Tysnes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Fil:Tysnes kart.png | |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1223 |
Fylke: | Hordaland |
Administrasjonssenter: | Uggdal |
Flatevidd: | 255 km² |
Folketal: | 2 825 (2005) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.tysnes.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Helge Hauge (Sp) 2003-2007 |
Tysnes er ein kommune i Hordaland fylke, i Sunnhordland. Mestedelen av kommunen ligg på øya Tysnesøy, men i tillegg er det fleire andre øyar i kommunen. Mellom anna kan nemnast øya Reksteren.
Tysnes vart eigen kommune i 1838.
Njardarlog er eit gamalt namn på Tysnes. Namnet kjem av den norrøne guden Njord.
Avisa Tysnes er lokalavis.
Høgaste fjellet på Tysnes er Tysnessåta (753 moh.)
Tysnes har ferjesamband sør- og vestover frå Hodnanes til Jektevik og Huglo i Stord kommune. Nordover går det ferje frå Våge til Halhjem i Os. Lukksund bru knyter kommunen til Fusa på fastlandet.
[endre] Eksterne lenkjer
|