Wikipedia:Vekas artikkel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snarveg: WP:VA WP:UA |
---|
Vekas artikkel er ein bolk på hovudsida som vert oppdatert ein gong i veka med dei første avsnitta frå ein utvald artikkel i lag med eit bilete.
Levande lys er små flammar på ei veike som vert brukte for å gje eit dempa lys. Før elektrisiteten kom inn i dei fleste heimane var levande lys den einaste måten å sjå på etter at det var blitt mørkt. I dag bruker ein lysa mest for å skapa ei stemning, utføra ei symbolsk handling, eller som del i ei religiøs høgtid. Det levande lyset får me ved at veiken trekk til seg flytande feitt, som gjev nok energi til å halda vedlike ein rolig flamme. Dersom feittet er av dårleg kvalitet, vil flammen flakka og spruta. Les meir… |
[endre] Val av vekas artikkel på nynorsk Wikipedia
Alle artiklar som har ei viss lengd og ein illustrasjon kan bli vekas artikkel. Nominering av nye kandidatar og diskusjon kan leggjast til på Wikipedia:Vekas artikkel/Kandidatar.
Dersom du ønskjer å føreslå ein særskild artikkel for ei særskild veke, kan du gjera det på diskusjonssida der den framtidige vekesartikkelen kjem til å liggja, til dømes på Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 51, 2006. Sjå årsarkivet for artiklar og diskusjonar, der du óg finn peikarar du kan legga inn forslag eller artikkelsnuttar på.
[endre] Utvalde artiklar på dei andre skandinaviske wikipediene
Nynorsk Wikipedia har óg artiklar frå dei andre skandinaviske wikipediaene på framsida. På meta:Skanwiki/Utvalgte artikler på meta-wiki kan ein finna desse artiklane og lett kopiera dei hit.