Steinalderen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinalderen er ei nemning på den epoken i menneskeslekta si historie da ein hovudsakleg bruka reiskapar av stein, tre og bein. Bruken av metall var enno ikkje kjend. Steinalderen blir ofte delt inn i tre periodar:
- Paleolitikum (ca. 2 millioner–8000 f.v.t.),
- Mesolitikum (ca. 8000–4000 f.v.t.) og
- Neolitikum (4000–1800 f.v.t.).
Steinalderen hadde ulik lengd i dei ulike delane av verda.
Perioden er den første i menneskehistoria der ein ser utstrekt bruk av teknologi, og ei spreiing av menneske til tidlegare ubebudde område. Han endar med utviklinga av jordbruket, domestisering av dyr og smelting av kopar. Han blir kalla ein prehistorisk periode, i den betydninga at han var forut for den nedskrivne historia.
Dei tok i bruk ei rekkje materialar. Nokre steinsortar, som f.eks. flint, vart forma eller knakka for å laga skjerereiskapar og våpen, mens andre steinsortar som basalt og sandstein vart bruka til å laga kverner og andre reiskapar. Tre, bein, skjel og horn vart òg mykje bruka. Når det er steinen som har gitt perioden namn skuldast dette at det er det materialet som blir best bevart, og som dermed har sett mest spor etter seg. Mot slutten av perioden tok dei også i bruk keramikk.
Steinalderen er den første perioden i treperiodesystemet, der bronsealderen og jernalderen utgjer dei to andre. Han vart vidare delt inn i dei tre underperiodane nemnde ovanfor av John Lubbock i boka Pre-historic Times frå 1865, ein klassikar innan forskinga på forhistorisk tid. Dei tre underperiodane er så inndelte i enda mindre underperiodar.
Kjelde: Bokmålswikipediaen [1]
Sjå òg: Steinalderen i Noreg