Planeten Venus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baneparametrar (Epoch J2000) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Store halvakse | 108 208 926 km 0,72333199 AE |
||||||
Banens omkrins | 680 000 000 km 4,545 AE |
||||||
Eksentrisitet | 0,00677323 | ||||||
Perihel | 107 476 002 km 0,71843270 AE |
||||||
Aphel | 108 941 849 km 0,72823128 AE |
||||||
Omløpsperiode | 224,70096 d (0,6151977 år) |
||||||
Synodisk periode | 583,92 d | ||||||
Gjennomsnittleg banefart | 35,020 km/s | ||||||
Maks. banefart | 35,259 km/s | ||||||
Min. banefart | 34,784 km/s | ||||||
Banehelling | 3,39471° (3,86° til solas ekvator) |
||||||
Lengda til oppstigande knute |
76,68069° | ||||||
Perihelargument | 54,85229° | ||||||
Talet på satellittar | 0 | ||||||
Fysiske eigenskapar | |||||||
Diameter ved ekvator | 12 103,7 km (0,949 · jordas) |
||||||
Overflateareal | 4,60·108 km2 (0,902 · jordas) |
||||||
Volum | 9,28·1011 km3 (0,857 · jordas) |
||||||
Masse | 4,8685·1024 kg (0,815 · jordas) |
||||||
Snitt tettleik | 5,204 g/cm3 | ||||||
Ekvatorial tyngdekraft | 8,87 m/s2 (0,904 G) |
||||||
Unnsleppingsfart | 10,36 km/s | ||||||
Rotasjonsperiode | -243,0185 d | ||||||
Rotasjonsfart | 6,52 km/t (ved ekvator) | ||||||
Aksehelling | 2,64° | ||||||
Rektasensjonen til nordpolen |
272,76° (18 t 11 min 2 s) [1] | ||||||
Deklinasjon | 67,16° | ||||||
Albedo | 0,65 | ||||||
Overflatetemp* |
|
||||||
(* minimumstemperaturen refererar kun til toppen av skylaga) | |||||||
Atmosfærisk samansetting | |||||||
Atmosfærisk trykk | 9 321,9 kPa | ||||||
Karbondioksid | 96% | ||||||
Nitrogen | 3% | ||||||
Svoveldioksid | spor | ||||||
Vassdamp | spor | ||||||
Karbonmonoksid | spor | ||||||
Argon | spor | ||||||
Helium | spor | ||||||
Neon | spor | ||||||
Karbonylsulfid | spor | ||||||
Hydrogenklorid | spor | ||||||
Hydrogenfluorid | spor |
Venus er den andre planeten i solsystemet vårt om ein startar ved sola. Han er kalla opp etter kjærleiksgudinna Venus frå romersk mytologi.
Venus vert gjerne kalla tvillingplaneten til jorda, av di jorda og Venus har omtrent same storleik og masse. Venus er lett å få auge på på himmelen, og menneska har kjend til han i uminnelege tider.
Som jorda har Venus også ein atmosfære, men denne har ei ganske ulik samansetting frå det me er vane med. Storparten, om lag 97%, er karbondioksid (CO2) slik at Venus har ei svært kraftig drivhuseffekt – temperaturane ved den faste overflata på planeten ligg i området frå 450 til 500 grader Celsius.
Ettersom Venus er nærare sola enn jorda er, står ho aldri langt frå sola på himmelen sett frå jorda. Difor ser ein ofte planeten som ei klar stjerne like før soloppgang eller like etter solnedgang. Venus har difor vorte kalla både morgonstjerna og kveldsstjerna, og desse vart gjerne sett på som to ulike himmellekamar. På nattehimmelen er det berre månen som lysar sterkare enn Venus, men sjølv har planeten ingen eigen måne.
Venus er kalla opp etter den romerske kjærleiksgudinna. Mange kulturar para den klåre planeten med ei slik gudinne, som Inanna, Astarte, Isis og Frøya. Denne siste har gjeve namn til vår fredag, slik Venus har gjeve namn til den same dagen på andre språk, som fransk vendredi.
På andre språk har planeten andre namn som ofte viser til kor lys han er, som det hebraiske namnet נוֹגָה Nōğā eller sanskrit-namnet Sukra. På kinesisk (mandarin) heiter han Jingxing, som tyder metallstjerna.
Solsystemet |
Planetar: Merkur · Venus · Jorda · Mars · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun |
Dvergplanetar: Ceres · Pluto · Orcus · 2003 EL61 · Quaoar · 2005 FY9 · 2003 UB313 · Sedna |
Andre: Sola · Månen · asteroidebeltet · transneptunske objekt · Kuiper-lekamar · Oorts sky |