Færøyane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Ålmennt mål | Færøysk | ||||
Hovudstad (Høvuðsstaður) | Tórshavn | ||||
Lagmann | Jóannes Eidesgaard | ||||
Flatevidd - Total - % vatn |
1 399 km² 0,5% |
||||
Folkesetnad - Total (2004) - Folketettleik |
48 344 33,1/km² |
||||
Sjølvstende | Ikkje fullt sjølvstende. (Heimestyre (Heimastýri) sidan 1948.) | ||||
Pengar | Dansk krone | ||||
Tidssone | UTC +0 | ||||
Nasjonalsong (Tjóðarsangur) | Tú alfagra land mítt | ||||
Nettdomene (Allnótsøki) | .fo | ||||
Landsnummer | 298 | ||||
Elektrisk spenning | 230V, 50 Hz |
Færøyane (færøysk: Føroyar, dansk: Færøerne) (tyder «saueøyane») er ei øygruppe som ligg nord for Skottland. Øyane var tidlegare ein del av Noregsveldet, men har sia 1814 vore ein del av Kongeriket Danmark. Færøyane blei likevel allereie i 1709 administrativt lagt til Sjælland stift. Sia 1948 har øyane hatt indre sjølvstende, med to representantar i det danske Folketinget. Administrativt er Færøyane delt opp i seks sysl og 34 kommunar. Færøyane er ikkje medlem av EU, til tross for at Danmark er det.
Færøyane består av 18 øyar av vulkansk opprinnelse. Øygruppa har 50 000 innbyggarar, derav 17 000 bur i hovudstaden Tórshavn, kalla opp etter den norrøne guden Tor.
[endre] Historie
[endre] Irske munkar busett seg på Færøyane
Da Færøyane for fyrste gang blei besøkt av vikingane i 795 traff dei munkar frå Irland, som levde ein einebuartilværelse på øyane. Desse munkane fann inga urbefolking som dei kunne omvende. Dei tilbragte tida med å drive fåreavl og plantedyrking (blant anna dyrka dei havre). Ein antar at dei irske munkane kom omkring år 625. Sannsynlegvis flytta munkane videre til Island i tida rundt da nordmennane kom til øyane.
[endre] Norsk kolonisering
Øyane blei kolonisert av nordmenn på 800-talet, og ein meiner at dei fyrste busettarane kom i tida etter år 825. Desse var hovudsakleg vikingar frå Noreg, samt skottar og irar.
For å opprettholde lov og orden blei Alltinget etablert i år 900 etter mønster frå dei norske tinga på denne tida, som Frostatinget. Alltinget er med sitt nåverande namn Lagtinget den eldste lovgivande forsamlinga i verda, au eldre enn det islandske Alltinget. Alltinget blei samla om sommaren på halvøya Tinganes ved Tórshavn. Den sentrale beliggenheiten til staden og øya Nólsoy som vernar staden mot dei verste stormane frå aust, var avgjørande for plasseringa til tinget. Forhandlingane til Alltinget blei leia av ein lagmann. På alltingsmøta tok ein seg av sakene til landet, vedtok lovar og mekla ved stridigheiter og forente dermed både den utøvande, den lovgivande og den dømmande makta. At alle frie menn var like for loven, var eit sentralt omgrep.
Ein meiner at det var lokale ting i kvar av dei seks regionane: Suðuroy, Sandoy, Vágar, Streymoy, Eysturoy og Norðoyar.
[endre] Kristendommen blir innført
I 999 går Sigmundur Brestisson til åtak. Han var ein vikinghøvding som kom på kongebud for å forkynne læra om Hvíta Krist, og med våpenmakt skal færøyingane bli tvinga til å gå over til kristendommen. Med 30 menn møtte høvdingen Tróndur i Gøta i Lagtinget på Tinganes, men Tróndur og dei øvrige færøyingane i forsamlinga avviser den nye læra, fordi dei såg på kristendommen som Sigmundurs unnskyldning for å ta makta over øyane. Sigmundur vel da ein annan metode i misjonsarbeidet sitt. I nattas mulm og mørke seglar han med mannskapet sitt til Gøta og inn på Tróndurs gård, der han heiv Tróndur ut av senga og ga ham valet mellom å bekjenne seg til den kristne trua eller å bli halshogd.
Tróndur var pragmatisk og val det fyrste, men i fylgje Færøyingesagaen svor Tróndur hemn i 1005, og samla seinare mennene sine i ein nattleg aksjon ved å angripe Sigmundur på Skúvoy, der dei tok Sigmundur på senga. Sigmundur og hans tru fylgjesvenn og fetter Tóri Beinirsson sprang i havet sammen med Einar på Suðuroy. Svemjeturen deira er legendarisk og blant anna gjengitt i kvadet Sigmundarkvæði yngra (Det yngre kvadet om Sigmundur), som kvart einaste skolebarn på Færøyane stiftar kjennskap til i undervisinga. Mens Tóri og Einar døde på svemjeturen, greide Sigmundur å komma fram til Sandvík på Suðuroy, der han blei drepen av bonden Torgrímur Illi, som var ein av mennene til Tróndur.
