Fredag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Fredag er siste kvardagen i den moderne vestlege kalenderen, og er ein viktig dag i fleire kulturar.
Innhaldsliste |
[endre] Mytologi
På germanske språk er dagen kalla opp etter Frigg eller Frøya, som var ei eller to norrønne gudinner for fruktbarheit og venskap. På romanske språk er han kalla opp etter den tilsvarande romerske gudinna, Venus. Innan hinduismen er dagen vigd Laksjmi, gudinna for velstand.
[endre] Fredag som start på helga
Med femdagarsveka, der laurdag og sundag er fridagar, markerar fredagen byrjinga på helga. Dette kan føra til at ein set ekstra pris på dagen, eller at ein føler seg ekstra trøytt ved slutten av ei hard veke.
Venner og kollegaer nyttar ofte fredagen til sosialt lag, gjerne med fredagspils. I ein del verksemder som har ein streng kleskode er det mogleg å kle seg litt enklare på fredagar, såkalla casual Friday.
I dei store byane er det ofte trafikale problem knytte til fredagsutferda, og det viser igjen på ulykkesstatistikken.
[endre] Fredag som heilagdag
[endre] Jødedommen
Den jødiske sabbaten startar når sola går ned fredagen. Då er det vanleg å samla seg til eit familiemåltid med levande lys, og halakháen (jødisk religiøs lov) pålegg jødar å leggja ned alt arbeid heilt til sabbaten er over etter solnedgang på laurdag. I samband med førebuing til den jødiske sjabbáten har det tradisjonelt vore marknadsdag på fredag mange stader.
[endre] Islam
I og med at fredagen var den viktigaste marknadsdagen i områda der islam oppstod, så vart fredagen ein særleg eigna dag for misjonsverksemd for muslimar — og fredagen fekk dermed tidleg status som offentleg bønne- og preikedag i islam.
Fredag er stadig den heilage dagen for muslimane, som samlar seg i moskéar for å be. I mange muslimske land reknar ein no dagen for å vera den siste i veka.
[endre] Farleg fredag
Ein del overtru reknar fredag som farleg, og dersom dagen fell på det uheldige talet tretten er det spesielt skjebnesvangert. Båe desse førestillingane har kristen bakgrunn: Fredagen som ulukkesdag har bakgrunn i den kristne langfredagen, og talet tretten er i kristendommen knytt til apostelen Judas Iskariot som trettande medlem av gruppa kring Jesus — mannen som i følgje Det nye testamentet forrådde Jesus i samband med arrestasjonen føre korsfestinga.
[endre] Anna
- Robinson Crusoe ga namnet Fredag til den ukjende mannen han møtte på si einsame øy ettersom han møtte mannen denne dagen.