Banehelling
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Banehelling eller inklinasjon er ein av dei seks baneparameterane som visar forma og orienteringa til ei rotasjonsbane (keplerbane), og er vinkelavstanden til baneplanet frå referanseplanet (ofte planetens ekvator eller ekliptikken) gitt i grader.
Døme på inklinasjonsvinklar mellom ein satellitt og jorda:
- ein inklinasjon på 0 grader betyr at ein satellitt går i bane rundt ein ekvatorplanet til jorda, med same fartsretning som rotasjonsretninga til jorda.
- ein inklinasjon på 90 grader vil seie at satellitten går i polar bane, satellitten går altså rett over nord- og sørpolen til jorda.
- ein inklinasjon på 180 grader vil seie at satellitten går i bane rundt ekvatorplanet til jorda, men i motsatt retning av jordrotasjonen.
Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over astronomispirer. |