Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Geologi - Wikipedia

Geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Geologi (frå Gresk γη- (gē-, "jorda") og λογος (logos, "ord", "meining")) er vitskapen og studiet av Jorda, hennar samansetting, struktur, fysiske eigenskapar, historie og prosessane som skapar henne.

Geologar har sett alderen på Jorda til ca. 4,5 milliardar år. Dei har au funni ut at jordskorpa er oppdelt i tektoniske plater som rør seg over ein halvsmelta mantel (astenosfære) via prosessar som samla blir referert til som platetektonikk. Geologane hjelper til med å finne og forvalte dei naturlege ressursane til Jorda. Dette kan vera olje, kol, metallar (t.d. jern, kopar og uran), mineral (t.d. asbest, perlitt, glimmer, fosfatar, zeolittar, leire, pimpstein, kvarts og silika) og grunnstoff (t.d. svovel, klor og helium).

Astrogeologi refererar til bruken av geologiske prinsipp på andre lekamar i solsystemet. I tillegg er spesielle begrep som selenologi (månestudier), areologi (marsstudier), osv. au i bruk.

Ordet «geologi» blei for fyrste gongen nytta av Jean-André Deluc i 1778 og introdusert som ein meir bunden term av Horace-Bénédict de Saussure i 1779. Ein eldre tyding av ordet ble først bruka av Richard de Bury. Han nytta det til å skilje mellom jordisk og teologisk jus.


Innhaldsliste

[endre] Viktige geologiske prinsipp

Det er noen viktige grunnsatsar i geologi. Mange av dei ser på moglegheiten til å datere dei relative alderane til lag i berggrunnen eller korleis dei har blitt danna.

Prinsippet om intrusive forhold ser på kryssande intrusive bergartar. Når ein vulkansk bergart kuttar tvers over ein lagpakke av sedimentære bergartar, kan det bli bestemd at den kryssande intrusive bergarten er yngre enn dei seidmentære. Det finst mange forskjellige typar intrusivar.

Prinsippet om krysskuttande forhald går på danning av forkastingar og alderen på lagpakka dei klipper. Forkastingar er ynger en berget dei kuttar. Difor: ein forkasting som kuttar noen lag, men ikkje dei på toppen vil vera eldre enn dei ho kuttar, men yngre enn dei ho ikkje kuttar.

Prinsippet om innleiringar og komponentar visar at med sedimentære bergartar som har innleiringar (klastar), da må være eldre en lagpakka som inneheld dem. Til dømes i sedimentære bergartar er det vanleg at grus frå ein tidlegare lagpakke blir rivi opp og avsatt i eit nyare lag. Ein tilsvarande situasjon skjer der xenolittar blir funni. Desse framande lekamane blir plukka opp mens magma og lava flyter for seinare å bli kjøla ned som ein del av grunnmassen. Resultatet er at xenolittane er eldre enn berget som inneheld dei.

Prinsippet om likemessigheit (uniformitet) seier at dei geologiske prosessane som virker på skorpa til Jorda i dag har virka på same måte over geologisk tid. Eit grunnprinsipp i geologi, som blei sett fram av den skotske fysikaren og geologen James Hutton, som levde på 1700-talet er følgjande: «Nåtida er nøkkelen til fortida», eller i Huttons eigne ord: «den tidlegare historia til planeten vår må bli forklart av det vi kan sjå skje nå».

Prinsippet om horisontalt opphav seier at avsettinger av sediment hender hovudsakleg som horisiontale lag. Observasjonar av moderne marine og ikkemarine sediment i svært mange avsettingsmiljø støttar denne generaliseringa (sjølv om krysskikt ikkje er horisontale er den samla orienteringa av krysskikta horisontal).

Prinsippet om overdekking seier at eit sedimentært lag i ei tektonisk urørt lagpakke er yngre enn det under det og eldre enn det over det. Logisk nok kan ikkje et yngre lag legge seg under et lag som blei avsett tidlegare. Dette prinsippet gjør at ein kan sjå på sedimentære lag som ein type vertikal tidslinje, ein delvis eller komplett oversikt over tida som har passert frå avsettinga av det lågaste laget til avsettinga av det øverste.

Prinsippet om faunaens rekkefølgje er basert på at fossilar finst i sedimentære bergartar. Da organismar eksisterar på same tid over heile Jorda vil det at dei opptrer (eller ikkje) kunne bli bruka til å gi ein relativ dato på laga dei opptrer i. Basert på prinsipp satt fram av William Smith nesten hundre år før evolusjonsteorien til Charles Darwin blei publisert, blei prinsippet om rekkefølgje utvikla uavhengig av evolusjonstankegangen. Men prinsippet er ganske komplekst på grunn av usikkerheitene om fossilisering, lokaliseringa av fossiltyper på grunn av forandringar i lokalmiljøet (faciesendringar i sedimentære lag) og at ikkje alle fossil kan ha eksistert over heile Jorda på same tid.


[endre] Avdelingar av geologi og liknande fagfelt

  • økonmisk geologi
    • bergverksgeologi
    • oljegeologi
  • ingeniørgeologi
  • miljøgeologi
  • geokjemi
    • biogeokjemi
    • isotopgeokjemi
  • geokronologi
  • geodetikk
  • geomikrobiologi
  • geomorfologi
  • geofysikk
  • glasiologi
  • historisk geologi
  • hydrogeologi eller geohydrologi
  • oseanografi
  • mineralogi
  • paleoklimatologi
  • paleontologi
    • mikropaleontologi
    • palynologi
  • petrologi
  • platetektonikk
  • sedimentologi
  • seismologi
  • jordsmonn
    • pedologi (jordstudier)
  • speleologi
  • stratigrafi
    • biostratigrafi
  • strukturgeologi
  • vulkanologi

[endre] Regional geologi

  • Geologien på Svalbard
  • Den kaledonske fjellkjedefoldinga
  • Geologien til dei norske oljefelta


[endre] Geologi i andre land

  • Geologien til Australia
  • Geologien til India
  • Geologien til USA
    • Geologien til Grand Canyon
  • Geologien til Storbritannia
  • Geologien til Austerrike
    • Geologien til Alpene


[endre] Planetgeologi

[endre] Sjå au

[endre] På verdsveven

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com