Tyske kanslarar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kanslaren er leiaren for den tyske sentralregjeringa. Kvar delstat har òg si eiga regjering, leidd av ein statsminister.
Kanslarposisjonen har ein lang tradisjon og går tilbake til det tysk-romerske riket. Ei stilling som forbundskanslar (Bundeskanzler) blei oppretta allereie med det nordtyske forbundet i 1867. Etter at nasjonalstaten Tyskland blei samla i 1871 blei den offisielle nemninga rikskanslar (Reichskanzler), og posisjonen fekk stort sett den forma han har hatt sidan. Sidan 1949 har den offisielle nemninga igjen vore forbundskanslar.
[endre] Liste over tyske kanslarar
Keisertida
- 1871-1890 Fyrst Otto von Bismarck
- 1890-1894 Grev Leo von Caprivi
- 1894-1900 Fyrst Chlodwig zu Hohenlohe-Schillingsfürst
- 1900-1909 Fyrst Bernhard von Bülow
- 1909-1917 Theobald von Bethmann-Hollweg
- 1917 Georg Michaelis
- 1917-1918 Grev Georg von Hertling
- 1918 Prins Maximilian von Baden
- 1918 Friedrich Ebert (SPD)
Weimarrepublikken
- 1919 Philipp Scheidemann (SPD)
- 1919-1920 Gustav Bauer (SPD)
- 1920 Hermann Müller (SPD)
- 1920-1921 Konstantin Fehrenbach (Det katolske senterpartiet)
- 1921-1922 Karl Joseph Wirth (Det katolske senterpartiet)
- 1922-1923 Wilhelm Cuno
- 1923 Gustav Stresemann (DVP)
- 1923-1925 Wilhelm Marx (Det katolske senterpartiet)
- 1925-1926 Hans Luther
- 1926-1928 Wilhelm Marx (Det katolske senterpartiet)
- 1928-1930 Hermann Müller (SPD)
- 1930-1932 Heinrich Brüning (Det katolske senterpartiet)
- 1932 Franz von Papen (Det katolske senterpartiet)
- 1932-1933 Kurt von Schleicher (upolitisk)
Tredje riket
- 1933-1945 Adolf Hitler (NSDAP)
- 1945 Joseph Goebbels (formelt ein dag) (NSDAP)
- 1945 Grev Lutz Schwerin von Krosigk (upolitisk)
Etterkrigstida
- 1949-1963 Konrad Adenauer (CDU)
- 1963-1966 Ludwig Erhard (CDU)
- 1966-1969 Kurt Georg Kiesinger (CDU)
- 1969-1974 Willy Brandt (SPD)
- 1974-1982 Helmut Schmidt (SPD)
- 1982-1998 Helmut Kohl (CDU)
- 1998-2005 Gerhard Schröder (SPD)
- 2005– Angela Merkel (CDU)
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |