Gjetar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein gjetar, hyrding eller hjuring er ein person som driv med gjeting; passar på at husdyr ikkje går seg vekk eller skader seg og vernar dei mot rovdyr. I tillegg kan gjetaren ha i oppgåve å mjølka, klippa og slakta dyra.
[endre] Gjetarar i kulturen
Innan kristendommen er gjetaren eit mykje brukt symbol. Jesus likna Gud med ein god gjetar for sjelane, og kyrkja tok seinare i bruk dette biletet, mellom anna ved at biskopar brukte ein gjetarstav. I Juleevangeliet blir gjetarar nemnde som nokre av dei første som fekk sjå jesusbarnet.
Den hinduistiske guden Krisjna vaks opp som ein kugjetar, og er ofte avbilds spelande på fløyte for kyrne.
Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over landbruksspirer. |