Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvam herad ligg i Hardanger i Hordaland fylke. Kommunen grensar i nord mot Voss, i sør mot Kvinnherad, og i vest mot Fusa og Samnanger. I aust ligg Hardangerfjorden og på austsida av fjorden ligg Ullensvang herad og Jondal kommune. Kvam er ein av dei kommunane i landet som nyttar nemninga "herad" i staden for "kommune". Kommunen ligg om lag ein times køyring frå Bergen. Kommunen har tre tettstadar: Norheimsund, Øystese og Ålvik. Fleire av bygdene i Kvam som ikkje har tettstadstatus, er òg pulserande lokalsamfunn, mellom anna Strandebarm, Fykse, Innstranda, Mundheim, Omastrand, Steinsdalen, Tørvikbygd og Vikøy. Fjellplatået mot Bergen vert kalla Kvamskogen og er ein populær utfartsstad for bergensarar og andre hordalendingar. På Kvamskogen er det kring 1500 hytter, 16 skitrekk og 50 km langrennsløyper. Høgste punkt i Kvam er Fuglafjell på 1336 moh.
Ein person som kjem frå Kvam herad, vert gjerne kalla ein kvemming.
[endre] Personar med tilknytting til Kvam
- Jon Fosse, forfattar
- Geirr Tveitt, komponist
- Per Øyvind Heradstveit, journalist
- Valgerd Svarstad Haugland, politikar og tidlegare statsråd
- Heidi Marie Vestrheim, musikar
- Svanhild Mundheim, hallodame i NRK
- Yngve Sundvor, regissør
- Torbjørn Hansen, politikar, stortingsrepresentant for Høgre
- Arne Johannessen, forbundsleiar i Politiets Fellesforbund
- Gunnar Aksnes, professor i organisk kjemi
- Kaare Aksnes, professor i teoretisk astrofysikk
- Isak Nilsson Botnen, felebyggar
etc.
[endre] På verdsveven