Nepal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Sanskrit: जननी जन्मभूमिष्च स्वर्गादपि गरियसि
(Mora og moderlandet er verdt enn paradiset) |
|||||
Offisielle språk | Nepali | ||||
Hovudstad | Katmandu | ||||
Styresett |
Monarki Gyanendra Bir Bikram sjah dev Girija Prasad Koirala |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
140 800 km² (95.) 2,8 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
27 676 547 (40.) — 197/km² (39.) |
||||
Danna |
1768 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
39 815 mill. USD (85.) 1 471 USD (155.) |
||||
Valuta | Nepalsk rupi | ||||
Tidssone | UTC +5:45 | ||||
Nasjonalsong | Rastriya gaan | ||||
Nasjonaldag | 7. juli (kongen sin fødselsdag) | ||||
Internasjonal telefonkode | +977 | ||||
Nasjonale toppdomene | .np | ||||
Nepal er eit monarki sør i Himalaya. Kina ligg i nord og India ligg i sør. Nepel er den einaste staten i verda som har hinduisme som statsreligion. Mount Everest, det høgste fjellet i verda ligg i Nepal. Ein maoistisk gerilja har frå 1996 vorte mektigare. Til tider kan dei kontrollera kring 40% av flatevidda i landet.
Innhaldsliste |
[endre] Politikk
Politikken i landet har vore prega av til dels valdelege oppgjer. Den 1. juni 2001 vart store delar av det nepalesiske kongehuset skote ned av kronprinsen, kongen skal ha avvist den kvinna kronprinsen tenkte å gifta seg med. Kronprinsen prøvde å ta sjølvmord, men overlevde så lenge at han kunne utropast til konge i sjukesenga. Etter at han døydde vart farbroren Gyanendra av Nepal konge frå 4. juni 2001.
Den myrda kongen Birendra av Nepal hadde vorte tvinga til å innføra eit parlamentarisk demokrati i landet etter ein folkeleg oppreist i 1990. Oppreisten fekk namnet Jana Andolan. I 1996 tok ei maoistisk gruppe opp våpen, og frå den tid har landet vore i borgarkrig. I 2001 innførde den nye kongen direkte kongemakt og avskaffa demokratiet. Folkelege protestar auka sterkt, og i 2004 vart den avsette statsminister, Sher Bahadur Deuba, innsett igjen.
[endre] Administrativ inndeling
Nepal er inndelt i 14 sonar (anchal), med noko sjølvstyre. Bagmati, Bheri, Dhawalagiri, Gandaki, Janakpur, Karnali, Koshi, Lumbini, Mahakali, Mechi, Narayani, Rapti, Sagarmatha og Seti
[endre] Geografi
Nepal har ingen kyst, og ligg i innlandet i Asia. Terrenget er prega av høgdeskilnadar. I landet er det tre hovudsaklege regionar - slettelandet Terai sør; mindre fjell og haugar; i tillegg til høgfjellsområdet Himalaya, med Mount Everest 8 848 moh og andre høge fjell i nord. Av landet si totale flatevidd er 20% dyrkbar jord. Erosjon på grunn av rovdrift av skogane er eit aukande miljøproblem.
[endre] Klima
Himalaya har alt og seie for klimaet i Nepal. Nepal har fem klimasoner, ut frå høgda over havet og varierer frå subtropisk til alpint. Den sørvestlege monsunvinden vert pressa opp mot dei høge fjella og gjev store mengder regn. I austlege område av landet har ein derimot ein god del torevêr om våren, lenge før monsunen kjem. Midt i monsuntida, frå juni til september, kjem mykje av nedbøren om natta, og ein kan ha litt sol om ettermiddagen før bygene kjem. Katmandu har ein årleg nedbørsnormal på 1427 mm.
Monsunen varer ikkje like lenge ved fjellet K2 som ved Mount Everest, men om vinteren er det K2 som får mest snø sidan fjellet ligg langt nok nord til å kome i kontakt med vêrsystem på midlare breidder. Under dei høgaste toppane er vintervêret vanlegvis klårt med frost om morgenen, og av og til litt tåke.
[endre] Økonomi
Nepal er eit av dei fattigaste landa i verda, og kring halvdelen av folkesetnaden kan reknast som fattige. Hovudnæringa er jordbruk med 80% av arbeidskrafta og 41% av bruttonasjonalproduktet. 80% av eksportinntektene kjem frå tekstilar og matter. Utanlandsk hjelp står for 60% av Nepal sine kostnadar for økonomisk utvikling, og for 28% av det totale statsbudsjettet.
[endre] Folkesetnad
Nepal har tre større folkesetnadsgrupper: Indonepalesarar, tibetonepalesarar og nokre urfolk. Mellom anna kan nemnast stammane newar, Bhote, Rai, Limbu og sherpa.
[endre] Kultur
Språket nepali er eit indoeuropeisk språk som vert skrive med Devanagari-skrifta, det vanlegaste indiske alfabetet. Nepali vert tala av nærare 60% av folkesetnaden. I tillegg til nepali reknar ein med 12 andre større språk, og totalt 40 språk og dialektar.
Den nepalesiske hinduismen, som er statsreligion er oppblanda med buddhisme. Innslaget er av buddhisme er sterkare enn i andre hinduistiske område. 89,5% av folkesetnaden reknar seg som hinduar, medan 5,3% er buddhistar og 2,7% er muslimar.
Sør-Asia |
Bangladesh | Bhutan | India | |