Trekantsambandet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trekantsambandet er eit vegsamband som bind saman øykommunane Stord og Bømlo med Sveio og fastlandet.
Sambandet vart opna 30. april 2001 og vert utgjort av dei to hengebruene Stordabrua og Bømlabrua, lågbrua Spissøybrua og den 7,8 km lange undersjøiske tunnelen Bømlafjordtunnelen med lågaste punkt 260 muh. Stordabrua og Bømlabrua er mellom dei største hengebruene i Noreg. Sambandet knyter og øyene Spissøy, Nautøy og Føyno saman med fastlandet.
Trekantsambandet erstatta dei fire ferjestrekningane Valevåg–Skjersholmane, Valevåg–Mosterhamn, Sagvåg–Siggjarvåg og Skjersholmane–Utbjoa.
Sambandet kosta til saman 1 814 millionar kroner då det stod ferdig, og er delvis finansiert ved hjelp av bompengar. Bomstasjonen er plassert på Føyno og passering kan skje anten ved kontant betaling eller ved hjelp av AutoPASS.
Bømlafjordtunnelen og Stordabrua er ein del av Europaveg 39, hovudvegen mellom Bergen og Stavanger. Denne delen av Trekantsambandet vart opna 28. desember 2000.
Trekantsambandet vert nedbetalt fortare enn det som var planlagt. Bømlo kommune ynskte å vidareføra bompengeinnkrevinga ut den planlagde perioden for å bruka pengane på lokale vegar. Dette sa nabokommunane nei til, og planane vart skrinlagde.
[endre] På verdsveven
Kategoriar: Norske vegsamband | Bømlo | Stord | Sveio | Sunnhordland | E39