Austrheim
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Fil:Austrheim kart.png | |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1264 |
Fylke: | Hordaland |
Administrasjonssenter: | Årås |
Flatevidd: | 55 km² |
Folketal: | 2 527 (2005) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.austrheim.kommune.no/ |
Politikk | |
Ordførar: | Ole Lysø (Ap) 2003-2007 |
Austrheim er ein kommune i Hordaland fylke. Kommunen ligg i Nordhordland, nordvest i havgapet sørom munninga til Fensfjorden og grensar i nord til Gulen i Sogn og Fjordane, i aust til Lindås, i sør til Radøy og vest i havet ligg Fedje. Kommunen omfattar øyane Fosnøy, Bakkøy, Njøten og ei rekkje mindre øyar, holmar og skjer i tillegg til den nordvestlegaste delen av Lindåshalvøya. 13 større og mindre bruer bind kommunen saman og dei største øyane har alle vegsamband til fastlandet.
Det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg, Vardetangen, ligg på Lindåshalvøya i Austrheim.
Langs den fiskerike Fosenstraumen ligg det ei rekkje buplassar frå steinalderen.
Delar av Mongstad industriområde ligg i kommunen.
[endre] Kommunevåpenet
Kommunevåpenet er frå 1989 og viser tre bøygde sylvbjelkar på blå botn, der bjelkane symboliserar bruene som bind kommunen saman, og dei blå felta symboliserar himmelen over og havet under bruene. Det er Svein Skauge som har teikna det.
[endre] Kommuneplante
Tiriltunge (Lotus corniculatus) vart i 1998 vald ut til å vera kommuneplante for Austrheim.
[endre] På verdsveven
- Stor digitalisert fotosamling med bilete frå Austrheim.
- Detaljert kart på nettsidene til Fylkesmannen i Hordaland.
- Informasjonssenter for Nordhordland og Gulen.
- ssb.no - Kommunefakta for Hordaland frå Statistisk sentralbyrå
|