Kvinnherad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Fil:Kvinnherad kart.png | |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1224 |
Fylke: | Hordaland |
Administrasjonssenter: | Rosendal |
Flatevidd: | 1137 km² |
Folketal: | 13 122 (2005) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.kvinnherad.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Bjarne Berge (Tverrpol. liste) 2003-2007 |
Kvinnherad er ein kommune i Hordaland fylke, i Sunnhordland. Han omfattar den vestlege delen av Folgefonnhalvøya, i tillegg til bygdene Ølve og Hatlestrand på nordsida av Hardangerfjorden og fleire øyar, mellom anna Varaldsøy, Halsnøy, Fjelbergøy og Borgundøy.
Den største tettstaden i Kvinnherad er Husnes, med om lag 6 000 innbyggjarar.
Kommunesenteret Rosendal er eit vidgjete turistmål. Baroniet i Rosendal er det einaste baroniet i Noreg. Baroniet er eit museum og eit kultursenter.
Området kring Mauranger og Rosendal er eit fjordlandskap med variert natur. I området er det mange fossar. Mange vassdrag renn ned frå isbreen Folgefonna. Vassdraga gjev grunnlag for stor vasskraftproduksjon. Sør-Norge Aluminium (Søral) får kraft frå vasskraftverka. Fiskeoppdrett og skipsbygging (Umoe Scat Harding) er industri knytt til vatn, kysten og havet.
Sjølv om størstedelen av kommunen ligg på fastlandet, var Kvinnherad fram til Folgefonntunnelen mot Odda opna i 2001 heilt avhengig av ferjesamband til omverda. I sør går det ferje frå Utåker og Matre til Skånevik i Etne. Frå Løfallstrand går det ferje nordover til Varaldsøy og Gjermundshamn, som begge ligg innanfor Kvinnherad kommune. Frå Sunde på fastlandet går det ferje vestover til Ranavik på Halsnøy og Skjersholmane på Stord. Øyane Fjelbergøy og Borgundøy har ferjesamband til Utbjoa i Vindafjord, Sydnes på Halsnøy og (sjeldan) til Skjersholmane på Stord.
[endre] Namnehistorie
Namnet Kvinnherad kan delast i to delar der fyrste delen er den mest interessante. Her er to moglege forklaringar på «Kvinn»:
- Kvinn kan ha utvikla seg frå tvinn som kan ha samanheng med dei to elvene Hattebergselva og Melselva som møtast og renn i lag til sjøen i bygda Rosendal. Kommunevåpenet til Kvinnherad symboliserer dette.
- Kvinn kan koma av det norrøne ordet kvinde eller liknande, som tyder skypumpe. Fenomenet førekjem relativt ofte i Kvinnheradsfjorden. Språklege utviklingslovar talar i utgangspunktet i mot dette, men ein kan ikkje heilt forkasta denne tolkinga.
Ordet herad kan tyda kommune eller bygd.
[endre] Eksterne lenkjer
[endre] Aviser
Kvinnherad er særs godt dekka med nyhendemedia. To papiraviser: Kvinnheringen med hovudkontor på Husnes og Grenda i Rosendal. To nettaviser: Kvinnheradguiden.no og innsida.no, begge med kontor på Husnes. Regionale aviser: Bergens Tidende, Sunnhordland Haugesunds Avis og Hardanger Folkeblad har nokre oppslag om ting som skjer i Kvinnherad.
|