[endre] Færøyane blir norsk len
Heilag-Olav oppfordra noen viktige menn frå Færøyane, lagmann Gille, Tórolvur Sigmundsson og Leivur Øssursson, om å komma til Noreg for å bli hirdmennene hans i 1024. Men så lenge Tróndur i Gøta levde, klarte ikkje Heilag-Olav å få full kontroll over Færøyane. Etter Tróndur i Gøta dør i 1035 tok Leivur Øssurson Færøyane i len til den norske kongen Magnus den Gode same år. Dette markerer slutten på både vikingtida på Færøyane og på sjølvstenden til Færøyane.
Færøyane bispedømme blei grunnlagt i 1111 under erkebiskopen i Nidaros og med Kirkjubøur som sete. Her skreiv Biskop Erlendur i 1298 det eldste kjente dokumentet på Færøyane, Fårebrevet. Han begynte au på Magnuskatedralen i Kirkjubøur, som i dag er ein kyrkjeruin.
Kong Sverre blei født i Kyrkjubøur på Færøyane i 1151. Han må ha vore spesielt emnerik, for biskop Roe på Færøyane sette han i prestelære. Som vaksen skal Sverre ha fått høyre av mor si at han var son av kong Sigurd Munn. Om dette stemte eller ikkje er uvisst, så gav det i alle fall legitimitet til eit meir storstilt prosjekt enn ei karriere i kyrkja. Sverre tok kontakt med den leiande opprørsflokken i landet, Birkebeinarane, som stod utan hovding etter at Øystein Møyla hadde falle i slaget på Re. Dei tok Sverre til hovding, og han viste seg raskt som ein taktisk dyktig hærførar. I løpet av kort tid greidde han å få seg sjølv hylla som konge på Øyratinget, men det tok fleire år før kongsmakten var endeleg sikra.
1274 trådde den Yngre gulatingslova i kraft. Lagmannen, som til nå hadde vore folkevald, blei frå nå av kongeleg embetsmann. Alltinget blei omdanna til eit lagting, som bare hadde rett til å dømme og ikkje utforme lovar.
[endre] Færøyane blir mindre viktig for Noreg
Håkon V Magnusson flytta hovudstadsfunksjonane frå Bergen til Akershus festning i 1299 og retta dei utanrikspolitiske linene austover, noe som gikk i mot den tidlegare utanrikspolitiske retninga som kongemakten hadde fulgt, med sterk satsing på dei nordatlantiske områda i vest for å holde på og sikre Noregsveldet. Noreg mista kontakta vestover med dei engelske øyane, og enda viktigare, med Færøyane og Island.
[endre] Kalmarunionen
I 1380 går Noreg sammen med koloniane sine, Færøyane, Orknøyane, Hjaltland, Island og Grønland, inn i ein union med Danmark. 17 år seinare, i 1397, dannast Kalmarunionen der au Sverige inngår. Kalmarunionen er ein personalunion der landa har felles konge. Imidlertid var det eit norsk riksråd som ved kongevala frå 1380 til reformasjonen i 1536 i prinsippet kunne ha valt ein annan konge enn den ein hadde i Danmark. Etter reformasjonen blei det norske riksrådet nedlagt og Noreg og koloniane til landet lagt under Danmark.
[endre] Reformasjon og monopolhandel
Reformasjonen kom til Færøyane i 1538, to år etter Danmark. Øyane blei eit prosti under biskopen i Bergen. Kongen overtok 2/3 av jorda. Bispesetet og prestestolen i Kyrkjubøur blei nedlagt, og i 1547 blei latinskolen grunnlagt. Begynnelsen av reformasjonen markerar starten på perioden til det danske språket, da dansk blei innført som kyrkje- og amtsspråk. Perioden varte til midten av 1800-talet.
I 1579 fikk den færøyske sjøhelten Magnus Heinason handelsmonopol på all handel til og frå Færøyane og han oppførte festinga Skansin i Tórshavn som eit vern mot sjørøvarar. Magnus Heinason mista handelsmonopolet etter fire år, etter beskyldingar om svindel og dårlege varer. I 18. januar 1589 blei Heinason dømt til døden ved avretting for sjørøveri i København til fordel for Nederland, men blei etter døden sin frifunne for anklagane.
København overtok handelsmonopolet frå Bergen i 1619, og i 1620 kom den færøyske kirka under biskopen på Sjælland.
Gabeltida omtalast som den mørkaste perioden i historia til Færøyane. Den vara frå 1655, da Christoffer Gabel blei lensherre på Færøyane, til 1709 da sonen Frederik Gabel døde. I 1662 fikk Gabel au handelsmonopolet og Færøyane blei nærmast styra som ein privat koloni.
Presten Lucas Debes var ein av dei største motstandarane til Gabel, og han reiste med ein færøysk delegasjon til København i 1673, der han fortalte kongen om Gabels vilkår. Da ein kongeleg kommisjon kom fram til Færøyane samme år, blei Tinganes ramma av ein brann der dei fleste handelsbygningane og dokumenta gikk med. Noen hevda på den tida at mennane til Gabel stod bak brannen.
