Planeten Uranus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oppdaging | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppdaga av | William Herschel | ||||||
Oppdaga dato | 13. mars 1781 | ||||||
Baneparametrar (Epoch J2000) | |||||||
Store halvakse | 2 870 972 220 km 19,19126393 AE |
||||||
Banens omkrins | 18,029 milliardar km 120,515 AE |
||||||
Eksentrisitet | 0,04716771 | ||||||
Perihel | 2 735 555 035 km 18,28605596 AE |
||||||
Aphel | 3 006 389 405 km 20,09647190 AE |
||||||
Omløpsperiode | 30 708,1600 d (84,07 år) |
||||||
Synodisk periode | 369,65 d | ||||||
Gjennomsnittleg banefart | 6,795 km/s | ||||||
Maks. banefart | 7,128 km/s | ||||||
Min. banefart | 6,485 km/s | ||||||
Banehelling | 0,769 86° (6,48° til solas ekvator) |
||||||
Lengda til oppstigande knute |
74,229 88° | ||||||
Perihelargument | 96,734 36° | ||||||
Talet på satellittar | 27 | ||||||
Fysiske eigenskapar | |||||||
Diameter ved ekvator | 51 118 km (4,007 · jordas) |
||||||
Diameter over polane | 49 946 km (3,929 · jordas) |
||||||
Flattryktheit | 0,0229 | ||||||
Overflateareal | 8,084·109 km2 (15,849 · jordas) |
||||||
Volum | 6,834·1013 km3 (63,086 · jordas) |
||||||
Masse | 8,6832·1025 kg (14,536 · jordas) |
||||||
Snittettleik | 1,318 g/cm3 | ||||||
Ekvatorial tyngdekraft | 8,69 m/s2 (0,886 G) |
||||||
Unnsleppingsfart | 21,29 km/s | ||||||
Rotasjonsperiode | −0,718333333 d (17 t 14 min 24,00000 s) [1] | ||||||
Rotasjonsfart | 2,59 km/s = 9 320 km/t (ved ekvator) | ||||||
Aksehelling | 97,77° | ||||||
Rektasensjonen til nordpolen |
257,31° (17 t 9 min 15 s) | ||||||
Deklinasjon | -15,175° | ||||||
Albedo | 0,51 | ||||||
Temp., snitt høge skylag | 55 K | ||||||
Overflatetemp. |
|
||||||
Atmosfærisk samansetting | |||||||
Atmosfærisk trykk | 120 kPa | ||||||
Hydrogen | 83% | ||||||
Helium | 15% | ||||||
Metan | 1,99% | ||||||
Ammoniakk | 0,01% | ||||||
Etan | 0,00025% | ||||||
Acetylen | 0,00001% | ||||||
Karbonmonoksid | spor | ||||||
Hydrogensulfid | spor |
Uranus (symbol ) er den sjuande planeten frå sola. Han blei oppdaga i 1781. Namnet er teke frå den greske guden Uranus.
Uranus roterer baklengs i høve til dei andre planetane i Solsystemet.
Romsonden Voyager 2 er den einaste som har vitja planeten og ingen nye besøk er planlagt. Voyager 2 blei skutt opp i 1977 og hadde sin nærmaste passering av Uranus 24. januar 1986, før han fortsette vidare mot Neptun.
Innhaldsliste |
[endre] Fysiske eigenskapar
[endre] Samansetting
Uranus består hovudsakleg av stein og ulike isslag. Til tross for at han er ein gasskjempe inneheld han kun 15% hydrogen og litt helium (i kontrast til Jupiter og Saturn som for det meste består av hydrogen). Uranus og Neptun liknar på mange måtar kjernene til Jupiter og Saturn, men dei manglar den massive kappa av metallisk hydrogen. Det ser ut til at Uranus manglar ein steinkjerne som Jupiter og Saturn har, men at materialet er meir eller mindre jamnt fordelt. Den turkise fargen til Uranus skyldast absorpsjon av raudt lys av atmosfærisk metan. Overflatetemperaturen i skytaket er ca. 55 K (−218 °C).
