Mongstad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mongstad er eit område i kommunane Lindås og Austrheim i Hordaland fylke. Mongstad er særleg kjend på grunn av Mongstad oljeraffineri, som vart sett i drift frå 1975. I tillegg er Mongstad bygd opp som ein terminal og lagringsstad for råolje. Kaien ved Mongstad kan ta i mot skip på inntil fire hundre tusen tonn. Før raffineriet vart bygd, var området mest nytta til jordbruk. Mongstad vart kjend gjennom Mongstad-skandalen mot slutten av 1980-talet. Kostnadsoverskridingar i samband med utbygging av oljeraffineriet gjorde at leiinga i oljeselskapet Statoil måtte gå av i 1987. Overskridinga synte seg til slutt å vera på kring seks milliardar norske kroner. Ein slik sum vart i media kalla ein mong, oppkalla etter Mongstad. Mongstad-saka inspirerte forfattaren Georg Johannesen til å skriva ein satirisk og samfunnskritisk roman, Romanen om Mongstad.
[endre] Litteratur
- Georg Johannesen: Romanen om Mongstad, Oslo 1989 ISBN 82-02-12018-7, ISBN 82-574-0737-2
- Karl Kolstad: Mongstad. Frå utkantbygd til industristad, Oslo Det Norske Samlaget 1999 ISBN 82-521-5176-0