Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Wolfgang Amadeus Mozart - Wikipedia

Wolfgang Amadeus Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791). Portrett måla av Johann Georg Edlinger, truleg i München kring 1790. Dette biletet er rekna som eit av dei mest realistiske portretta av Mozart.
Forstørr
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791). Portrett måla av Johann Georg Edlinger, truleg i München kring 1790. Dette biletet er rekna som eit av dei mest realistiske portretta av Mozart.

Wolfgang Amadeus Mozart (27. januar 17565. desember 1791) var ein austerriksk musikar og komponist. Mozart er kjend som vidunderbarn og komponist av mange ulike musikkstykke innan klassisistisk stil. Han skreiv nokre av høgdepunkta innan opera, symfoniar, instrumentkonsertar og kor-, piano- og kammermusikk.

Innhaldsliste

[endre] Liv

[endre] Barndom

Mozart som seksåring i klede han var blitt gjeven ved hoffet i Wien.
Forstørr
Mozart som seksåring i klede han var blitt gjeven ved hoffet i Wien.

Mozart var fødd i Salzburg, i det sjølvstendige erkebiskopdømet Salzburg, og blei døypt Johannes Chrysostomus Wolfgangus Teophilus (Gottlieb) Mozart dagen etter at han blei fødd. Foreldra var Anna Maria Pertl Mozart og Leopold Mozart, ein leiande europeisk musikkpedagog. Han tok til å undervisa sonen i klaver- og seinare fiolinspel frå han viste musikalsk talent som treåring.

Både Mozart og den eldre systera Maria Anna blei dyktige musikarar, og reiste på konsertturnéar til fleire av hoffa i Europa. Gjennom dette blei Mozart kjend med stordommar som Johann Christian Bach, som skulle bli ein viktig påverknad. Familien blei òg utsett for fleire epidemiar som herja Europa på denne tida, og mora kom til å døy av feber i Paris i 1778.

Den unge Wolfgang Amadeus var ein uvanleg dyktig musikar. Allereie som sjuåring hadde han kunna spela kva stykke som helst frå bladet, transponera utan vidare, improvisera arier over ein gjeven basstemme og komponera på staden. Forteljinga om korleis Mozart skreiv ned det hemmelege, nistemmige stykket Miserere av Gregorio Allegri er blitt noko nær ei legende som skildrar kor gåverik han var. Dette stykket var bare tillete å framføra i det sixtinske kapellet, og dei hemmelege notene fantest bare der. Den trettenårige Mozart skreiv ned notene etter å ha høyrd det framført éin gong, og kom tilbake neste dag for å retta nokre småfeil.

[endre] Karriere som vaksen

Statue av Mozart i Burggarten i Wien.
Forstørr
Statue av Mozart i Burggarten i Wien.

Då han blei eldre var Mozart i ulike periodar tilsett ved hoffkapellet i Salzburg, men busette seg til slutt i Wien som fri kunstnar etter at den strenge arbeidsgjevaren hans, prins-erkebiskopen av Salzburg, hadde kasta han ut der. Han blei ein populær komponist blant adelen i byen, og spelte ofte piano på sine eigne konsertar ved hoff og i salongar der. Trass i god tilgang på arbeidsoppdrag og elevar hadde Mozart stadig økonomiske problem, både fordi han ikkje alltid fekk betalt for arbeidet sitt og fordi han ofte sløste vekk dei pengane han hadde. Sjukdommar og depresjonar gjorde óg livet vanskeleg for komponisten.

I 1782 gifta han seg med Constanze Weber, eit søskenbarn av komponisten Carl Maria von Weber. Dei fekk seks ungar, men bare to av dei levde opp. På denne tida blei han òg ven med Joseph Haydn og blei vald inn i same frimurarlosjee som han. Religiøs symbolikk og samfunnskritikk med opphav her kan finnast igjen i operaene Tryllefløyten og Figaros bryllup.

Etter å ha gjort stor suksess i Praha blei Mozart tilboden stillinga som keisarleg kammerkomponist då han kom tilbake til Wien i 1787. Tre år seinare blei han kapellmeister ved Stefansdomen i Wien. I 1791 komponerte han Tryllefløyten, eitt av dei største verka han som òg gjorde stor suksess i samtida. Då han skreiv denne operaen hadde han bare to månader igjen å leva. Mozart døydde såvidt 36 år gammal, av ein ukjend sjukdom, medan han arbeidde på det siste, ufullendte verket sitt, Requiem.

[endre] Verk

Høyr
Frå Vesperae de dominica

5. laudate dominum (info)

Framført av Margaret O'Keefe

og MIT konsertkor med William Cutter

Mozart er ein sentral representant for klassisismen innan musikken, saman med komponistar som Haydn og Beethoven. Ein finn alle dei viktige elementa i stilen igjen i musikken hans: Balanse, klarheit og ukompliserte harmoniar. Utviklinga hans liknar utviklinga til musikkstilen, frå eit enkelt tonespråk brukt av mellom anna Sammartini og Stamitz, til ein mogen stil der kontrapunktteknikkar frå barokken var fletta inn.

