Pascal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pascal (teikn Pa) er SI-eininga for trykk. Det tilsvarar ein newton pr. kvadratmeter. Eininga er namngitt etter Blaise Pascal, ein framståande fransk matematikar, fysikar og filosof.
- 1 Pa
- = 1 N/m² = 1 (kg·m/s²)/m² = 1 kg/m·s²
- = 0,01 millibar
- = 0,00001 bar
I meteorologi har millibar vori bruka for lufttrykk. Ved introduksjonen av SI-eininga foretrakk mange meteorologar å halde på den samme storleiksordenen som dei var vane med. Dermed er det vanleg å nytte forstavinga hekto i staden for kilo.
- 1 hectopascal (hPa)
- = 100 Pa = 1 mbar
- 1 kilopascal (kPa)
- = 1000 Pa = 10 hPa
I det tidlegare sovjetiske mts-systemet er eininga pieze, som svarar til ein kilopascal.
Standard atmosfæretrykk er 101 325 Pa = 101 325 kPa = 1013,25 hPa = 1013,25 mbar.
Den samme eininga blir nytta til å måle stress, Youngs modul og tensil styrke.
[endre] Døme på verdiar (omtrentlege)
(Sjå SI-forstavingar for hjelp om einingane.)
0,5 Pa | Atmosfærisk trykk på Pluto (omtrentleg tal frå 1988) |
9,81 Pa | Trykket skapt av 1 mm djupt vatn¹ |
1 kPa | Atmosfærisk trykk på Mars |
10 kPa | Trykket skapt av 1 m djupt vatn, eller droppet i lufttrykk når ein går frå havnivå og opp til 1000 meters høgde¹ |
101 325 Pa | Atmosfærisk trykk ved havnivå¹ |
10 MPa | Høgtrykkspylerar sender ut vatn med dette trykket |
100 MPa | Trykket på botnen av Marianergropa, omtrent 10 km under havoverflata¹ |
10 GPa | Diamant dannast |
100 GPa | Teoretisk tensilstyrke på karbonnanorør (CNTar) |
¹på Jordas overflate
Trykkeiningar og omrekningsfaktorar | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
frå/til | Pascal | bar | N/mm² | kp/m² | kp/cm² (at) | atm | Torr (mmHg) |
1 Pa (N/m²) = | 1 | 10−5 | 10−6 | 0,102 | 0,102·10−4 | 0,987·10−5 | 0,0075 |
1 bar (10 N/cm²) = | 100000 | 1 | 0,1 | 10200 | 1,02 | 0,987 | 750 |
1 N/mm² (µPa) = | 106 | 10 | 1 | 1,02·105 | 10,2 | 9,87 | 7500 |
1 kp/m² = | 9,81 | 9,81·10−5 | 9,81·10−6 | 1 | 10−4 | 0,968·10−4 | 0,0736 |
1 kp/cm² (1 at) = | 980665 | 0,981 | 0,0981 | 10000 | 1 | 0,968 | 736 |
1 atm = | 101325 | 1,013 | 0,1013 | 10330 | 1,033 | 1 | 760 |
1 Torr (mm Hg) = | 133 | 0,00133 | 1,33·10−4 | 13,6 | 0,00136 | 0,00132 | 1 |
SI-einingar | |
---|---|
ampere – becquerel – candela – grader celsius – gray – coulomb – farad – henry – hertz – joule – katal – kelvin – kilogram – lumen – lux – meter – mol – newton – ohm – pascal – radian – sekund – siemens – sievert – steradian – tesla – volt – watt – weber |