[endre] Aksehelling
Noe av det mest spesielle med Uranus er aksehellinga på 98°. Dette tyder at i ein del av omløpet rundt sola vender den eine polen inn mot sola mens den andre vender bort. I motsett del av banen er situasjonen motsett. Dermed har ikkje Uranus noen egentlig nord- og sørpol. Da Voyager 2 passerte i 1986 pekte ein av polane nesten rett mot sola. Eitt resultat av den merkelege rotasjonen til Uranus er at polområdene mottar meir solenergi enn dei ekvatoriale områda. Likevel er det varmare ved ekvator enn ved polane. Årsaken til dette er ukjent.
Det ser ut til at den ekstreme aksehellinga til Uranus også resulterer i ekstreme årstidsvariasjoner i vêret. Da Voyager 2 passerte Uranus var skymønstrene svært svake og utydelige. Nyare bilde frå Hubbleteleskopet viser imidlertid atskillig tydelegare skymønster. I 2007 vil sola vera direkte over ekvator.
[endre] Magnetfelt
Magnetfeltet til Uranus er merkeleg fordi det ikkje er sentrert rundt planetaksen, men står nesten 60° på skrå i forhold til rotasjonsaksen. Dette skyldast trulig rørsler i dei øvre laga til Uranus. Neptun har eit tilsvarande skeivt magnetfelt, så det skyldast neppe den spesielle rotasjonen til Uranus. Magnetosfæren er vridd av planetrotasjonen til ein spiral bak planeten. Kjelden til magnetfeltet til planeten er ikkje kjent. Det blei tidligere anteke at eit hav av elektrisk ledande vatn og ammoniakk under stort trykk var mellom kjernen og atmosfæren. Dette havet ser ikkje ut til å eksistere.
[endre] Oppdaging og namn
Uranus var den fyrste planeten einn oppdaga som ikkje allereie var kjent frå oldtida. Ein hadde mange ganger observert han, men han blei alltid feilidentifisert som ei stjerne. Den fyrste dokumenterte oppdaginga av Uranus var i 1690 da John Flamsteed katalogiserte han som 34 Taurus. Flamsteed observerte han to ganger til, i 1712 og 1715. James Bradley observerte han i 1748, 1750 og 1753; Tobias Mayer i 1756. Pierre Charles Le Monnier observerte han hele fire ganger i 1750, to ganger i 1768, seks ganger i 1769 og ein siste gong i 1771. Likevel oppdaga heller ikkje han at det var snakk om ein planet.
Sir William Herschel var den fyrste som oppdaga at han ikkje var ei stjerne. Han oppdaga Uranus den 13. mars 1781, men rapporterte han inn som ein komet. Herschel kalte han fyrst Georgium Sidus etter kong Georg III av England. Da han blei informert om at Sidus tyder stjerne, omdøpte han planeten til The Georgian Planet. Uansett var dette namnet uakseptabelt utanfor Storbritannia. Det blei derfor foreslått ein lang rekke alternativer for kva planeten kunne kallast, men forslaget tilJohann Elert Bode, Uranus, vant raskt oppslutting fordi han gav ut astronomiske årbøker der han brukte namnet Uranus.