Frå han var liten hadde Mozart talent for å etterlikna musikken han høyrde, og dei mange turnéreisene hans gjorde at han fekk høyra mange ulike stilar som han samla i eit særeige komposisjonsspråk. Som barn i London møtte han Johann Sebastian Bach og hans musikk, i Paris, Wien og Mannheim møtte han musikarar og komponistar derfrå. Påverknaden frå italienske overtyrer og humoristisk opera buffa er tydelege i musikken hans.

Mozart komponerte innan nær alle dei store sjangrane, som symfoniar, opera, kammermusikk og soloinstrumentkonsertar, der han særleg utvikla pianokonsertar og gjorde dei populære blant folk. Han skreiv religiøs musikk, som messer, og lett underhaldning, som dansar og serenadar. På same måte som Franz Schubert er Mozart kjend for å ha skapt enkle melodiar som sit lett i minnet.

[endre] Verkliste

Den austerrikske musikkforskaren Ludwig von Köchel laga ei kronologisk-tematisk liste over alle verka til Mozart som var kjende. Det er gjort endringar seinare, men komposisjonane 1-626 blir som regel gjevne med K- eller Köchel-nummer.

[endre] Solo- og kammermusikk

  • Pianosonate i A-dur, K. 331, med den berømte Rondo alla Turca som siste sats
  • Pianosonate i C-dur, K. 545
  • Eine kleine Nachtmusik (for strykekvartett og bass K. 525)
  • Serenade for tretten blåseinstrument (Serenade nr. 10 for blåsarar in B-dur, K. 361)

[endre] Orkestermusikk

[endre] Symfoniar

  • Symfoni nr. 25 i g-moll, K. 183 (173d B)
  • Symfoni nr. 29, i A-dur, K. 201
  • Symfoni nr. 31, Paris, i D-dur, K. 297
  • Symfoni nr. 35, Haffner, i D-dur, K. 385
  • Symfoni nr. 36, Linz, i C-dur, K. 425
  • Symfoni nr. 38, Prag, i D-dur, K. 504
  • Symfoni nr. 39 i Ess-dur, K. 543
  • Symfoni nr. 40 i g-moll, K. 550
  • Symfoni nr. 41, Jupiter, i C-dur, K. 551


[endre] Solokonsertar

  • Konsert for klarinett og orkester i A-dur (K.622)
  • Pianokonsert nr. 17 i g-moll, K. 453
  • Pianokonsert nr. 19 i F-dur, K. 459
  • Pianokonsert nr. 20 i d-moll, K. 466
  • Pianokonsert nr. 21 i C-dur, K. 467
  • Pianokonsert nr. 23 i A-dur, K. 488
  • Pianokonsert nr. 24 i c-moll, K. 491
  • Pianokonsert nr. 25 i C-dur, K. 503
  • Pianokonsert nr. 27 i B-dur, K. 595

[endre] Vokalmusikk

[endre] Operaer

  • Die Schuldigkeit des ersten Gebotes, K. 35 (1767)
  • Apollo et Hyacinthus, K. 38 (1767)
  • Bastien et Bastienne, K. 50 (1768)
  • La finta semplice, K. 51 (1768)
  • Mitridate, K. 87 (1770)
  • Ruggiero (1771)
  • Ascanio in Alba, K. 111 (1771)
  • Betulia Liberata, K. 118 (1771)
  • Il sogno di Scipione, K. 126 (1772)
  • Lucio Silla, K. 135 (1772)
  • Thamos, König in Ägypten (1773, 1775)
  • La finta giardiniera, K. 196 (1774)
  • Il rè pastore, K. 208 (1775)
  • Zaide, K. 344 (1779)
  • Idomeneo, K. 366 (1780)
  • Die Entführung aus dem Serail, K. 384 (1782)
  • L'oca del Cairo, K. 422
  • Lo sposo deluso, K. 430
  • Der Schauspieldirektor, K. 486
  • Le nozze di Figaro (Figaros brudlaup), K. 492 (1786)
  • Don Giovanni (Don Juan), K. 527 (1787)
  • Così fan tutte, K. 588 (1789)
  • Die Zauberflöte (Tryllefløyta), K. 620 (1791)
  • La clemenza di Tito, K. 621 (1791)

[endre] Messer

  • Exsultate, jubilate, K. 165
  • Krönungsmesse i C-dur, K. 317
  • "Groß" messe i c-moll, K. 427
  • Ave verum corpus, K. 618
  • Requiem i d-moll, K. 626

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Wolfgang Amadeus Mozart

[endre] Kjelder


Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com