Celsius
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Omrekning frå | til | formel |
---|---|---|
celsius | fahrenheit | °F = (°C · 9/5) + 32 |
fahrenheit | celsius | °C = (°F − 32) · 5/9 |
celsius | kelvin | K = °C + 273,15 |
kelvin | celsius | °C = K − 273,15 |
fahrenheit | kelvin | K = (°F + 460) · 5/9 |
kelvin | fahrenheit | °F = (K · 9/5) − 460 |
Fleire formlar for temperaturomrekning |
Anders Celsius (1701-44) var ein svensk fysikar og kjemikar som i hovudsak er kjend for i 1742 å ha fastsett Celsius-temperaturskalaen (°C) etter smeltepunktet og kokepunktet til vatn under normalt trykk ved havflata. Han sette kokepunktet til 0°C og smeltepunktet til 100°C. I 1747 bytta ein om grensene slik at smeltepunktet er 0°C og kokepunktet er 100°C, men elles står arbeidet hans med temperaturar ved lag.
I fysikken er temperaturskalaen no definert i høve til det absolutte nullpunktet, der all termisk aktivitet er opphøyrt og alt som finst av uro er dei små feila i krystallstruktur som kan oppstå under frysing. Eininga på temperaturskalaen er kelvin (K). Storleiken av trinna på skalaen er den same som Celsius brukte — 1/100 av avstanden mellom smeltepunktet og kokepunktet til vatn — men nullpunktet er definert som fråveret av termisk aktivitet, som inntreff ved −273,15°C eller 0 K. Smeltepunktet for vatn er dermed +273,15 K, og kokepunktet er +373,15 K.
[endre] Sjå òg
SI-einingar | |
---|---|
ampere – becquerel – candela – grader celsius – gray – coulomb – farad – henry – hertz – joule – katal – kelvin – kilogram – lumen – lux – meter – mol – newton – ohm – pascal – radian – sekund – siemens – sievert – steradian – tesla – volt – watt – weber |