I 1709 overtok den danske staten handelsmonopolet, eit monopol som vara til 1856.
Nólsoyar Páll var motstandar av handelsmonopolet og kjempa for frihandel og sjølvstende for Færøyane. Fuglakvæði hans er ei vise der tjelden symboliserer han sjølv, og dermed au den frie færøyingen. I 1804 bygde han saman med Royndin Fríða Færøyanes fyrste sjølveigde skip sia Magnus Heinasons tid. Skipet hans kom godt med da Færøyane i 1807 var trua av hungersnød under krigen mellom Danmark og England. Nólsoyar Páll satte inn skipet sitt for å skaffe korn til øyfolket. Han omkom i eit forlis vinteren 1808/1809 og er nå nasjonalhelten til Færøyane.
[endre] Del av Danmark etter Kielfreden
Ved Kielfreden i 1814 mista Danmark Noreg til Sverige, mens Færøyane, Island og Grønland blei igjen i det danske riket.
I 1816 blir det færøyske Lagtinget nedlagt etter ordre frå den danske kongen Fredrik VI etter å ha eksistert i 900 år. Færøyane blir eit dansk amt styra av fire danske embetsmenn, og einkvar færøysk innflytelse på landets styring blir fjerna. Den dømmande funksjonen blir ivaretatt av sorenskrivaren, som einaste dommar i alle rettsaker.
Færøyingane ønskar å få gjenoppretta Lagtinget, men dette blir avslått av Stænderforsamlinga i Roskilde i 1844 og 1846.
26. mars 1852 underskriv Fredrik VII lova om gjenopprettinga Lagtinget. Lagtinget skal fungere som eit amtsråd og fikk bare rådgivande styresmakt i færøyske saker. Det einaste Lagtinget fikk råderett over, var midla til kirka. Lova om gjenopprettinga av Lagtinget kom i kraft to år seinare, i 1854, men det fyrste Lagting blei samla allereie i 1852 etter lagtingsvalget den 30. juni.
[endre] Nasjonal vekking
Frå midten av 1800-talet auka den nasjonale bevisstheiten gradvis på Færøyane. Venceslaus Ulricus Hammershaimb starta arbeidet med å skape det færøyske skriftspråket og utgav ein rettskrivingsstandard i 1854. Sjølv om dette kunne ha vore ein moglegheit til å skape ei lydnær rettskriving, som i walisisk, valte han å legge fram ei rettskriving samanfallande med ein ubroten skriftleg tradisjon frå det gamle norrøne målet.
Hammershaimbs grammatikk blei møtt med litt motstand, fordi han var så innfløkt, og ei rivaliserande rettskriving blei konstruert av Jakob Jakobsen. Jakobsens versjon lå nærare det talte språket, men blei aldri tatt i bruk av folk flest.
Etter ei nasjonal vekking på Julemøtet i 1888 blei den færøyske foreninga Føroyingafelag stifta få veker seinare. Det færøyske sjølvstendepartiet Sjálvstýrisflokkurin blei stifta i 1906. Partiet blei stifta som ei motvekt til det liberale danskvenlege partiet Sambandsflokkurin, som ville oppretthalde den nuværende statsretslige stilling. Til å begynne var hovudstrida mellom dei to partia den færøyske språkstriden. Striden blei tilspissa da den danske regjeringa, etter samråd med Sambandspartiet, i 1912 bestemte at undervisningsspråket i den færøyske grunnskolen skulle vera dansk. Denne bestemmelsen blei oppheva i 1938.
For å markere ønsket om færøysk sjølvstende blei snora til Dannebrog kutta under ei høgtideleg opning av Lagtinget under Ólavsøkan i 1930, og det uoffisielle færøyske flagget heist. Den høgaste danske embetsmann på Færøyane, amtmann Hjalmar Ringberg, forlot staden i protest. Episoden blir i dag omtalt som Flaggskandalen.
[endre] Britisk okkupasjon under andre verdskrig
Den strategiske plasseringa til Færøyane i Nord-Atlanterhavet gjorde at statsministeren i Storbritannia, Winston Churchill, kunngjorde 11. april 1940 i ein radiotale på BBC at dei ville sende to destroyarar til Tórshavn for å okkupere Færøyane 12. april 1940, tre dager etter Tysklands okkupasjon av Danmark. Churchill hadde fått forsikringar frå færøysk hold at britiske soldatar var velkomne.
Øyane som tidlegare var avhengig av økonomiske overføringar frå Danmark, var nå helt avhengig av Storbritannia. Britane befesta stillingar på strategisk viktige stader. Sund og fjordar blei minelagt, og på Vágar bygde britiske ingeniørsoldatar ein militær flybase.
8 000 britiske soldatar var stasjonert på Færøyane, som den gongen hadde 30 000 innbyggarar.
Sjølvstendebevegelsen hadde stor framgang ved valget i 1943, men britane tillot inga endring i øyanes forhold til Danmark, før Danmark var eit fritt land.
