Danmark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ikkje noko Dronninga sitt valspråk: «Guds hjælp, folkets kærlighed, Danmarks styrke». |
|||||
Offisielle språk | Riksdansk | ||||
Hovudstad | København | ||||
Styresett |
Konstitusjonelt monarki Dronning Margrethe II av Danmark Anders Fogh Rasmussen |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
43 094 km² (134.) 1,6 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
5 432 335 (108.) — 126/km² (62.) |
||||
Sjølvstende |
i forhistorisk tid. | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
187,721 mrd. USD (44.) 34 718 USD (6.) |
||||
Valuta | Danske kroner | ||||
Tidssone | UTC +1 | ||||
Nasjonalsong | Der er et yndigt land | ||||
Nasjonaldag | 5. juni | ||||
Internasjonal telefonkode | +45 | ||||
Nasjonale toppdomene | .da | ||||
Kongeriket Danmark er eit land i Nord-Europa og to sjølvstyrte område, øygruppa Færøyane, i Nord-Atlanterhavet; og øya Grønland, i Nord-Amerika.
Geografisk utgjer Danmark halvøya Jylland og 443 namngjevne øyar. 76 av øyane er busette. Landet ligg i Skandinavia og Norden med havet som nabo, Austersjøen og Nordsjøen, med Tyskland som den sørlege grensa for Jylland. Dei to største øyene er Sjælland og Fyn. Hovudstaden København ligg på Sjælland. Sambandet til Sverige med Øresundssambandet går via Amager.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Ein kjenner ikkje opphavet til Danmark, då folkesetnaden og landet kom til før historisk tid. Landet kan ha vore ein union av svenske stammer.
- I vikingtida var Danmark i nokre tider ei stormakt, når landet ikkje var oppløyst av borgarkrig.
- I mellomalderen var Danmark i periodar ei stormakt, når landet ikkje var totalt oppløyst av borgarkrig.
- I 1397 vart dei tre skandinaviske rika sameint i Kalmarunionen under ein sams konge (Finland tilhøyrde Sverige, medan Island, Grønland og Færøyane var norske koloniar).
- I renessansen gjekk det attende med Danmark, og Sverige gjekk ut av personalunionen.
- Unionen vart oppløyst då Sverige (og Finland) gjekk ut i 1523.
- I Karl Gustav-krigen erobra Sverige ved Freden i Roskilde i 1658 dei danske områda Skåne, Halland og Blekinge.
- Etter Napoleonskrigane vart unionen med Noreg oppløyst. Noreg gjekk inn i ein ny union med Sverige.
- I 1864 mista Danmark hertugdømene Slesvig og Holsten til Tyskland.
- Fyrst kring 1870 starta industrialiseringa.
- I 1920 kom den nordlege delen av Slesvig (noverande Sønderjylland) attende til Danmark etter ei folkerøysting.
- Den 9. april 1940 vart Danmark invadert av Tyskland og var hérsett under den andre verdskrigen.
- I 1943 erklærte Island seg som sjølvstendig.
- Etter den andre verdskrigen vart Danmark medlem av SN, NATO og den europeiske union.
[endre] Politikk
Den danske monark er for tida Dronning Margrethe II. Sjå og danske monarkar for ei opplisting av danske regentar og monarkar gjennom tidene. Danmark vert styrd av den utøvande makta, regjeringa. Leiar for regjeringa er statsministeren. For tida er Anders Fogh Rasmussen statsminister. Den lovgjevande makta er Folketinget . Styreforma er parlamentarisme.
Det bur om lag 5,5 millionar menneske i Danmark, nesten ein fjerdedel av dei bur i hovudstaden København
I Danmark vert dansk språk tala - dansk tilhøyrer den germanske språkgruppa. Dansk har mange dialektar, som tydeleg fortel kva del av landet personen kjem frå.
Riksdansk er det offisielt anerkjende danske språket som vert nytta i fjernsyn, radio og i undervisning.
Vidare vert det tala færøysk, grønlandsk (Inuit-dialekt), tyrkisk og tysk. Engelsk og tysk er dei viktigaste framandspråka.
