Tyskland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Einigkeit und Recht und Freiheit | |||||
Offisielle språk | Tysk | ||||
Hovudstad | Berlin | ||||
Styresett |
Republikk Horst Köhler Angela Merkel |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
357 021 km² (62.) 2,9 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
82 431 390 (14.) — 231/km² (34.) |
||||
Sjølvstende |
1871, 1949, 1990 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
2 498 471 mill. USD (5.) 30 150 USD (17.) |
||||
Valuta | Euro | ||||
Tidssone | UTC +1 | ||||
Nasjonalsong | Das Lied der Deutschen | ||||
Nasjonaldag | 3. oktober | ||||
Internasjonal telefonkode | +49 | ||||
Nasjonale toppdomene | .de | ||||
Tyskland er eit land i Sentral-Europa. Det tyske namnet er Bundesrepublik Deutschland, med Deutschland som kortform. Tyskland er eit stort industriland. Det har sams grense med Danmark, Polen, Tsjekkia, Austerrike, Sveits, Frankrike, Luxemburg, Belgia og Nederland. I nord utgjer Nordsjøen og Austersjøen dei naturlege landegrensene.
Hovudstad og administrasjonsstad er Berlin. Nokre regjeringskontor har sete i Bonn. Tyskland er delt inn i 16 delstatar, som vert kalla Bundesland, forbundsland (fleirtal Bundesländer). Tyskland er medlem av Den europeiske unionen, NATO og G8.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Nasjonalstaten Tyskland oppstod først i 1871, då den prøyssiske hæren hadde innteke slottet i Versailles etter å ha sigra over Frankrike i den fransk-tyske krigen 1870–1871. Omgrepet Tyskland har likevel vore brukt sidan tidleg mellomalder, til dømes om det tysk-romerske riket som blei grunnlagd i år 843. Men etter dette var landet delt opp i ei mengd små fyrstedøme.
Historia til det moderne Tyskland kan delast inn i desse periodane: Keisardømmet 1871–1918, Weimarrepublikken 1918–1933, Det nazistiske «Tredje Riket» 1933–1945 (som frå 1938 til 1945 også omfatta Austerrike), etterkrigstida og delinga 1945–1989 og det gjenforente Tysklands periode (1990–).
[endre] Geografi
Tyskland er delt inn i 16 delstatar, som vert kalla Bundesland, forbundsland (fleirtal Bundesländer):
Navn | Hovudstad | Areal (km²) | Folketal |
---|---|---|---|
Baden-Württemberg | Stuttgart | 35 752 | 10 720 000 |
Bayern | München | 70 549 | 12 470 000 |
Berlin | Berlin | 892 | 3 400 000 |
Brandenburg | Potsdam | 29 478 | 2 568 000 |
Bremen | Bremen | 404 | 663 000 |
Hamburg | Hamburg | 755 | 1 735 000 |
Hessen | Wiesbaden | 21 115 | 6 089 000 |
Mecklenburg-Vorpommern | Schwerin | 23 179 | 1 720 000 |
Niedersachsen | Hannover | 47 620 | 8 001 000 |
Nordrhein-Westfalen | Düsseldorf | 34 084 | 18 080 000 |
Rheinland-Pfalz | Mainz | 19 853 | 4 061 000 |
Saarland | Saarbrücken | 2 569 | 1 056 000 |
Sachsen | Dresden | 18 415 | 4 296 000 |
Sachsen-Anhalt | Magdeburg | 20 446 | 2 494 000 |
Schleswig-Holstein | Kiel | 15 763 | 2 829 000 |
Thüringen | Erfurt | 16 172 | 2 355 000 |
[endre] Klima
Tyskland dekkjer eit forholdsvis stort geografisk område frå Nordsjøen i nord til Alpane i sør. [Klima]]et varierar likevel eigentleg ikkje så mykje frå nord til sør, og temperaturnormalskilnaden mellom dei tyske byane er aldri større enn 5°C. Det regnar som regel mest på sommaren, men kvar månad har likevel omlag like mange nedbørsdagar.
Klimaskilnadane ein har mellom nord og sør er derimot ikkje heilt som ein kanskje kunne vente. Ein skulle kanskje tru at vintrane var kaldre og våtare i nord, nær Nordsjøen og Austersjøen, men slik er det ikkje. Dei kaldaste områda finn ein i dei tyske Alpane der kaldluft frå nordaust samlar seg. Dette fører til lange kuldeperiodar og skya vêr i Bayern, ofte i lag med lett snø eller underkjølt regn. I snitt er det tåke om lag ein av tre dagar i Sør-Tyskland om vinteren, men innimellom kan fønvind frå Alpane gje milde og solrike dagar, særleg i starten og slutten av vinteren. I Nord-Tyskland kjem mildlufta som oftast med dei fuktige vindane frå Atlanterhavet, og i samband med kraftige lågtrykk i Nordsjøen kan ein få vind opp i orkan styrke. Temperaturane om vinteren er i snitt berre eit par grader lågare enn i Frankrike, men kaldluft frå Sibir kan gje temperaturar godt under −20°C dei fleste stader i landet.
Som i mykje av resten av Europa kan sommarvêret endre seg ein god del i løpet av forholdsvis kort tid frå strålande sommervêr til regnbyger og lågare temperaturar. Medan store delar av Europa byrjar å få ein god sommarvarme i juni, kan ein framleis frå kjølegare vêr i Tyskland når lufta strøymer inn frå Nordsjøen og Austersjøen i nord. I juli er det derimot meir jamn varme og temperaturar over 30°C er ikkje uvanleg, og dei fleste lågareliggande områda har hatt temperaturar over 35°C. Tyskland kan ha ein god del torevêr om sommaren, og i sørlege område er ikkje hagl uvanleg. München vart til dømes råka av ei kraftig haglbyge 12. juli 1984 som førte til skadar for meir enn 6 milliardar kroner, og gjorde skadar på 70000 hus og 200 000 bilar. Torevêr er derimot sjeldan frå oktober av og gjennom vinteren. Frå november av vert det meir skya i store delar av landet.
I hovudsak får nordlege og vestlege fjell- og åssider meir nedbør enn dei austlege. Schwarzwald er det våtaste område i Tyskland med ein normal på litt over 1000 mm per år, medan Elbedalen i aust får mindre enn 500 mm.
[endre] Bakgrunnsstoff
Den europeiske unionen (EU) og EØS-området: Austerrike | Belgia | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn |
Berre EØS: Island | Liechtenstein | Noreg |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |