Fitjar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Fil:Fitjar kart.png | |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1222 |
Fylke: | Hordaland |
Administrasjonssenter: | Fitjar |
Flatevidd: | 141 km² |
Folketal: | 2 895 (2005) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.fitjar.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Agnar Aarskog (Ap) 2003-2007 |
Fitjar er ein kommune i Hordaland fylke, i Sunnhordland. Størstedelen av kommunen ligg på øya Stord, der kommunen Stord ligg i sør, og Fitjar kommune ligg i nord. Namnet Stord kjem av norrønt språk, og kan tyda den høgreiste. Namnet Fitjar er eigentleg eit gardsnamn. Namnet er fleirtal av norrønt fit, som tyder noko nær flatvoren, frodig eng attmed vatn.
I tillegg til Stord er mange øyar ut mot Selbjørnsfjorden ein del av øykommunen Fitjar.
Fitjar vart eigen heradskommune i 1860. Etter 1964 grensar kommunen i sør og søraust til Stord, i aust og nord til Tysnes, i nordvest mot Austevoll og i sørvest og sør til Bømlo. Før 1964 høyrde også søraustsida av øya Selbjørn og Huftarøy til Fitjar. Fram til 1898 var kommunenamnet Fitje.
Fitjar er kjend for slaget på Fitjar. Sogespelet «Kongen med Gullhjelmen» eller Håkonarspelet er eit spel til minne om kong Håkon I den gode og slaget. Kva år slaget stod, er ein ikkje viss på, men ein reknar at det var anten i år 959, 960 eller 961. Håkonarparken ligg i Fitjar med ein statue av Håkon den gode. Statuen er laga av bilethoggaren Anne Grimdalen og vart avduka av kong Olav V i 1961 under 1000-årsjubileet for slaget på Fitjar.
Europaveg 39, hovudvegen mellom Bergen og Stavanger, går over øya. Sandvikvåg har ferjesamband nordover til Halhjem i Os og Husavik i Austevoll.
[endre] Eksterne lenkjer
|