Karsk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karsk (òg kjend som kaffikarsk eller kaffidoktor) vert laga av sprit (vanlegvis heimebrent) og kaffi. Det er ein tradisjonell norsk drykk som har størst utbreiing i trøndelagsfylka og nordover. Karsk er mest populært i bygder og tettstader, men vert òg drukken av byfolk.
Blandingsforholdet varierer etter styrken på spriten ein har til rådvelde. Bruker ein vanleg «96 %» heimebrent er ein som regel rausare med kaffien enn med sterkfludiumet. Med vanleg «kjøpsprit» - på 60 % - hender det at ein blandar halvt om halvt. Ei tradisjonell «oppskrift» er å leggje ein kopparmynt i botnen av koppen og så hella på kaffi til den vert borte. Deretter skal ein fylla på sprit til mynten kjem til syne att. Men gjentekne feltforsøk har vist at dette ikkje fungerer; mynten kjem ikkje til syne att, noko ein meiner kjem av at kaffi/grums-mengda mellom mynten og overflata ikkje endrar seg. Så framleis vert det blanda på måfå.
Kaffien som vert nytta til karsk er som oftast svakare enn vanleg kaffi, og på bygdefestar i Trøndelag har det vore vanleg å servere halve koppar med «tynnkaffi». I varianten kaffidoktor tilsett ein òg sukker.
I trøndelagsfylka er det ei vanleg oppfatning at karsk har noko andre eigenskapar enn kjøpbrennevin. Det vert til dømes sagt at det er dobbelt så mykje tullprat i ein kopp karsk som i tilsvarande volum polvare. Karsk har òg ført med seg nokre sosiale tabu. Det vert til dømes rekna som uhøvisk å by lensmannen på karsk.