Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eidfjord er ein kommune i Hordaland fylke, i Hardanger. Eidfjord kommune ligg inst i Hardangerfjorden. Eidfjord vart eigen heradskommune i 1891, då heradet vart utskilt frå Ulvik heradskommune. I 1964 vart kommunen slegen saman med Ullensvang kommune. I 1977 vart Eidfjord nok ei gong sjøvstendig kommune. Kommunen grensar i nord til Ulvik herad, og i vest til Ullensvang herad. I aust grensar Eidfjord til Hol kommune og Nore og Uvdal kommune i Buskerud fylke.
Lokalavisa Hardanger Folkeblad tek mål av seg til å dekkja Eidfjord. Regionavisa Bergens Tidende har noko stoff frå kommunen.