[endre] Forfatningskrise og indre sjølvstyre
Etter andre verdskrigen ville ikkje Færøyane tilbake til sin gamle status som eit dansk amt. Den danske regjeringa inviterer ein færøyske lagtingsdelegasjon til København i 1946 for å forhandle om den framtidige styreformen til Færøyane. Lagtingsdelegasjonen og den danske regjeringa blei ikkje einige og ein beslutta i fellesskap å avholde ein folkerøysting 14. september 1946. Valet stod mellom betingelsane til den danske delegasjonen eller lausriving. Det blei fleirtall for uavhengigheit (5 656 for og 5 490 mot). Fire dagar seinare, 18. september utropar lagmann Thorstein Petersen Færøyane som ein sjølvstendig nasjon. Opposjonen hevdar at beslutninga er grunnlovstridig og får støtte frå den danske regjeringa. Den danske kongen, Kristian X av Danmark, oppløyser det færøyske lagtinget 23. september med støtte frå samtlege parti i Folketinget og presiserer at Danmark bare kan akseptere færøysk sjølvstende ved gjensidig forhandling. Det blir skrive ut nyval og dei partia som fortsatt ønskar å vera ein del av det danske riket får eit fleirtal på fire mandatar. Den nye lagmannen Jacob Øregård utbringar ei hyllest Leve kongen, for Færøyane, for Danmark, noe som aldri før har skjedd i lagtinget.
Etter nye forhandlingar blei det i 1948 vedtatt ein lov om indre sjølvstyre. Færøysk blei godkjent som offisielt språk, Færøyane fikk egne pengesetlar, færøysk krone og embetet som lagmann (løgmaður, statsminister på Færøyane) blei igjen innført.
Forsvars- og utanriksforhold er ikkje omfatta av det indre sjølvstyret, men i Fámjinserklæringa frå 29. mars 2005 blir det opna for auka færøysk innflytelse på utanriks- og sikkerheitspolitikken til øyane.
[endre] Opprøret i Klaksvík
I 1955 gjorde innbyggarane i Klaksvík opprør, etter at dei danske styresmaktene hadde beslutta å fjerne byens danske legar frå det lokale sjukehuset og erstatte desse med personell frå Færøyane. For å dempe uroen blei 100–200 politifolk sendt til byen, med det resultatet at innbyggarane minela innseglinga til hamna. Før det kom til konfrontasjon, blei det inngått eit politisk forlik.
Legesaka var den utløysande faktoren for opprøret, men den underliggande årsaka var spørsmålet om uavhengigheiten til Færøyane.
[endre] Leiting etter olje
Færøyane øynar moglegheiten for store forekomstar av olje og gass, sia både Noreg og Storbritannia har store funn i Nordsjøen. Oljeselskapa har sia 1990-talet vurdert moglegheitene for å finne olje på færøysk sokkel og i 2000 fikk norske Statoil som eit av tolv oljeselskap tildelt tilsaman sju leiteløyve. Området dekker 14 000 km² søraust for Færøyane, eit område som ligg 100 km nord for eit britisk felt i nærleiken av Shetland, der det blei funne drivverdige olje- og gassfelt tidleg på 1990-talet.
Området på den færøyske sida er teknisk utfordrande sia store delar av sokkelen er dekka av eit tjukt hardt lag med lava. Havbotnen ligg 1000 meter under havet og det blir bora ytterlegare 3000 meter ned i havgrunnen.
Den fyrste lisensrunda tilførte 1,6 milliardar kroner til det færøyske samfunnet, mye av årsaka til dette er at oljeselskapa er forplikta til å bruke færøysk arbeidskraft i dei tilfelle det er mogleg. I løpet av den fyrste fireårperioden etter tildelinga av leitelisensane har det blitt bora i fire av sju leiteløyve, men ingen av funna i denne runda har visa seg å vera drivverdige. Det amerikanske oljeselskapet Amerada Hess fann betydelege mengder olje i 2004, men det er foreløpig (mai 2005) uklart om feltet er drivverdig. ChevronTexaco har saman med blant anna Statoil gjort betydelege olje- og gassfunn mellom Færøyane og Shetland, men det skal ytterlegare undersøkingar til før ein veit kor mye olje og gass feltet inneheld og om feltet er drivverdig.
I 2005 sendte Statoil tre nye leitefartøy til området, etter at Lagtinget tildelte selskapet fire av totalt sju nye leiteløyve.
[endre] Geografi
Færøyane ligg på 62 grader nord, sju grader vest i Nord-Atlanterhavet. Øyane ligg nord for Hebridane, nordvest for Shetland, vest for Noreg og søraust for Island.
Øygruppa er med sine 18 øyar og 11 holmar, frå Kapp Enniberg på Viðoy i nord til Sumbiarsteinur sør for Suðuroy, 118 km lang. Kystlinja er på 1117 km. Særleg vestkysta er markant med sine høye, loddrette fuglefjell. Den gjennomsnittlege fjellhøgda er 300 m over havet. Slættaratindur (882 m) er det høgaste fjell. Kapp Enniberg på Viðoy (754 m) er ei av dei høgaste klippene i Europa.
