Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Nedbør - Wikipedia

Nedbør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Regnbyge i Danmark
Forstørr
Regnbyge i Danmark

Nedbør er eit meteorologisk samlingsnamn for ulike former av vatn som fell ned frå himmelen. Det kan koma i form av regn, snø, hagl, underkjølt regn, virga og sludd. Nedbør er ein svært viktig del av vasskrinslaupet, og er kjelda til mesteparten av ferskvatnet på Jorda. Kondensering som dogg eller skodde blir ikkje rekna som nedbør.


Innhaldsliste

[endre] Korleis nedbør blir danna

Kondensasjon og koalesens er ein viktig del av vasskrinslaupet
Forstørr
Kondensasjon og koalesens er ein viktig del av vasskrinslaupet

[endre] Kondensasjon

Nedbør blir danna i samband med at relativ varm og fuktig luft stig. Når lufta blir avkjølt byrjar vassdamp å kondensere på kondensasjonskjerner og dannar skyer. Når skydropane har blitt store nok kan to prosessar føre til nedbør, koalesens og Bergeronprosessen.

[endre] Koalesens

Koalesens skjer når vassdropar kolliderar og smeltar saman til større dropar, eller når vassdropar frys på ein iskrystall. På grunn av luftmotstanden er vassdropane i ei sky meir eller mindre stasjonær. I samband med luftturbulens kolliderar vassdropane og dannar større dropar. Koalesensprosessen held fram til dropane er blitt så store at luftmotstanden ikkje kan halde på dei lenger og dei fell ut av skya som regn.

[endre] Bergeronprosessen

Bergeronprosessen er ein prosess der underkjølte vassdropar frys på iskrystallar. Når desse iskrystallane veks og blir tunge nok, vil dei byrje å falle og få auka masse ved koalesens med andre iskrystallar og vassdropar. Denne prosessen er avhengig av temperatur, sidan underkjølte dropar berre eksisterer i skyer som er under frysepunktet. På grunn av den store temperaturskilnaden mellom sky og jordoverflate, kan iskrystallane smelte og bli regn på vegen mot bakken.Hehe, det er ikke sant;D

[endre] Nedbør

Nedbør er eit produkt av vassdamp som har kondensert i atmosfæren og falt tilbake att på jordoverflata. Nedbør blir delt inn i tre kategoriar:

Flytande nedbør, Underkjølt nedbør og Frosen nedbør

  • Flytande nedbør:
  • Frosen nedbør:
    • Snø (SN)
    • Snøkorn (SHGS)
    • Kornsnø (SG)
    • Isnåler (PL)
    • Hagl (SHGR)
    • Iskrystallar (IC)

Koden i parentes er METAR kode for nedbørtypen.

[endre] Nedbørsformar

[endre] Konvektiv nedbør

Konvektiv nedbør
Forstørr
Konvektiv nedbør

Konvektiv nedbør oppstår frå konvektive skyer, t.d. cumulonimbus eller cumulus congestus, som byger. Sidan konvektive skyer ikkje har så stor horisontal utstrekking vil ikkje ei enkelt byge dekke eit stort område, men dei kan til gjengjeld ha svært kraftig intensitet. Konvektiv nedbør er mest viktig i tropane. Hagl er alltid eit teikn på konveksjon. På midlare breidder er konvektiv nedbør assosiert med kaldfrontar (ofte bak fronten), bygelinjer og varmfrontar med store mengder fukt.

[endre] Stratiform nedbør

Stratiform eller storskala nedbør oppstår ved at lufta sakte (cm/s) stig i samband med synoptiske system som kaldfrontar eller føre varmfrontar.

[endre] Orografisk nedbør

Orografisk nedbør
Forstørr
Orografisk nedbør

Orografisk nedbør oppstår på losida av fjell i samband med at storskala luftstraumar mot ei fjellkjede hevar lufta oppover i høgda. Lufta blir adiabatisk avkjølt og kondenserar. I område av verden med forholdsvis vedvarande vindretning vil klimaet på vindsida av fjellet ofte vere vesentleg forskjellig frå klimaet på lesida av fjellet. På vindsida vil fjella føre til orografisk nedbør, medan lesida ofte blir liggande i ein regnskugge med fønvind i tillegg. Ein treng ikkje sjå lenger enn til Sør-Norge for å finne eit godt døme på dette der Vestlandet har vesentleg våtare klima enn Austlandet.

[endre] Måling av nedbør

Utsida av ein nedbørsmålar.
Forstørr
Utsida av ein nedbørsmålar.

Nedbørmålingar blir føretatt i spesiallaga nedbørsmålarar med vindskjerm som til dels tar høgde for at kraftig vind kan føre til at nedbøren treff målaren i ein for liten horisontal vinkel, slik at lite nedbør kjem opp i nedbørmålaren.

Ein målar ofte nedbør i millimeter, som viser til kor høgt vatnet i flytande form ville stått over bakken om det ikkje sokk i jorda eller rann vekk. 1 millimeter nedbør er det same som 1 liter/m2.

Nedbøren blir vanlegvis målt ein eller to gonger i døgeret, medan enkelte stasjoner måler fire gonger. Nedbøren blir målt til same tid over heile verda, kl. 06 UTC og kl. 18 UTC. Stasjonar som berre målar nedbør ein gong i døgeret målar den kl. 06 UTC. Tidsperioden frå kl. 06 UTC til kl. 06 UTC neste dag blir kalla eit nedbørsdøgn.

[endre] Nedbør i Noreg

I Noreg er det mest nedbør på Vestlandet. Det er to årsakar til det. Sør-Noreg ligg midt i vestavindsbeltet, og mange av lågtrykka som kjem inn mot Europa passerer i nærleiken av Sør-Noreg. Frontsystema desse bringer med seg kjem ofte inn mot Vestlandet. I tillegg vil Langfjella som deler Sør-Norge på langs føre til orografisk nedbør i vest. Frå september til januar regnar det omlag 2 av 3 dagar på Vestlandet og i løpet av eit år får enkelte stader over 3000 mm. Nordover i landet er det derimot mykje mindre nedbør, hovudsakleg fordi temperaturen er lågare her og lufta kan ikkje halde på så mykje fukt som lenger sør.

Austlandet har òg mykje mindre nedbør enn i vest, mest fordi Langfjella fører til ein regnskuggeeffekt på austsida. Dei nordlege dalstrøka på Austlandet er blant dei tørraste områda i landet på grunn av fjell både i vest og i nord.

[endre] Årlege nedbørnormalar

[endre] Sjå òg

[endre] Lenkjer ut

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com