Euro
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Euro (symbol €, valutakode EUR) er ei felleseuropeisk mynteining som vert brukt i tolv EU-land i tillegg til Andorra, Monaco, San Marino og Vatikanstaten. Litauisk litas har låst kursen i høve euro.
[endre] Historie
Opphavet til euroen kan sporast attende til den 13. mars 1979, då Det europeiske økonomiske fellesskapet etablerte ECU. Dette var ei kunstig rekne- og valutaeining som bestod av ei vegd kurve av valutaene til medlemsstatane. Då euroen vart innført, erstatta han ECU i høvet 1:1.
I 1990 innleia Den økonomiske og monetære unionen (ØMU) førebuinga til overgangen til éin felles valuta i tre etappar, der den siste var overgangen til euro. Euroen kom etter ECU i 2001 for alle dei land som var med på den tredje fasen i ØMU. Av dei tidlegare 15 medlemslanda i EU er det i dag berre Danmark, England og Sverige som ikkje har innført euroen. Av dei nye medlemslanda vil venteleg dei fleste på eit tidspunkt gå over til euroen, men det kan ta fleire år før dei stettar krava som er sett.
[endre] Pengane
1 euro svarer til 100 cent, eller eurocent.
Kategoriar: EU | Valuta