Den lengste avstanden til kysten er fem km. Dei fleste busetnadane ligg beskytta på austkysten ved ei bukt eller ein fjord, unntatt Fámjin og Sumba, som er verna av vestlege skjer.
[endre] Øyane
Færøyane består av 18 øyar:
- Borðoy. Den største av dei nordlege øyane (Norðuroyar), og arealet er ca. 95 km². Her ligg den nest største tettstaden på Færøyane, Klaksvík, som har ca. 5000 innbyggarar. Forutan Klaksvik er det sju andre tettstadar på denne øya; Norðyri, Anir, Árnafjørður, Strond, Norðtoftir, Depil og Norðdepil.
- Eysturoy. Den nest største øya, og arealet er ca 286,3 km². 10 586 innbyggarar (2002). Tettstader: Fuglafjørður i nord og området med kommunane Runavík og Nes
- Fugloy. Ei av dei seks Nordøyane, og arealet er ca. 11,2 km². 45 innbyggarar (2002)
- Hestur. Hesturs areal er 6,1 km², og det bur 43 innbyggarar på øya (2002).
- Kalsoy. Ei av dei seks Nordøyane, og eit areal på ca 30,9 km². 147 innbyggarar (2002).
- Koltur. Areal på 2,5 km² og 2 innbyggarar (2002)
- Kunoy. Ei av dei seks Nordøyane, og eit areal på 35,5 km². 134 innbyggarar (2002).
- Lítla Dímun. Den minste av øyane på Færøyane med eit areal på mindre enn 1 km². Øya er den einaste som ikkje er busett.
- Mykines. Den vestlegste øya. Areal på 10,3 km² og 11 fastbuande innbyggarar (2004)
- Nólsoy. Areal på 10,3 km² og 268 innbyggarar, som alle bur i tettstaden Nólsoy.
- Sandoy. Den femte største øya. Areal på 112,1 km² og 1393 innbyggarar (2002)
- Skúvoy. Areal på 10 km² og 57 innbyggarar.
- Stóra Dímun. Areal på 2,5 km² og to innbyggarar.
- Streymoy. Hovudøya på Færøyane med eit areal på 373,5 km², og 21 500 innbyggarar. Hovudstaden Tórshavn og tettstaden Vestmanna ligg på øya.
- Suðuroy. Den sørlegste øya på Færøyane. Øya har eit areal på 163,7 km² og ei befolking på 5041 (2004).
- Svínoy. Ei av dei seks Nordøyane. Areal på 27,1 km² og 73 innbyggarar (2004)
- Vágar. Den tredje største øya. Areal på 177,6 km² og 2782 innbyggarar (2002)
- Viðoy. Den nest største av dei seks Nordøyane. Areal på 41 km² og 617 innbyggarar.
[endre] Byar
12 582 innbyggarar bur i hovudstaden, Tórshavn (17 000 i hele kommunen) på Eysturoy og 5 000 i den neststørste byen, Klaksvík på Borðoy.
Liste over dei fem største byane / tettstadane (februar 2005):
Rangering | Namn | Kommune | Innbyggarar |
---|---|---|---|
1 | Tórshavn | Tórshavnar | 12 582 |
2 | Klaksvík | Klaksvíkar | 4 681 |
3 | Hoyvík | Tórshavnar | 2 951 |
4 | Argir | Tórshavnar | 1 881 |
5 | Fuglafjørður | Fuglafjarðar | 1 542 |
[endre] Biologi
[endre] Dyreliv
Ville landpattedyr | Øy |
---|---|
Rotte | Borðoy, Eysturoy, Kunoy, Streymoy, Suðuroy, Vágar, Viðoy |
Mus | Fugloy, Hestur, Mykines, Nólsoy, Sandoy, Streymoy |
Hare | Borðoy, Eysturoy, Fugloy, Kalsoy, Kunoy, Sandoy, Skúvoy, Streymoy, Suðuroy, Svínoy, Vágar, Viðoy |
Kilde - Bloch og Fuglø: Villini súgdjór í Útnorðri ISBN 99918-0-189-8
[endre] Samfunn
Færøyane er inndelt i 34 kommuner, med omkring 120 byar og tettstader. Tradisjonelt er au Færøyane inndelt i sju regionar (syslár), Norðoyar (KG), Eysturoy (FD), Norðurstreyoy (VN), Suðurstreymoy (TN), Vágar (VA), Sandoy (SA) og Suðuroy (TG). I dag brukes regionane bare som inndeling for politiet, mest synleg i kjenneitegn for skip, men er framleis vidt omtalt som regionane til øyane. Under vikingtida hadde kvar region sitt eget ting.
Sia 1948 har Færøyane hatt sjølvstyre på alle områder, bortsett frå forsvars- og utanrikesforhold. Færøyane er dermed ikkje noe biland. Forholdet til Danmark, graden av sjølvstyre, og takta i utviklinga av eventuelt utvida sjølvstyre er den vesentlegste skillelinja i færøysk politikk.
Færøyanes parlament er Lagtinget som består av minst 27 og maks 32 medlemmer som er valt for fire år.
