Symfoni
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein symfoni er ein musikalsk komposisjon for orkester i fleire satsar. Ordet stammar fra gresk syn (saman) og fon (lyd). Symfoniar blir framførte av symfoniorkester.
[endre] Historie
Symfonien, slik me kjenner han i dag, stammar frå byrjinga av det 18. århundret. Ein trur at opphavet var den italienske overtyren (i motsetnad til den franske overtyren).
Tidlege symfoniar inneheldt 3 satsar med tempoane snøgg-langsam-snøgg. Dei viktigaste komponistane av den førklassiske symfonien er italienaren Giovanni Battista Sammartini, Johann Stamitz (Mannheimskulen) og Georg Christoph Wagenseil (Wien). Mannheim og Wien var dei to store sentra for symfoniar. I det 18. århundret vart symfoniforma utvida ved at ein menuett kom inn som ny sats før finalesatsen.
Den klassiske symfonien frå midten av 18-hundretallet og seinare blir framfor alt assosiert med komponistane Joseph Haydn, Wolfgang Amadeus Mozart og Ludwig van Beethoven.
Sats | Form | Tempo | Toneart |
---|---|---|---|
1. Sats, "Hovudsats" |
Sonateform | snøgg (t.d. Allegro) |
Grunntone |
2. Sats | Liedform eller sonateform eller variasjonsform |
langsam (Adagio, Andante, ...) |
Dominant eller subdominant eller durparallell eller mollparallell |
3. Sats | Menuett eller scherzo |
middels snøgg, danseaktig |
Grunntone |
4. Sats, "Finale" |
Sonateform eller rondo eller variasjonsform |
snøgg (Allegro, Vivace, Presto, ...) |
Grunntone |
I det 19. århundret vart symfonien ført vidare i den romantiske perioden, til dømes av Franz Schubert, Felix Mendelssohn-Bartholdy, Carl Maria von Weber, Robert Schumann, Hector Berlioz og Franz Liszt.
Johannes Brahms fortsette der Beethoven, Schumann og Mendelssohn slapp. Symfoniane vaks tidsmessig og vart den sentrale musikkforma i mange orkester. Andre viktige komponistar på slutten av 1800-talet er Anton Bruckner, Antonín Dvořák, Pjotr Illitsj Tsjajkovskij og Camille Saint-Saëns.
I det 20. århundret overtok komponistar som Sergej Rachmaninov og Carl Nielsen, som fortsette med den tradisjonelle firesats-symfonien. Andre komponistar prøver nye vegar som Gustav Mahler, som i sin 2. symfoni nytta 5 satsar og i andre brukte kor og solo. Jean Sibelius' 7. symfoni har berre 1 sats.
[endre] Komponistar
Eit utval av komponistar som har skrive symfoniar (her kronologisk etter fødselsår):
- Giuseppe Torelli, italiensk komponist av Sinfonia à 4, den første ekte symfonien.
- Giovanni Battista Sammartini (rundt 1701-1775), italiensk komponist
- Carl Philipp Emanuel Bach (1714-1788), son av Johann Sebastian Bach, komponerte rundt 20 symfoniar.
- Georg Christoph Wagenseil (1715-1777)
- Johann Stamitz (1717-1757) var den fyrste komponisten som regelmessig nytta ein menuett som 3. sats.
- Joseph Haydn (1732-1809) var ein av dei mest kjente klassiske komponistane og skreiv 106 symfoniar.
- Andrea Luchesi (1741-1801), italiensk komponist.
- Wolfgang Amadeus Mozart (1756-1791), skal ha skrive 41 symfoniar. Det er vanskeleg å gje talet nøyaktig, da nokre av dei offisielle symfoniane eigentleg ikkje blei skrivne av Mozart, medan ein seinare har oppdaga andre symfoniske verk som autentisk er komponerte av Mozart.
- Ludwig van Beethoven (1770-1827), skreiv 9 kjende symfoniar.
- Franz Schubert (1797-1828), berømt for sin symfoni nr. 9 - den ufullendte.
- Hector Berlioz (1803-1869), kjent for Symphonie Fantastique.
- Felix Mendelssohn (1809-1847), skreiv 5 symfoniar.
- Robert Schumann (1810-1856), 4 symfoniar
- Franz Liszt (1811-1886), 2 symfoniar
- Johannes Brahms (1833-1897), skreiv fire symfoniar.
- Camille Saint-Saëns (1835-1921)
- Pjotr Illitsj Tsjajkovskij (1840-1893), 6 symfoniar
- Antonín Dvořák (1841-1904), den meste kjente er den 9. symfonien: Fra den nye verden
- Gustav Mahler (1860-1911), skreiv ni store symfoniar og ein tiande ufullendt.
- Carl Nielsen (1865-1931), 6 symfoniar
- Jean Sibelius (1865-1957), 7 symfoniar
- Sergei Rachmaninoff (1873-1943), 3 symfoniar i seinromantisk stil
- Igor Stravinsky (1882-1971), 3 symfoniar
- Sergei Prokofiev (1891-1953), 7 symfoniar
- Vagn Holmboe (1909-1996), 13 symfoniar
- Leonard Bernstein (1918-1990), 3 symfoniar
- Philip Glass (født 1937), hadde i 2005 komponert 7 symfoniar.