Unnsleppingsfart
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I fysikk, for eit gitt gravitasjonsfelt og ein gitt posisjon, er unnsleppingsfarta minimumsfarta eit objekt utan framdriftsmekanismar må ha for å sleppe vekk frå gravitasjonsfeltet sin kjelde. Motsetnaden er å falle tilbake eller gå inn i bane rundt kjeldeobjektet.
[endre] Å rekne ut unnsleppingsfarta frå ein einskild lekam
I det enklaste tilfellet, unnsleppingsfart frå ein enkel lekam:
der ve er unnsleppingsfarta, G er gravitasjonskonstanten, M er massen av lekamen reist frå, m er massen av det unnsleppande objektet (kan strykast mot seg sjølv), og r er avstanden mellom lekamssenteret og punktet unnsleppingspunktet blir rekna ut, og μ er den standard gravitasjonelle parameteren.
Denne formelen tek ikkje omsyn til eventuell atmosfærisk (luft)motstand.
Retninga på utskytinga spelar ingen rolle for unnsleppingsfarta, so lenge det er fri bane og lekamen ikkje kolliderer med noko.
[endre] Døme
Unnsleppingsfarta på overflata av nokre kjende himmellekamar:
Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over astronomispirer. |