdet ikkje breidde seg enda lenger vestover i Europa etter krigen.

Men samtidig som USA i hovudsak støtta demokratiet i Vest-Europa, heldt dei fram med å støtte undertrykkjande og korrupte regime i andre verdsdelar, og mange amerikanske delstatar hadde eit valdeleg og diskriminerande åtskiljingssystem (segregation, apartheid) som i praksis frårøva afroamerikanarane grunnleggjande menneskerettar. Under den kalde krigen blei òg den politiske fridommen i landet innskrenka, gjennom ein hysterisk kampanje mot alt venstreorientert, som blei kalla "kommunistisk". Særleg 1950-åra var prega av slik "mccarthyisme", etter senator Joseph McCarthy som leidde denne heksejakta. Etter at George W. Bush blei president har det skjedd ei innskrenking i den politiske fridommen og pressefridommen i USA, grunngjeve med frykt for terroråtak. Dette har vore særleg framtredande etter terroråtaket på World Trade Center i 2001, mellom anna ved innføringa av The Patriot Act.

Afroamerikanarane måtte føre ein langvarig og hard kamp for å få slutt på den opne diskrimineringa i landet. Ein av dei fremste leiarane deira var Martin Luther King jr. Ikkje før midt på 1960-talet hadde nye føderale lover sørgd for at diskriminering og formell åtskiljing blei ulovleg. Men fattigdomsproblemet er framleis stort blant afroamerikanarane, relativt mykje større enn for den kvite befolkninga, og fleire tilfelle av rasistisk politivald er blitt avslørt dei seinare åra.

Etter den kalde krigen er USA den einaste militære supermakta i verda, og synest under president George W. Bush vere viljug til å bruke denne i strid med Folkeretten. Men økonomisk er bildet meir tvitydig, for landet har konstant store underskot på handelsbalansen og statsbudsjettet, og dei sosiale skilnadene mellom fattige og rike blir stadig større. Store grupper lønnstakarar har hatt reallønnsnedgang dei siste åra, og ein ny kategori fattige i USA har fått namnet "working poor".

[endre] Geografi

[endre] Delstatar

USA består av 50 delstatar:

Forbundsdistrikt & hovudstad: Washington, DC

Commons har multimedia som gjeld: USA
På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com