Færøyane er ikkje medlem av EU, og ein egen tilleggsartikkjel i Roma-traktaten slår fast at danske statsborgarar busett på Færøyane ikkje skal sjåast som danske statsborgarar i traktatøyemed. Det vil si at danske statsborgarar busett på Færøyane ikkje er EU-statsborgarar, mens andre EU-nasjoners statsborgarar som bur på øyane sjåast på som EU-statsborgarar. Færøyane er ein del av Schengenområdet.
Nasjonaldagen er den 29. juli (Olsok), og det er ein utstrakt Olavs-kultus på øyane.
[endre] Flagg
Flagget til Færøyane (Merkið) er eit nordisk korsflagg, fyrst presentert 22. juni 1919 og i offisiell bruk sia 1940. Merkið blei laga av tre færøyske studentar i København våren 1919: Jens Olivur Lisberg, Janus Øssursson og Pauli Dahl. Det blei bragt til Færøyane i juni samme år, og fyrst heist i bygda Famjin 22. juni 1919. Til Olsok i 1930 blei flagget tatt i bruk i ein offisiell anledning, og frå 1931 kom flagget i vanleg bruk, men framleis uoffisielt. Bruken var ein kilde til uenigheit mellom danske og færøyske styresmakter gjennom 1930-talet. Da Danmark blei okkupert av tyske styrkar i april 1940, tok britiske styrkar kontroll over Færøyane. Det blei da nødvendig å etableire ein flaggskikk som skilte skip frå britisk-kontrollerte område frå danske/tyske-kontrollerte skip. 25. april 1940 anerkjente Storbritannia Merkið som flagget til Færøyane. Sia 1947 har 25. april vore nasjonal høytidsdag til minne om flagget.
Med Heimestyreloven av 23. mars 1948 blei flagget anerkjent som øyanes offisielle flagg.
[endre] Demografi
Færøyane har 48 205 innbyggarar (1. januar 2004), av desse bur 17 000 i hovudstaden Tórshavn og 5 000 i Klaksvík.
98 prosent av innbyggarane er riksborgarar, det vil si frå anten Færøyane, Grønland eller Danmark. Islendingar (0,4 %) utgjør den største gruppa av utlendingar, fulgt av nordmenn og polakker med 0,2 prosent kvar. Ved utløpet av 2003 budde det menneske frå 77 forskjellege statar på Færøyane. (ISBN 99918-0-383-1 Statistical Yearbook 2004 tabell 2.30)
Norske vikingar var den fyrste store befolkingsgruppa som flytta til Færøyane, og etter noen hundre år var befolkinga kommet opp i 4 000. Omkring 1349-1350 blei befolkingstalet halvert på grunn av svartedauden. Seinare innvandring frå Shetland, Orknøyane og Noreg gjorde at befolkingstalet stabiliserte seg på ca. 5 000 innbyggarar.
Etter at ein starta med havfiske, blei ein mindre avhengig av landbruket og av kystfisket, i tillegg blei det ei forbedring av helsetilstanden til befolkinga. Dette bidro til at folketalet blei tidobla i løpet av 200 år frå 1700-talet.
På slutten av 1980-talet blei Færøyane ramma av ei økonomisk krise som medførte høg arbeidsløyse. Dette førte til at ti prosent av befolkinga utvandra, halvparten til Danmark. Krisa var over i 1995 og mange av dei utvandra har i ettertid flytta tilbake.
[endre] Utviklinga i folketalet
År | Innbyggarar | År | Innbyggarar | År | Innbyggarar |
---|---|---|---|---|---|
1327 | ca. 4 000 | 1880 | 11 220 | 1995 | 43 358 |
1350 | ca. 2 000 | 1900 | 15 230 | 1996 | 43 784 |
1769 | 4 773 | 1911 | ca. 18 800 | 1997 | 44 262 |
1801 | 5 255 | 1925 | 22 835 | 1998 | 44 817 |
1834 | 6 928 | 1950 | 31 781 | 1999 | 45 409 |
1840 | 7 314 | 1970 | ca. 38 000 | 2000 | 46 196 |
1845 | 7 782 | 1975 | 40 441 | 2001 | 46 996 |
1850 | 8 137 | 1985 | 45 749 | 2002 | 47 704 |
1855 | 8 651 | 1989 | 47 787 | 2003 | 48 214 |
[endre] Religion
Frå ca. år 625 meiner ein at keltiske munkar var dei fyrste fastbuande menneska på Færøyane. Mytene fortel at dei blei fordreve av dei heidenske vikingane frå Noreg, som meir eller mindre friviljug blei kristna av vikinghøvdingen Sigmundur Brestisson. Færøyane var inntil reformasjonen underlagt biskopen i Nidaros.
