Fjord
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein fjord er som regel ei langstrakt hav- eller innsjørenne med land på båe langsidene og med ein lukka ende (fjordbotnen) og ein open ende. Ein lang innsjø med enkel, langstrakt form kan òg ha nemninga fjord.
Fjordane er oftast U-dalar laga av isbrear, som nå står under vatn. Fjorden er gjerne grunnare der han opnar seg mot havet av fleire grunnar, fordi isbreane sine morenemassar ligg att der, fordi isen var tjukkare lengre inn i landet eroderte han fjorden raskare lengre inne og/eller så stod isen i lengre tid inne i fjordane (og gravde da fjorden meir ut). Denne fjordterskelen gjer at fjordar er rolegare enn det opne havet, og dermed ofte naturlege hamner. Ulempa med fjordterskelen er den hindrar utskifting av vatn, noe som gjør at til dømes forureining ofte vert verande i fjorden i lang tid.
Innhaldsliste |
[endre] Delar av fjordar
Fjordar eller fjordsystem kan innehalde sidefjordar, sundstrekningar der sidelanda er avbrotne av tverrfjordar eller sund mellom øyar, vikar, bukter og nes.
[endre] Fjordar utan hav
Ein smal innsjødel som munnar ut i ein større innsjø har òg gjerne nemninga fjord — som Furnesfjorden som munnar ut i innsjøen Mjøsa.
Ein del lange, fjordliknande innsjøar, særleg på Austlandet, vert òg kalla fjordar. Tyrifjorden og Randsfjorden er døme på dette. Nemninga kan henga saman med at dei vart brukte til ferdsel på same måte som fjordar i havet. Ordet fjord har samanheng med verbet «å fara» og substantivet «ferd» og heng òg etymologisk saman med engelsk «ford» (t.d. Oxford) og tysk «Furt» (t.d. Frankfurt am Main).
Dei fleste fjordane i verda finst langs kysten av Noreg, Skottland, Island, Grønland og det austlege Canada kring Nordatlanteren; langs kysten av British Columbia (Canada) og Alaska (USA) langs det nordaustlege Stillehavet; langs kysten av Chile ved det søraustlege Stillehavet og langs det sørvestlege New Zealand.
[endre] Vidkjende fjordar
[endre] Langs Nordatlanteren
[endre] Noreg
- Sognefjorden (lengste fjorden i Noreg på 204 km)
- Geirangerfjorden
- Nærøyfjorden
- Hardangerfjorden
- Hjørundfjorden
- Trondheimsfjorden
- Varangerfjorden
- Sjå òg Kategori:Fjordar i Noreg
[endre] Skottland
- Firth of Forth
- Firth of Tay
- Cromarty Firth
[endre] Island
- Borgarfjörður
- Breiðafjörður
- Eyjafjörður
- Ísafjörður
- Hvalfjörður
[endre] Grønland
- Kong Oskars Fjord
- Ilulissatfjorden
- Scoresbysund (verdas lengste fjord, 313 km)
[endre] Austkysten av Canada
- Hamilton Inlet
[endre] Langs det nordlege Stillehavet
[endre] British Columbia (Canada)
- Burrard Inlet
[endre] Alaska (USA)
[endre] Langs det sørlege Stillehavet
[endre] Chile
[endre] New Zealand
- Dusky Sound
- Doubtful Sound
- Marlborough Sounds
- Milford Sound