Marokko
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Arabisk: الله، الوطن، الملك (Gud, land og konge) | |||||
Offisielle språk | Arabisk | ||||
Hovudstad | Rabat | ||||
Styresett |
Monarki Mohammed VI Driss Jettou |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
446 550 km² (57.) 0 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
32 725 847 (36.) — 73/km² (96.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Frankrike 2. mars, 1956 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
138 006 mill. USD (54.) 4 444 USD (110.) |
||||
Valuta | Marokkansk dirham | ||||
Tidssone | UTC | ||||
Nasjonalsong | Hymne Chérifien | ||||
Nasjonaldag | 30. juli | ||||
Internasjonal telefonkode | +212 | ||||
Nasjonale toppdomene | .ma | ||||
Marokko er eit nordafrikansk kongedøme. Det har kyst mot Atlanterhavet, Gibraltarsundet og Middelhavet, og grenser til Algerie i aust, Vest-Sahara i sør, og Spania i nord gjennom fleire små eksklavar. Marokko har okkupert størstedelen av Vest-Sahara sidan 1975 og administrerer området, sjølv om dette ikkje er internasjonalt godkjend.
Innhaldsliste |
[endre] Namn
Det arabiske namnet på landet tyder 'det vestlege kongedømet', og blir ofte forkorta til Al Maghrib, 'Vesten'. Namnet Marokko, som blir brukt på dei fleste andre språk, er avleia av namnet på den tidlegare hovudstaden Marrakech.
[endre] Historie
Capsienkulturen utvikla seg i området rundt 8000 f.Kr., då Marokko var mykje meir fruktbart enn no. Den eldste folkegruppa i området me kjenner til er berbarar. Sjøreisande fønikarar busette seg ved kysten før romarane tok kontroll over området som Mauretania Tingitana. På 400-talet jaga vandalar, visigotarar og bysantarar kvarandre ut i rask rekkefølge medan berbarane haldt på makta i fjella sine. På 600-talet blei landet erobra av muslimske arabarar som har prega kulturen sidan.
Marokko braut laus frå kalifatet i Bagdad under Idris ibn Salih som grunnla idrisidedynastiet. Landet blei ei stormakt og eit kulturelt senter, men blei etter kvart svekka av indre splid, samstundes som europeiske makter og Det osmanske riket trua utanfrå.
Landet blei frivillig eit protektorat i 1912 då sultan Abdelhafid gav Frankrike overherredøme over riket, samstundes som Spania fekk herredømet over Tangier. Etter lang tids kamp fekk landet sjølvstende i 1956, og Tangier blei igjen innlemma i riket.
Marokko okkuperte store delar av den dåverande spanske kolonien Vest-Sahara i 1975 og 1976.
[endre] Geografi
Landet har ei lang grense mot Algeri i aust og søraust som er stengd for gjennomgang. Det grenser til Spania gjennom fire eksklavar på middelhavskysten: Ceuta, Melilla, Peñón de Vélez de la Gomera og Peñón de Alhucemas.
Mesteparten av den søraustlege delen av landet ligg i Sahara og er goldt og har få innbyggjarar. Fjell dekker store delar av Marokko. Både Riffjella i nord og Atlasfjella midt i landet er hovudsakleg bebudde av berbarar. Høgaste punktet er fjellet Jbel Toubkal (4 165 m.o.h.), lågaste er Sebkha Tah (55 m.u.h.). Fjella i nord er geologisk ustabile slik at jordskjelv kan skje.
Større miljøproblem er mangel på ferskvatn, erosjon på grunn av minkande vegetasjon, og oljeureiningar i havet.
Hovudstaden i landet er Rabat, medan Casablanca er største byen. Andre viktige byar er Agadir, Essaouira, Fes, Marrakech, Meknes, Oujda, Ouarzazat, Safi, Tangier, Tiznit, Salè og Tan-Tan.
[endre] Klima
Den nordlege kysten har middelhavsklima med solrike og varme somrar, og kjølege og fuktige vintrar. Mykje det same klimaet har ein innover i landet til foten av Atlasfjella, og langs kysten av Atlanterhavet. Atlanterhavskysten er faktisk enno meir temperert med mildare vintrar og mindre nedbør, og litt kjølegare somrar når havtåke sig inn mot land. På den andre sida av Atlasfjella ligg derimot Sahara som er tørr og svært varm. Kystområda av Marokko har ein normal maksimumstemperatur på 26 ºC i juli, men når ein sørleg og støvete vind, kalla chergui, strøymer over fjella frå Sahara kan temperaturen kome opp mot 45 ºC. Dei høgare områda av Atlasfjella kan derimot ha vinterlege forhold med snø og kraftig vind.
[endre] Lenkjer ut
[endre] Kjelder
Nord-Afrika |