Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Frimerke - Wikipedia

Frimerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bilete av eit gammalt frimerke frå Danmark på eit nytt frimerke frå Færøyane
Forstørr
Bilete av eit gammalt frimerke frå Danmark på eit nytt frimerke frå Færøyane

Eit frimerke er ein liten papirbit utgjeve av postvesenet og blir brukt som ei kvittering på at det er betalt for sendinga. Det er med andre ord eit verdipapir med svært liten verdi. Frimerket har eit heftemiddel på baksida og blir klistra på konvolutten eller pakka før postlegging.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Før det første frimerket vart utgjeve fanst det mange frimerkeliknande løysingar. Marquis de Longueville skapte alt i 1653 ei avgiftsremse ("Billet de poste payé") for Paris sin bypost. Dette «frimerket» måtte festast ved hjelp av ein stift eller sytråd på brevet for det var ikkje noko heftemiddel på baksida. I Storbritannia fanst det på den seinare delen av 1600-talet liknande remser. For desse «Penny-Post-Trekantmerke» var Renouard de Valayer skaparen og dei vart brukt i byposten i London. På byrjinga av 1800-talet fanst det i nokre byar såkalla «stadskuvert» med påtrykte frimerkeliknande segl.

Tanken med det første frimerket var å endre det gjeldane regelverket. Fram til 1840 betalte mottakaren for frakta av brevet. Nå skulle avsendaren betale. Dessutan skulle brevportoen reduserast slik at også dei med mindre pengar kunne sende brev.

Den 6. mai 1840 vart det første frimerket utgjeve i Storbritaia etter eit forslag av Rowland Hill. Frimerket var pålydande 1 penny og med eit trykk av dronning Viktoria I i svart. Blant frimerkesamlarar kallast merket "One Penny Black".

For motivet fekk Rowland Hill meir enn tusen teikningar, men han var misfornøgd med alle. Istaden tok han skissa frå ein mynt frå 1837 som han likte godt. Gravøren for frimerket var Henry Corbald og trykket skjedde i trykkeriet Perkins, Bacon Petch.

[endre] Frimerket spreier seg over heile verda

Frimerke frå Åland
Forstørr
Frimerke frå Åland

Snart følgde andre land etter med eigne frimerke. I 1841 og 1842 kom nokre frimerke for lokale område ut i USA. I 1843 var dei første frimerka utgjevne i Brasil. Det viste seg snart at frimerke var bra reklame for heimlandet og derfor var det ofte lokale motiv på frimerka, til dømes kjende personar eller dyr.

Det første frimerket i Noreg vart ugjeve i 1855. Motivet var riksvåpenet trykt i blått og prisen var 4 skilling. Frimerket er det einaste utgjeve i Noreg utan landnavn og taggar.

Samtidig med at bruken av frimerke auka spreidde også frimerkesamling seg som hobby utover heile verda. Snart oppsto ulike samlarforeningar som jobba med å lage fagtiddskrift og frimerkekatalogar.

Fram til slutten på 1900-talet var det berre dei statlege poststyresmaktene som hadde rett til å utgje frimerke, men nå finst det òg frimerke frå private operatørar.

[endre] Frimerket sin nedgang

Etter at frankeringsmaskina vart oppfunne og teke i vidstrakt bruk — særleg i firma og organisasjonar, men også hos posten, så har frimerket sin betydning vorte redusert. Privatpersonar sender i dag meir e-post enn tradisjonell papirpost. I nokre land blir frimerke i dag berre produsert for samlarar og dei blir sett på av seriøse filatelistar som klistreetikettar og ikkje frimerke sidan dei ikkje blir brukt i postsamanheng. I mindre statar er inntekta av desse frimerka ein viktig andel av statsbudsjettet.

For å auke interessa for frimerke att har nokre statar redusert begrensinga av motivval. I Finland, Nederland og Austerrike fins det til dømes frimerke som kunden sjølv kan skapa. Ein sender eit foto, ei teikning eller ein logo til poststyresmaktene og det trykkast i ei prefabrikert inramming.

[endre] Kjende frimerke

[endre] Sjå òg

  • Frimerkets dag
Wikimedia Commons har ei samling filer som gjeld: Frimerke
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com