Sanskrit
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sanskrit (संस्कृतम् saṃskṛtam) |
|
---|---|
Tala i: | Asia |
Område: | India og ein del andre stader i Sør-Asia og Søraust-Asia |
Sanskrittalande i alt: | 6.100 (folketeljing 1981) |
Rangering: | Ikkje topp 100 |
Klassifisering: | Indoeuropeisk indoiransk indoarisk sanskrit |
Offisiell status | |
Skriftsystem: | Fleire, i dag hovudsakleg devanagari |
Offisielt språk i: | India |
Normert av: | - |
Språkkodar | |
ISO 639-1: sa | ISO 639-2: san |
ISO 639-3: san | SIL: SKT |
Sanskrit er eit gammalt indoeuropeisk språk som blir brukt innan religiøs hinduistisk samanheng. Det blir i dag mest brukt i bøner, men ein har òg skrive religiøse og filosofiske tekstar og store litterære verk på språket.
Sanskrit har alltid vore eit ynda forskingsspråk for språkvitarar, både indiske og vestlege. Det inneheld mellom anna ei rekke ord som likner på moderne ord i andre indoeuropeiske språk. Sanskrit er òg eit kasusspråk som kan minna om gammalgresk og latin.
Samanlikning av ord frå ulike språk | ||
Sanskrit | Latin | Norsk |
ajras | ager | åker |
ad- | edō | et (å eta) |
bhratr | frater | bror |
duhitr | filia | dotter |
sono | filius | son |
dva | duo | to el. tvo |
dan | den- | tann |
Tidlegare trudde ein at språket var det eldste ein kjende til innan den indoeuropeiske språkfamilien, men ein har sidan funne ut at hittitisk er eldre. Sanskrit er likevel det eldste indoeuropeiske språket me har ein utfyllande litteratur for, og er truleg òg det eldste som fortsatt er i bruk.
[endre] Opphav og utvikling
Sanskrit stammar frå vedisk, språket til det vediske folket, som kom til India nokre tusen år f.Kr. Språket slik det eksisterer i dag har alltid vore eit språk for dei lærde. Det blei skildra av grammatikaren Panini i 300 f.Kr. under namnet samskrta bhásja, som tyder kultivert språk. Han skilde med dette språket han skildra frå folkespråka, som han kalla prakrita bhásja, eller naturleg laga språk. Seinare blei samskrta kjend som sanskrit og blei til namnet på språket. Prakrit blei omgrepet ein brukte om folkespråk som seinare utvikla seg til moderne indiske språk, som hindi, panjabi og godjarati.
Språket er blitt noko påverka av talespråka, men har òg sjølv påverka dei. Ein vil finna lånord frå sanskrit i dei fleste indiske språka, også dei dravidiske, som ikkje er i slekt med det. Også ikkje-indiske språk, som thai og tagalog, inneheld lånord frå sanskrit grunna kontakt med hinduar i tidlegare tider.
I nyare tid er det òg teke inn mange sanskritord i offisiell hindi, for å reinska ut påverking frå urdu, og markera eit skilje til dette elles så like grannespråket.
[endre] Skrift
I dag skriv ein helst sanskrit med devanagariskrift, men denne bruken tok først til på 1100-talet og blei ikkje standard før på 1700-talet. Før dette hadde ein gjerne brukt nagari, ei tidleg form av devanagari, sarada og modi.
Kjerneområde for særskilde språk brukte sine eigne skriftspråk, til dømes bengali i aust og kannada i sør. Tamilske brukarar av sanskrit utvikla granthaskrifta frå det tamilske alfabetet.