India
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Sanskrit: Satyameva Jayate (Berre sanninga vinn) |
|||||
Offisielle språk | Hindi | ||||
Hovudstad | New Delhi | ||||
Styresett |
Republikk Abdul Kalam Manmohan Singh |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
3 287 590 km² (7.) 9,5 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (–) - Tettleik |
1 080 264 388 (2.) – 329/km² (19.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Storbritannia 15. august, 1947 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
3 602 894 mill. USD (4.) 3 262 USD (120.) |
||||
Valuta | Indisk rupi (INR) | ||||
Tidssone | UTC +5.30 | ||||
Nasjonalsong | Jana-Gana-Mana | ||||
Nasjonaldag | 26. januar | ||||
Internasjonal telefonkode | +91 | ||||
Nasjonale toppdomene | .in | ||||
India er eit land i Sør-Asia og utgjer hovudparten av det indiske subkontinentet. India er etter Kina verdas nest folkerike land og har i 2005 omlag 1,1 milliardar ibuarar.
Innhaldsliste |
[endre] Namn
Landet har to offisielle namn, India og Bharat. Dei fleste indiske språka bruker namnet Bharat som kjem frå det gamle sanskritnamnet Bhāratavarṣa, landet til kongen Bharata. På urdu og mange hindidialektar er det meir vanleg å bruka namnet Hindustan (eller forkortinga Hind) som tyder «landet åt Induselva» på persisk. Namnet «India» kjem via gresk frå «Hindustan» og kom i offisiell bruk under det britiske styret.
[endre] Historie
India har ei lang og komplisert historie. Dei tidlegaste arkeologiske funna er holemåleri frå omlag 9000 fvt. Mellom 2600 fvt. og 1900 fvt. utvikla indussivilisasjonen seg langs indus- og sarasvati-elvane. Mellom 600-talet fvt. og 800-talet herska mange store dynasti over forskjellige delar av landet. Frå 700-talet byrja muslimske kongar og hovdingar å invadera nord-India, og i 1526 blei mughalriket grunnlagt. Det herska over nesten heile nord-India og ein stor del av sør-India. Europearar byrja å etablera seg i India på 1600-talet, og ved overgangen til det 19. hundreåret hadde nesten heile India blitt ein koloni under britisk styre. Kolonien vart kalla Britisk India.
I 1890-talet byrja ein kampanje for indisk sjølvstyre. Kampanjen blei svært populær i 1920-talet under Mahatma Gandhi sitt styre. Særmerket til Gandhi sin kampanje var bruk av ikkje-valdelege måter for å stå imot den britiske regjeringa. I 1947 lykkast kampanjen endeleg og India blei sjølvstendig med sosialisme, demokrati og sekularisme som grunnprinsipp.
[endre] Geografi
Det nordlege India har grenser mot Pakistan (2 912 km), Kina (3 380 km), Nepal (1 690 km), Bhutan (605 km), Burma (1 463 km) og Bangladesh (4 053 km). Det sørlege India ligg langs sjøen, med ei kystline som er omlag 7 000 km lang. Landet kan delast i fire store geografiske regionar, Himalaya-fjellområdet, dei nordlege elveslettene, Deccan-platået og kyst-låglanda. Klimaet skifter frå tropisk i sør-India til temperert eller kaldt i nord-India, men heile landet bortsett frå Himalaya-fjellområdet har òg monsunklima. India har to forskjellige monsuntider, den nordaustlege monsunen frå desember til februar, og den sørvestlege monsunen frå juni til september. Tida mellom dei to monsunane er tørr og svært varm, med temperaturar over 45 grader i mange område. Denne perioden heiter «brannstjernetidaa» i sør-India.
Sjå òg klima i India.
[endre] Administrativ inndeling
India er ein føderasjon og innheld 28 delstatar og 7 forbundsterritorium. Kvar delstat har sitt eige parlament og regjering. Delstatane har sjølvstyre i svært mange saker, og får enda meir politisk makt i dag etter kvart som koalisjonar blir vanlegare i føderalregjeringa.
[endre] Historiske bygg
India har mange gamle tempel og monument frå tidlegare tider, og mange av desse står på UNESCO si verdsarvliste. Det mest kjende av dei er Taj Mahal, som ligg i Agra, ein by nær Delhi.
[endre] Største byar
Dei største byane i India er Mumbai (tidlegare Bombay), Delhi, Kolkata (tidlegare Calcutta) og Chennai (tidlegare Madras).
Sør-Asia |
Bangladesh | Bhutan | India | |