Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Den katolske kyrkja - Wikipedia

Den katolske kyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kristendommen
Kristen kross.
Retningar

Anglikansk | ortodoks | katolsk | luthersk | presbyteriansk |

Den katolske kyrkja (av gresk; katholikos, som tyder ålmenn eller universell) er eit samleomgrep på dei kristne kyrkjene som har paven i Roma som overhovud.

I den katolske kyrkja finn ein 22 særkyrkjer, der den romersk-katolske kyrkja ("vestkyrkja" eller "den latinske kyrkja") er den klårt største, med heile 1.060.000.000 medlemmer (pr. 2003). Dei andre 21 særkyrkjene er orientalske katolske kyrkjer (eller "katolske kyrkjer av orientalske ritar"). Når me snakker om den katolske kyrkja, meiner me ofte den romersk-katolske. Andre kyrkjer som kallar seg katolske er den anglikanske kyrkja og visse protestantiske retningar.

Innhaldsliste

[endre] Historisk bakgrunn

Petersplassen i Vatikanet minner om at den katolske kyrkja er bygt opp rundt apostelen Peter.
Forstørr
Petersplassen i Vatikanet minner om at den katolske kyrkja er bygt opp rundt apostelen Peter.

Den kristne kyrkja vart tidleg organisert under fem patriarkar med sete i Jerusalem, Antiokia, Alexandria, Konstantinopel og Roma. Patriarken i Roma, paven, fekk tidleg ei særstilling, då bispesetet has vert rekna som ei direkte arv frå apostelen Peter. Etter at det vest-romerske-riket fall på 400-talet vart Konstantinopel gradvis viktigare reint politisk og økonomisk, medan doktrinære skilnadar mellom den austlege og vestlege kyrkja gradvis utvikla seg.

I 1054 oppstod det store skismaet mellom patriarkane i Konstantinopel og Roma, og kyrkja vart splitta i det som i dag er kjent som den katolske kyrkja og den ortodokse kyrkja. På slutten av det 15.århundet kom det til dage strid omkring dogmar, tradisjonar og fromskap. Det leia til at fleire kyrkjesamfunn vart splitta og nye vart stifta, noko som i sær hende i Nord-Europa og England (Døme: den lutherske kyrkja)

[endre] I Noreg

Norske stavkyrkjer, som denne i Lom, var alle bygde som katolske kyrkjer.
Forstørr
Norske stavkyrkjer, som denne i Lom, var alle bygde som katolske kyrkjer.

Kyrkja vart tufta i Noreg i det 10. århundret, og var frå første stund underlagt paven i Roma. Dei første kristne i Noreg var truleg innvandrarar frå dei britiske øyene. Med kong Olav den heilage festa kristendomen grepet som religion i Noreg, og i tida etter at han døydde i 1030 vart kristendomen den klårt dominerande - og etter kvart einaste - trua. I 1153 vart Nidaros erklært erkebispesete, og Noreg vart, i definisjonen, ein eigen kyrkjeleg provins.

Den katolske kyrkja var den einaste kyrkja i Noreg fram til Reformasjonen i 1537 då ho vart forboden. I dansketida var det i mindre periodar tillete for for katolikkar å opphalde seg i landet, men dei hadde ikkje lov til å utøve religionen sin. I 1843 vart det gjeve dispensasjon til å tufte ein ny katolsk kyrkjelyd i Oslo. I dag (pr. 2005) er det omlag 46 000 katolikkar i Noreg, eller vel 1% av folkesetnaden i landet. Fleirtalet av desse, omkring 27 000, har innvandrarbakgrunn. Fleirtalet tilhøyrer dei orientalske ritane, i sær etiopiarar, men det er likevel ikkje etablert eigne kyrkjelydar for orientalske ritar i Noreg.

Det er tre katolske bispedøme i Noreg; Oslo, Trondheim og Tromsø. Desse har til saman 32 kyrkjelydar.

[endre] Oppbygging

Den katolske kyrkja er bygd opp hierarkisk, med paven som øvste leiar. Under han sit sit ein administrasjon av kardinalar, og under dei igjen biskopane med kvar sine geografiske ansvarsområder som vert kalla bispedømer. Den uttrykte hovudoppgåva til biskopen er å forkynne og overvake den kyrkjelege disiplinen i sitt område. Saman med paven har biskopane del i kyrkja sitt læreembete (magisterium). Under biskopen og heilt nedst i hierarkiet kjem kyrkjelydane, der soknepresten har det høgste embetet. Etter det andre vatikankonsilet (mellom 1962 og 1965) har lekmenn òg til dels fått ei større rolle i den katolske kyrkja.

[endre] Lære

Den katolske kyrkja vedkjenner seg den kristne trua slik den er nedfelt i den nikenske trusvedkjenninga. Sams med andre kristne kyrkjer reknar ho Bibelen som den viktigaste kjelda til å få kjennskap til Gud. I tilleg til det legg katolsk lære stor vekt på tradisjon og tradisjonsbundne tolkingar av av Bibelen, skrifter og anna som har vore ein del av kristen skikk sidan oldkyrkjeleg tid.

Dei sju sakramenta, der dåp og nattverd er dei viktigaste, står sentralt i den katolske læra. Dei fem andre sakramenta er konfirmasjon (ofte kalla "ferming" i katolsk tradisjon), skriftemål, vigsmål, ordinasjon og salving av sjuke. Katolsk lære skil seg frå protestantisk (som er den rådande læra i Den norske kyrkja) både i tal på sakrament og i innhaldet i dei sakramenta det gjeld.

For utanforståande er gjerne det mest synlege trekket i den katolske kyrkja det sterke forholdet dei truande har til helgenar, og då særs Jomfu Maria (mor til Jesus). I katolsk lære går dei heilage (personar som etter døden kjem direkte inn i Himmelen) i forbønn for dei levande. Difor vert helgenane heidra gjennom festdagar, ikon og relikviar. Under Reformasjonen var ei av hovudanklagane mot den katolske kyrkja at dei framstilte helgenane som avgudar (noko som går i mot dei ti bud), men i katolsk lære vert den æra dei viser helgenane ei heilt anna enn den dei viser Gud åleine.

[endre] Eksterne lenkjer

På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com