Styresett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike styresett
Lista er sortert alfabetisk. |
Eit styresett er måten ei styresmakt, til dømes ein stat eller eit herad, vert styrt på. Kva styresett ein har vil seia korleis makta er fordelt og korleis samfunnet fungerer. Det finst mange ulike typar styresett, men det er vanleg at to eller fleire av desse er blanda, slik at ein til dømes kan ha eit diktatur med noko demokrati, eller eit monarki med innslag av anarki.
Fleire tenkjarar har spekulert på kva styresett som vil føra til det beste samfunnet, og ønske om ei anna form for styresett har ført til fleire revolusjonar.
Definisjonar av styresett er på ulike nivå, og såleis dekkjer fleire styresett det same landet. I Noreg har me eit demokrati med konstitusjonelt monarki og parlamentarisme.