Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre] Hendingar
- Taoistiske alkymistar i Kina oppdaga krutet.
- Hadith, utsegnene og gjerningane til Muhammed i følge tradisjonen, blei samla.
- 800-909: Aghlabidane styrte eit uavhengig kongedøme i Nord-Afrika.
- Kongeriket Takrur blei grunnlagd i Senegal.
- Igbo-Ukwu-sivilisasjonen utvikla seg i Nigeria.
- Det kristne kongedømet Nubia hadde si stordomstid.
- Berbarar konverterte til islam.
- Muslimske handelsfolk slo seg ned langs kystane av Madagaskar.
- 815-915: Arabarar herja kystane rundt Adriatarhavet og Tyrrenhavet.
- 850-875: Dei første norske innvandrarane slo seg ned på Island.
- 863-879: Skisme mellom Aust- og Vestkyrkja.
- Vikingar tok til å herja Europa. Mange menneske blei drepne og store verdiar blei plyndra eller øydelagde.
- Beowulf kan ha blitt nedskrive dette eller føre århundret.
- Osebergskipet blei gravlagd.
- Madjarar kom inn i dagens Ungarn og fortrengde serbarane og bulgararane der til sørsida av Donau.
- I Italia blei nokre byar sjølvstendige republikkar, til dømes Forlì i 889.
- Av ukjende årsaker tok mayasivilisasjonen til å svekkast.
[endre] Viktige personar
- Karl den store (742–814)
- Ludvig den fromme (778–840)
- Adi Sjankara (788–820, uvisse datoar)
- Alfred den store (ca. 849–899)
- Arnulf av Kärnten (850–899)