Sosialisme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sosialisme (frå latin; socius, forbundsfelle) er ei politisk tankeretning som har størst mogleg økonomisk og sosial likskap som mål. Slik likskap er etter sosialistisk tankegang ein føresetnad for reell fridom for alle. Den økonomiske og sosiale utjamninga kan ifølgje sosialismen ikkje fullførast utan at dei viktigaste produksjonsmidla (naturressursar, storindustri, storkapital) er felleseige og reelt styrte av samfunnsmedlemmene på demokratisk vis.
Sosialismen som politisk program og politisk rørsle oppstod i den moderne arbeidarklassen som kom i kjølvatnet av kapitalisme-framveksten på 1800-talet. Den fremste grunnleggjaren av sosialismen var Karl Marx (1818-1883), og dei sosialistisk partia oppstod ved at dei viktigaste ideane hans smelta saman med den gryande arbeidarrørsla. Arbeidarrørsla har sidan da bestått av fagorganisasjonar og sosialistiske parti.
Sosialisme i ulike variantar har sidan slutten av 1800-talet vore arbeidarrørsla sin ideologi. Dei viktigaste variantane av sosialisme har historisk vore den sosialdemokratiske og den kommunistiske, og ulike variantar av desse igjen.
Kommunismen som eiga retning blei grunnlagd av Vladimir Lenin (1870-1924). Fram til muren fall i 1989 og Sovjetunionen sitt samanbrot i 1991 kalla dei styrande kommunistpartia i Aust-Europa systemet sitt "den reelt eksisterande sosialismen". Demokratiske sosialistar nekta for at denne nemninga var dekkjande, og den vanlege nemninga for desse regima i Vesten var "kommunisme".
Dei viktigaste partia i den sosialistiske tradisjonen i Noreg i dag, er Det norske Arbeidarpartiet (DNA), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Raud Valallianse (RV). DNA har ikkje lenger målet om eit sosialistisk samfunn i formålsparagrafen sin, mens SV har sosialismen både i namnet og i føremålsparagrafen. Raud Valallianse har òg programfesta målet om eit sosialistisk samfunn.
Sjå òg mellom anna artiklane marxisme, Eduard Bernstein, Rosa Luxemburg, Karl Kautsky, Julius Martov, Otto Bauer.