[endre] Ringane til Uranus
Namn | Avstanden til senteret til Uranus (km) | Utstrekking (km) |
1986 U2R | 38 000 | 2 500? |
Ring 6 | 41 840 | 1-3 |
Ring 5 | 42 230 | 2-3 |
Ring 4 | 42 580 | 2-3 |
Alfaringen | 44 720 | 7-12 |
Betaringen | 45 670 | 7-12 |
Etaringen | 47 190 | 0-2 |
Gammaringen | 47 630 | 1-4 |
Deltaringen | 48 290 | 3-9 |
1986 U1R | 50 020 | 1-2 |
Epsilonringen | 51 140 (gjeta av Cordelia og Ophelia) |
20-100 |
R/2003 U 2 | ~66 000 (nær Portia) | ? |
R/2003 U 1 | 97 734 (nær Mab) | ? |
[endre] Månane til Uranus
Namn (sfæriske månar i feite typar) | Snittdiameter (km) | Masse (kg) | Gjennomsnittleg baneradius (km) |
Baneperiode (døgn) | Oppdagingsår | |
---|---|---|---|---|---|---|
Uranus VI | Cordelia | 40 ± 6 | 4,5 · 1016 ? | 49 770 | 0,335034 | 1986 |
Uranus VII | Ophelia | 43 ± 8 | 5,4 · 1016 ? | 53 790 | 0,376400 | 1986 |
Uranus VIII | Bianca | 51 ± 4 | 9,3 · 1016 ? | 59 170 | 0,434579 | 1986 |
Uranus IX | Cressida | 80 ± 4 | 3,43 · 1017 ? | 61 780 | 0,463570 | 1986 |
Uranus X | Desdemona | 64 ± 8 | 1,78 · 1017 ? | 62 680 | 0,473650 | 1986 |
Uranus XI | Juliet | 94 ± 8 | 5,57 · 1017 ? | 64 350 | 0,493065 | 1986 |
Uranus XII | Portia | 135 ± 8 | 1,68 · 1018 ? | 66 090 | 0,513196 | 1986 |
Uranus XIII | Rosalind | 72 ± 12 | 2,54 · 1017 ? | 69 940 | 0,558460 | 1986 |
Uranus XXVII | Cupid | ~ 12 | Ukjent | 74 800 | 0,618 | 2003 |
Uranus XIV | Belinda | 81 ± 16 | 3,57 · 1017 ? | 75 260 | 0,623527 | 1986 |
Uranus XXV | Perdita | ~ 20 | Ukjent | 76 420 | 0,638 | 1986 |
Uranus XV | Puck | 162 ± 4 | 2,89 · 1018 ? | 86 010 | 0,761833 | 1986 |
Uranus XXVI | Mab | ~ 16 | Ukjent | 97 734 | 0,923 | 2003 |
Uranus V | Miranda | 471,6 ± 1,4 | (6,6 ± 0,7) · 1019 | 129 390 | 1,413479 | 1948 |
Uranus I | Ariel | 1157,8 ± 1,2 | (1,35 ± 0,12) · 1021 | 191 020 | 2,520379 | 1851 |
Uranus II | Umbriel | 1169,4 ± 5,6 | (1,17 ± 0,13) · 1021 | 266 300 | 4,144177 | 1851 |
Uranus III | Titania | 1577,8 ± 3,6 | (3,53 ± 0,09) · 1021 | 435 910 | 8,705872 | 1787 |
Uranus IV | Oberon | 1522,8 ± 5,2 | (3,01 ± 0,07) · 1021 | 583 520 | 13,463239 | 1787 |
Uranus XXII | Francisco | ~ 12 | 1,3 · 1015 ? | 4 276 000 | −266,6** | 2001 |
Uranus XVI | Caliban | ~ 98 | 7,3 · 1017 ? | 7 231 000 | −579,7** | 1997 |
Uranus XX | Stephano | ~ 20 | 6 · 1015 ? | 8 004 000 | −677,4** | 1999 |
Uranus XXI | Trinculo | ~ 10 | 7 · 1014 ? | 8 504 000 | −759,0** | 2001 |
Uranus XVII | Sycorax | ~ 190 | 5,4 · 1018 ? | 12 179 000 | −1288,3** | 1997 |
Uranus XXIII | Margaret | ~ 11 | 1,3 · 1015 ? | 14 345 000 | 1694,8 | 2003 |
Uranus XVIII | Prospero | ~ 30 | 2,1 · 1016 ? | 16 256 000 | −1977,3** | 1999 |
Uranus XIX | Setebos | ~ 30 | 2,1 · 1016 ? | 17 418 000 | −2234,8** | 1999 |
Uranus XXIV | Ferdinand | ~ 12 | Ukjent | 20 901 000 | −2823,4** | 2001 |
Solsystemet |
Planetar: Merkur · Venus · Jorda · Mars · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun |
Dvergplanetar: Ceres · Pluto · Orcus · 2003 EL61 · Quaoar · 2005 FY9 · 2003 UB313 · Sedna |
Andre: Sola · Månen · asteroidebeltet · transneptunske objekt · Kuiper-lekamar · Oorts sky |
Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over astronomispirer. |