Palau
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Rainbow's end (engelsk, 'Ved enden av regnbogen') |
|||||
Offisielle språk | Engelsk og palauisk (Japansk i Angaur) | ||||
Hovudstad | Koror | ||||
Styresett |
Republikk Tommy Remengesau |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
458 km² (198.) 0 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
20 303 (189.) — 44/km² (126.) |
||||
Sjølvstende Frå USA |
1. oktober 1994 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
— (—.) — (—.) |
||||
Valuta | Amerikansk dollar | ||||
Tidssone | UTC +9 | ||||
Nasjonalsong | Belau loba klisiich er a kelulul | ||||
Nasjonaldag | 9. juli | ||||
Internasjonal telefonkode | +680 | ||||
Nasjonale toppdomene | .pw | ||||
Republikken Palau (òg skrive Belau) er ein øynasjon i Stillehavet, rundt 500 km aust for Filippinane. Det oppnådde sjølvstende frå USA i 1994, og er med det ein av verdas yngste og tynnast folkesette nasjonar.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Palau vart fyrst busett for rundt 4000 år sidan, antagelegvis av immigrantar frå det som i dag er Indonesia. Britiske handelsmenn byrja å kome til øya på 1700-talet, fylgt av utvidande spansk innflytnad på 1800-talet. Etter å ha vorte overvunne i den spansk-amerikanske krigen, sal Spania Palau og resten av Caroline-øyane til Tyskland i 1899. Kontrollen gjekk til Japan i 1914, og så til USA under oppsyn av FN i 1947, som del av mandatoriet av Stillehavsøyane.
Fire av mandatdistrikta forma ein mikronesisk stat i 1979, men Palau og Marshalløyane nekta å delta. Palau, de vestligaste av Caroline-øyane, gjekk heller for sjølvstende i 1978. I 1981 fikk dei ei grunnlov, og vart til Republikken Palau, og i 1982 signerte dei ei avtale med USA, som gjorde at dei vart ein sjølvstendig nasjon frå 1. oktober 1994.
[endre] Politikk
Palau er ein demokratisk republikk med direkte valde utøvande og lovgjevande greiner. Presidentval finn sted kvart fjerde år, og president og visepresident vert valde uavhengig av kvarandre. Palau sin nasjonalkongress består av to kammer – Senatet og House of Delegates. Senatet har ni medlemmer, valde på nasjonalt nivå. House of Delegates har 16 medlemmer, ein frå kvar av Palau sine statar. Kvar stat vel òg ein eigen guvernør og lovgjevande forsamling.
Det juridiske systemet består av Supreme Court, National Court, Court of Common Pleas og Land Court. Supreme Court har rettssaker og appellative divisjonar, og overvakast av Chief Justice.
Det har vore rolig i fleire år no, men på 80-talet var det mykje politisk vald i Palau. Republikken sin fyrste president, Haruo I. Remeliik, vart myrda i 1985, og statsministeren vart funnen skuldig for drapet. Landet sin tredje president, Lazurus Salii, tok sjølvmord i 1988 på grunn av bestikkingsanklager. Salii sin personlege assistent hadde då vore fengsla i fleire månader allereie, etter å ha vorte dømt for å avfyre skot i House of Delegate sin formann sin heim.
Presidenten er i tillegg til å være regjeringssjef, òg statsoverhovud. Det finst ingen politiske parti i Palau.
[endre] Delstatar
Palau er inndelt i seksten administrative område, kalla delstatar.
|
|
[endre] Geografi
Palau sine viktigaste øyar er Angaur, Babeldaob, Koror og Peleliu, som ligg nær kvarandre ved det samme revet. Rundt to tredelar av folkesetnaden lev på Koror. Nord for desse øyane ligg korallatollet en Kayangel, medan dei ubebudde Steinøyane ligg vest for hovudgruppa av øyar. Ei avsidesliggande gruppe av seks øyar, kjende som Sørvestøyane, rundt 600 km frå hovudøyane, er òg ein del av landet.
[endre] Klima
Palau har eit tropisk klima året rundt, med ein gjennomsnittstemparatur på 27 °C. Det kan regne når som helst på året; den årlege gjennomsnittsnedbøren er på 3800 mm. Det er i gjennomsnitt 82 % luftfuktigheit, og sjølv om det regnar mest mellom juli og oktober, er det likevel mykje solskin. Tyfonar er sjeldne, sidan Palau ligg utanfor tyfonsonen.
[endre] Økonomi
Palau sin økonomi består for det meste av turisme, etterfylgt av jordbruk og fiske. Regjeringa er den største arbeidsgjevaren, men landet avheng veldig av finansiell støtte frå USA. I finansåret 2000/2001 kom det 50 000 turistar og forretningsfolk til landet. Folkesetnaden har ei nettoinntekt som er dobbelt så høg som Filippinane og det meste av Mikronesia. Dei langsiktige utsiktene for turistsektoren har vorte betra av aukande luftfart i Stillehavet, den aukande rikdommen til austasiatiske land, og utlendingar si villigheit til å finansiere infrastrukturutvikling.
I juli 2004 vart Paulu Micronesia Air lansert, med ruter frå Palau til Yap, Guam, Mikronesia, Saipan, Australia og Filippinane.
[endre] Demografi
Rundt 19 000 menneske bur på Palau. Den største etniske folkegruppa er innfødde palauanarar (70 %), av melanesisk etnisitet. mikronesarar, polynesarar, indoeuropearar, asiatar (for det meste frå Filippinane) og europearar utgjer minoritetsgruppene. To tredelar av folkesetnden er kristne, men modekngei (ein kombinasjon av kristendom, tradisjonell palauisk religion og eventyr) og palauisk urreligion er òg veldig vanlig.
Dei offisielle språka er engelsk og palauesisk, utanom tre statar (Sonsorol, Hatohobei og Angaur), der det lokale språket er offisiellt i staden for palauesisk. I Angaur er òg japansk offisielt.
Land i Oseania |
Australia | Fiji | Kiribati | Marshalløyane | Mikronesiaføderasjonen | Nauru | New Zealand | Palau | |
Kategoriar: Palau | Mikronesia | Land i Oseania | Øyar