Nesten alle færøyingar er kristne. 84 % hører til den evangeliske-lutherske folkekyrkja. Ca. 7 % hører til Brødremenigheiten, som oppstod i 1900, inspirert av den skotske vekkelsespredikanten William Gibson Sloan. 5 % tilhører andre kyrkjelege retningar som Pinsemenigheiten og Sjuendedagsadventistane, (som au driv ein større privatskole i Tórshavn). Den katolske menigheiten i Tórshavn har 70 medlemer. Menigheiten driv au ein større barnehage med blant anna nonner frå fransiskanerordenen som pedagogar. Det finst dessutan ei lita gruppe som bekjenn seg til religionen Bahai. Kulturen på Færøyane er, sett med norske auge, prega av ei nokså pietistisk kristendomsforståing.
Av kjente kyrkjer kan ein nemne Olavskyrkja og kyrkjeruinen Magnuskatedralen i Kirkjubøur, Tórshavn domkyrkje, St. Mariekyrkja i Tórshavn (katolsk), Christianskyrkja i Klaksvík og ved sia av dei gamle færøyske trekyrkjene frå 1800-talet, bygdekyrkjene i Vágur, Fámjin, Gøtugjógv og Toftir.
I 1948 blei Bibelen oversatt til færøysk av Victor Danielsen frå brødremenigheiten og i 1961 av Jákup Dahl og Kristian Osvald Viderø (Folkekyrkja).
[endre] Næringsliv
Færøyane var inntil begynnelsen av 1900-talet eit landbrukssamfunn, basert på fåreavl, kystfiske og fangst av fuglar. I 1845 var 68 % av dei yrkesaktive beskjeftiga i landbruket.
Dette har nå endra seg, og Færøyane er i dag ein fiskerinasjon med ein moderne flåte av trålarar og fiskeforedlingsindustri. Eksporten frå fiskerisektoren utgjør 98 % av den totale eksporten. Avhengigheiten til øyane av fiskerinæringa er ikkje uproblematisk, fordi økonomien er sårbar overfor svingingar i fangst og prisar. Overfisking og innskrenkingar i kvoter er på sikt ein trussel for samfunnet. Hensynet til fiskerinæringa veigde tungt da Færøyane valgte å stå utanfor EU, og dermed ikkje vera underlagt den felles fiskeripolitikken til EU. Færøyane har eit tett samarbeid med Island i fiskerirelaterte spørsmål.
Færøyingane håpar at olje i framtida vil bli ein viktig industri. Åtte oljeselskap, inkludert det norske oljeselskapet Statoil, er tildelt leitelisensar i færøysk farvann og vil starte leiting våren 2006. Til saman vil det i perioden fram til 2008 bli utført ti boreforsøk i området, fem på færøysk side og fem på britisk side. Tidlegare leiteboringar har ikkje gitt drivverdige funn.
[endre] Tradisjonell småkvalfangst
Den særegne færøyske tradisjonen med grindadrap representerer eit langvarig samvirke i bygdenes utnytting av sjøbaserte næringsressursar, og kjøtet frå grindkvalane som drepast på denne måten blir antatt å utgjøra 25 % av kjøttforbruket på øyane.
[endre] Språk
Færøysk er språket som blir mest brukt i daglegtale på Færøyane. Færøysk er ein del av den vestnordiske språkfamilien, som omfattar islandsk, færøysk, det utdødde språket norn og til dels norsk. Den norrøne språkfamilien tilhører den germanske gruppa av dei indoeuropeiske språka.
Som islandsk har færøysk utvikla seg frå dei gammalnorske dialektane som nybyggarane i vikingtida hadde med seg frå det vestlege Noreg.
Færøysk blir snakka av 80 000 menneske, i fyrste rekke på Færøyane, der det har vore offisiellt språk sia 1937.
Færøysk er, saman med islandsk og noen norske målføre, det einaste nordiske målet, som ennå har dei fire germanske kasusa: nominativ, akkusativ, dativ og genitiv. Genitiv blir i moderne færøysk for det meste bare brukt i faste uttrykk.
[endre] Tidslinje
- 625 – Irske munkar buset seg på Færøyane
- 825 – Norske vikingar, samt skottar og irar buset seg på øyane
- 900 – Det færøyske alltinget blir etablert for å opprettholde lov og orden. (seinare kjent som Lagtinget)
- 999 – Kristendommen blir innført på Færøyane av Sigmundur Brestisson
- 1035 – Leivur Øssursson gjør Færøyane til eit norsk len
- 1111 – Bispedømmet Færøyane opprettes, og underlegges Nidaros erkebispedømme
- 1151 – Kong Sverre blir født i Kirkjubøur
- 1274 – Den yngre Gulatingsloven trer i kraft. Lagmannen, som hittil hadde vore folkevalgt, blei frå nå av kongeleg embetsmann. Alltinget blei omdanna til eit Lagting, som bare hadde rett til å dømme og ikkje utforme lover.
