Radøy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Fil:Radoy kart.png | |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1260 |
Fylke: | Hordaland |
Administrasjonssenter: | Manger |
Flatevidd: | 110 km² |
Folketal: | 4 656 (2005) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.radoy.kommune.no/ |
Politikk | |
Ordførar: | Olav Steinar Namtvedt (Sp) 2003-2007 |
Radøy er ein kommune og ei øy i Hordaland fylke, i Nordhordland. Kommunen grensar i aust til Lindås kommune, over fjordane som ellers omgir Radøy, ligg Meland i sør, Øygarden i vest og Austrheim i nord. I 1964 vart dei tidlegare kommunane Manger, Sæbø og Hordabø slegne saman til Radøy kommune. I tillegg kom Bognøy frå tidlegare Herdla herad, Straume krins med Fesøy frå Austrheim herad og Sletta krins frå Lindås herad. Titland som tidlegare hadde høyrt til Sæbø, vart overført til Lindås kommune.
Vestnorsk Utvandringssenter ligg på Sletta på Radøy.
[endre] Kommunevåpenet
Motivet på kommunevåpenet symboliserar båtfunnet på Mangersnes, eit av dei eldste funna av småbåtar i Noreg, og er to svarte keipar på gul botn. Kommunevåpenet er teikna av Even Jarl Skoglund og vart godkjent ved kongeleg resolusjon 14. juni 1991.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |
|