Danmark er administrativt delt opp i 13 amt og 270 kommunar. Tre av kommunane fungerer som amt.
I tillegg er Færøyane og Grønland ein del av kongeriget Danmark. Desse er begge sjølvstyrte einingar.
[endre] Dei største byområda i Danmark etter innbyggjartal i 2003
- Københavnsområdet - 1.085.813
- Århus - 222.559
- Odense - 145.374
- Aalborg - 121.100
- Esbjerg - 72.613
- Randers - 55.897
- Kolding - 54.526
- Vejle - 49.782
- Horsens - 49.457
- Roskilde - 43.753
- Greve Strand - 41.509
- Næstved - 40.147
- Silkeborg - 38.111
- Fredericia - 36.819
- Hørsholm - 36.001
- Helsingør - 34.906
- Køge - 33.487
- Viborg - 33.203
- Holstebro - 31.805
- Slagelse - 31.674
- Taastrup - 30.982
- Herning - 29.871
- Hillerød - 28.143
- Svendborg - 27.512
- Sønderborg - 26.865
- Hjørring - 24.724
- Frederikshavn - 24.309
- Holbæk - 24.081
- Haderslev - 20.982
- Skive - 20.723
- Ishøj Strand - 19.424
Kjelde: Danmarks Statistik.
[endre] Geografi
[endre] Høgdeskilnader
Lågaste punkt i Danmark er Lammefjord med -7,5 m. Høgaste punkt er Møllehøj på Jylland med 170,86 moh. Andre høgdedrag er Yding Skovhøj med 170,77 moh og Ejer Bavnehøj med 170,35 moh.
[endre] Klima
Klimatisk kan ein nesten sjå på Danmark som ei øy med vatn på alle kantar. Ein kan rekne med litt nedbør med nokre dagars mellomrom, men sjeldan er det snakk om dei store mengdene. Lågtrykk går inn i Nordsjøen og gjev innimellom kraftig vind på vestkysten av Jylland om hausten og vinteren, og innimellom kan iskald luft frå Arktis eller Sibir gje minusgrader i heile landet sjølv på dagtid. Danmark har ikkje dei store landmassane rundt seg som nabolanda i sør har, og får derfor sjeldan like høge temperaturar på sommarstid som desse landa. Så sjølv klåre og fine sommardagar byr på fine temperaturar utan at det vert ubehageleg varmt. Dei kraftigaste regnbygene kan ein vente seg seint på sommaren og tidleg på hausten, og torevêr er ikkje heilt uvanleg på denne tida. Frå slutten av oktober byrjar det å bli skya og mørkt.
[endre] Kultur
Det mest kjende dansken er truleg forfattaren H. C. Andersen. Han er mest kjend for sine eventyr. Av eventyr kan nemnast "Keisaren sine nye klede" og "Den grimme ælling".
Andre kjende danskar er filosofen Søren Kierkegaard og fysikaren Niels Bohr.
[endre] Internasjonal pressefridom
- Pressefridomsindeks: Rangert 10 av 139 land.
[endre] Sjå òg
- Danske monarkar
- Fynske Øyhav
- Færøyane
- Grønland
- Island
- Jylland
- Kattegat
- Lillebelt
- Lundeborgbeltet
- Storebelt
- Vadehavet
[endre] På verdsveven
- Danske styresmakter
- A Birds Eye View Of Denmark Webcams
- CIA World Factbook
- Kort & Matrikelstyrelsen om Danmark i tal
- Danske linkguider
Den europeiske unionen (EU) og EØS-området: Austerrike | Belgia | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn |
Berre EØS: Island | Liechtenstein | Noreg |
Den nordatlantiske traktat-organisasjonen (NATO) | |
---|---|
Belgia | Bulgaria | Canada | Danmark | Estland | Frankrike | Hellas | Island | Italia | Latvia | Litauen | Luxembourg | Nederland | Noreg | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Storbritannia | Tsjekkia | Tyrkia | Tyskland | Ungarn | USA |
Schengenlanda |
---|
Belgia | Danmark | Finland | Frankrike | Hellas | Island | Italia | Luxembourg | Nederland | Noreg | Portugal | Spania | Sverige | Tyskland | Austerrike |