Sveio
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Fil:Sveio kart.png | |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1216 |
Fylke: | Hordaland |
Administrasjonssenter: | Sveio |
Flatevidd: | 246 km² |
Folketal: | 4 672 (2005) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.sveio.kommune.no/ |
Politikk | |
Ordførar: | Jorunn Skåden (Ap) 2003-2007 |
Sveio er den sørlegaste kommunen i Hordaland fylke. Han ligg på ei halvøy som peiker nordover og grenser til Haugesund og Tysvær i Rogaland fylke. Halvøya ligg mellom Bømlafjorden i vest og Ålfjorden i aust. Sveio kan både reknast for å høyra til Haugalandet og Sunnhordland.
Folk bur spreidd i fleire tettstader, dei største er Førde, Sveio, Valevåg, Auklandshamn og Buavåg. Sveio har fleire vatn med røsslyngheier rundt, og seks slike område er verna.
Området har vore busett sidan steinalderen. Det ligg godt til ut mot havet, midtvegs mellom Haugesund og Bergen, og var lenge viktig for reisande langs kystleia.
Trekantsambandet med undersjøisk tunnel gjev samband nordover til øya Stord. Europaveg 39, hovudvegen mellom Bergen og Stavanger, går gjennom kommunen. Buavåg har ferjesamband til Langevåg sør på Bømlo.
[endre] Lenkjer ut
- Korleis kome seg til Sveio, med kart over kommunen
- Om verna våtmarksområde i Sveio
- Kommunefakta (Hordaland) - frå Statistisk sentralbyrå
|