Statsminister
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein statsminister (òg kalla premierminister eller ministerpresident) er ei skandinavisk betegning på regjeringsjefen i ein stat.
I andre land har statsminister ei anna betyding. I Tyskland er statsminister (Staatsminister) den offisielle betegninga på alle medlemmane av regjeringane i delstatane Bayern, Hessen, Rheinland-Pfalz og Sachsen. Det er òg tittelen for enkelte parlamentariske statssekretærar, til dømes statsminister hjå kanslaren.