London
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For andre stader med namnet «London», sjå London (fleirtyding).
London er hovudstaden og den største byen i Storbritannia, og ligg søraust i England. I nestan to årtusen har London vore eit av dei viktigaste sentera for politikk og økonomi i verda. Byen har kring 8 millionar innbyggjarar, medrekna forstader over 12 millionar.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
London blei grunnlagd som Londinium av romarane, på den nordlege bredden av Themsen. Norske og danske vikingar herja byen frå 800-talet og utover. På 1100-talet blei Westminster sete for regjeringa og seinare for parlamentet.
[endre] Dramatiske hendingar
I 1605 gjekk ei gruppe katolikkar saman for å prøve å styrta det undertrykkande protestantiske styret ved å sprenga parlamentet i lufta. Det gjekk ikkje, kruttsamansverginga enda med at Guy Fawkes vart arrestert og henretta.
I 1665 blei byen ramma av pest og 70.000 menneske døde.
I 1666 ramma ein stor bybrann London, og mange trudde endetida var nær. Bare ein femdel av byen sto igjen etter at over 13.000 hus og 84 kyrkjer brann ned.
[endre] Vekst
På slutten av 1800-tallet var London verdas største by. Hovudstaden var òg hovudbyen innan handel, industri, finans og skipsfart.
[endre] Bygningar
Tower of London er den best bevarte mellomalderfestningen i England. The White Tower har gjennom tidene vore kongebolig, fengsel, våpenlager og oppbevaringsplass for kronjuvelane.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |