Kammermusikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kammermusikk er nemninga på ein type klassisk musikk spela av nokre få musikarar, til forskjell frå orkestermusikk. Namnet kjem av at musikken tradisjonelt blei oppført i slottskammer og ikkje i konsertsalar. Kammermusikk blir som regel spela uten ein dirigent, og har derfor meir av eit solopreg.
Kammergruppa har sjeldan meir enn ti utøvarar. Verk og ensemble har namn etter hvor mange musikarar som er med, frå to utøvarar i ein duett vidare til trio, kvartett, kvintett, sekstett, septett, oktett og nonett. Instrumentsamansetjinga kan variera. Den vanlegaste er strykekvartetten med to fiolinar, ein bratsj og ein cello.
Innhaldsliste |
[endre] Historikk
Opphavleg blei omgrepet kammermusikk brukt om musikk som blei framført ved hoffa, i motsetnad til kyrkjemusikk. I barokken blei omgrepet utvikla og avgrensa til bare å omfatta rein instrumentalmusikk arrangert for små besetningar. Under wienerklassisismen fortsette utviklinga, først og fremst for strykekvartetten.
Joseph Haydn og Wolfgang Amadeus Mozart skreiv gjerne strykekvartettar som kunne spelast av amatørar som ville hygga seg, og desse var ofte ikkje meint å skulle framførast offentleg. Ludwig van Beethoven skreiv óg kammermusikk for «heimebruk», men dei seinere strykekvartettane hans er komplekse arbeid som ofte regnet for å være for vanskelige for amatører. I romantikken ble kammermusikken videreutviklet som musikk for profesjonelle ensembler.
[endre] Sjå óg
- Kammersonate
[endre] Bakgrunnsstoff
- Oslo Kammermusikkfestival
- Trondheim kammermusikkfestival
- Stavanger internasjonale kammermusikkfestival
- Risør kammermusikkfest