Herad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herad, norsk ord mest nytta i nynorsk skriftmål. Bokmålsforma er «herred». Forma herred er òg nytta i samanstillinga «herredskommune».
Ordet «herad» kjem frå norrønt herað; som har samanheng med ordet hær. Ei tyding av ordet er «bygd», som i namna «Krødsherad» og «Kvinnherad». Ei anna tyding av ordet er frå mellomalderen, særleg på Austlandet, der det kan tyde tingkrins med særskilt heradsting.
Ei tredje tyding er frå 1863, der eit herad er eit fast avgrensa geografisk område på landet som blir administrert som ei eining og med lokalt sjølvstyre; ein landkommune. Skiljet mellom by- og heradskommune vart oppheva i kommunelova av 25. september 1992.
Nokre norske kommunar nyttar nemninga "herad" i staden for kommune i det offisielle namnet sitt:
- Granvin herad
- Kvam herad
- Ullensvang herad
- Ulvik herad
I tillegg har nokre kommunar "herad" i namnet:
- Kvinnherad kommune
- Sauherad kommune
- Krødsherad kommune