- 1380 – Noreg, og dermed au Færøyane, blir underlagt dansk herredømme
- 1469 – Kristian I pantsett Orknøyane og Shetland som medgift for dattera si, men held Færøyane utanfor
- 1524 – Kristian II er i pengeknipe og forsøker å låne pengar av Henrik VIII av England, som til gjengjeld tilbyr Færøyane og Island i pant. Henrik VIII avslår tilbudet
- 1536 – Borgerkrigen i Danmark avsluttes, men har kostet Kristian III mye og dermed kommet i ei pengeknipe. Han prøver å låne 100 000 pund hos Henrik VIII, og blir tilbudt Færøyane og Island i pant. Henrik VII avslår for andre gang tilbudet
- 1538 – Reformasjonen kjem til Færøyane, som blir eit prosti under under biskopen i Bergen
- 1547 – Latinskolen blei grunnlagt
- 1579 – Den færøyske sjøhelten Magnus Heinason får handelsmonopol på all handel til og frå Færøyane
- 1573 – Magnus Heinason mistar handelsmonopolet etter beskyldingar om svindel og dårlege varer
- 1589 – Magnus Heinason blir dømt til døden ved avretting for sjørøveri i København til fordel for Nederland.
- 1619 – København overtar handelsmonopolet frå Bergen
- 1620 – Færøyane blir underlagt biskopen på Sjælland
- 1687 – Den nye norske loven blir innført på Færøyane
- 1814 – Færøyane forblir ein del av Danmark, når Noreg går ut av unionen med Danmark og over til ein union med Sverige
- 1816 – Det færøyske lagtinget blir nedlagt, og Færøyane blir eit dansk amt
- 1848 – Færøyane blir 24. november underlagt innenriksministeriets islandske departement
- 1850 – Den danske grunnloven frå 1849 blir gjeldande på Færøyane
- 1888 – Julemøtet i 1888 blir starten på ei nasjonal vekkelse
- 1906 – Færøyanes to fyrste politiske parti stiftes, Sambandsflokkurin og Sjálvstýrisflokkurin
- 1938 – Færøysk erstattar dansk som undervisningsspråk i skolane
- 1940 – Storbritannia okkuperer Færøyane 12. april, mens Danmark er okkupert av Tyskland. Flagget til Færøyane (Merkið) blir tatt i bruk.
- 1943 – Lagtinget vedta at færøyingane skal få færøyske pass, at bare færøysk kan brukes som retts- og lovspråk, og at bare det færøyske flagget skal vaie ved Tinghuset.
- 1946 – Fleirtall for lausriving (5656 for, 5490 mot) frå Danmark i ein folkerøysting. Den danske kongen løyser opp lagtinget
- 1948 – Ei heimestyrelov blir vedtatt for Færøyane, der Færøyane blei eit Selvstyrende Folkesamfund i Det Danske Rige
- 1951 – Danmarks Nationalbank trykker færøyske pengesetlar med same verdi som dei danske
- 1955 – Klaksvíkopprøret
- 1957 – 6. februar starta Færøyane radio (Útvarp Føroya) med sine fyrste regelmessige sendingar
- 1973 – Danmark og Grønland medlem av EF - mens Færøyane står utanfor
- 1975 – Utgivelse av dei fyrste færøyske frimerka
- 1989 – Økonomisk krise. Bruttonasjonalproduktet fell med ein tredel
- 1989 – Frihandelsavtale med EF.
- 1990 – Kongsboka kjem tilbake frå Sverige. Den inneheld blant anna fårebrevet frå 1298.
- 1992 – Den restriktive alkohollova frå 1928 blir moderert. Mogligheit for å få kjøpt øl, vin og sprit utan rasjoneringskort.
- 1999 – Danmark og Færøyane inngår ein avtale med Storbritannia om havgrensene
- 2000 – Færøyane tildel dei fyrste leiteløyva etter olje og gass. Statoil fikk som eit av tolv oljeselskap tildelt tilsammen sju leiteløyve
[endre] Sjå au
[endre] Litteratur
[endre] Reisehandbøker
- Steen Ulrik Johannesen: Turen går til Færøerne. ISBN 8756770871
- James Proctor: Faroe Islands. ISBN 1841621072
[endre] Diverse
- Liv Kjorsvik Schei. The Faroe Isles. ISBN 1841582425
- James Miller. The North Atlantic Front. ISBN 1843410117
- Tom Nauerby. No Nation Is an Island. ISBN 8798342452
- Elisabeth Vestergaard. Fishing Communities. ISBN 8798342436
- Stove, Stein. «Færøyane i norsk litteratur : en bibliografi til belysning av Færøyenes historie : norske bøker og tidsskriftartiklar om Færøyane og færøyske emner : færøysk diktning oversatt til norsk : Færøyene som tema i norsk diktning». s 129-153. I: Færøyane - frendeland i vest. Oslo, Norsk-færøysk lag, 1981
[endre] På verdsveven
[endre] Offisielle sider
[endre] Færøyske aviser
- Portal.fo (internettavis)
- Norðlýsið
- Sosialurin
- Dimmalætting
[endre] Diverse
- FaroeNature.net Naturen på Færøyane
- A Birds Eye View Of Faroe Island Webcams
- Faroeislands.dk Bilde og tekst frå alle bygder på Færøyane
- Informasjon og bilde frå Færøyane
- Informasjon om Færøyanes pengesedler
- Frimerke frå Færøyane brukt som presentasjon av landet
- Denne artikkelen var utvald og presentert som vekas artikkel på hovudsida i 2006.