Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jondal er ein kommune i Hordaland fylke, i Hardanger. Jondal kommune ligg på Folgefonnhalvøya på sørsida av Hardangerfjorden. Kommunen grensar mot Odda og Kvinnherad kommunar i sør, mot Ullensvang herad i aust og nordaust og mot Kvam herad i vest og nordvest. Delar av isbreen Folgefonna ligg i kommunen. Folgefonn sommarskisenter gjev vintersportstilbod mestedelen av året. Kommunevåpenet for Jondal viser tre skråstilte båtshakar, i gull på raud botn.
[endre] Folk med tilknytting til Jondal
[endre] På verdsveven