Republikken Irland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Éire go deo (Irland for alltid) | |||||
Offisielle språk | Irsk gælisk og engelsk | ||||
Hovudstad | Dublin | ||||
Styresett |
Republikk Mary McAleese Bertie Ahern |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
70 280 km² (120.) 2 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
83 535 576 (13.) — 57/km² (114.) |
||||
Sjølvstende - Erklært - Anarkjend |
Frå Storbritannia 21. januar 1919 6. desember 1921 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
164 190 mill. USD (48.) 40 003 USD (4.) |
||||
Valuta | Euro | ||||
Tidssone | UTC | ||||
Nasjonalsong | Amhrán na bhFiann | ||||
Nasjonaldag | 17. mars | ||||
Internasjonal telefonkode | +353 | ||||
Nasjonale toppdomene | .ie | ||||
Republikken Irland utgjer fem sjettedelar av øya Irland og er ein sjølvstendig republikk. Staten vert offisielt kalla Éire på irsk, Ireland på engelsk. Som på norsk nyttar ein på begge språka nemningane Poblacht na hÉireann og The Republic of Ireland for å skilje på stat og øy.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Før 1921 var heile øya Irland ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland. Nord-Irland er framleis ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.
[endre] Fylker
Irland har tradisjonelt hatt 26 fylke (counties), som framleis blir brukt kulturelt, historisk og i idrett. Etter omorganisering har Dublin vorte splitta opp i 4 fylke og Tipperary har vore to fylke. Totalt har republikken Irland 30 fylke.
- County Carlow
- County Cavan
- County Clare
- County Cork
- County Donegal
- County Dublin
- Dublin City
- Fingal
- Dun Laoghaire-Rathdown
- South County Dublin (Tallaght)
- County Galway
- County Kerry
- County Kildare
- County Kilkenny
- County Laois
- County Leitrim
- County Limerick
- County Longford
- County Louth
- County Mayo
- County Meath
- County Monaghan
- County Offaly
- County Roscommon
- County Sligo
- County Tipperary
- Tipperary North Riding
- Tipperary South Riding
- County Waterford
- County Westmeath
- County Wexford
- County Wicklow
[endre] Klima
Irland har eit maritimt klima, og er kraftig påverka av Atlanterhavet og Golfstraumen i vest. Klimaet er ikkje så ulikt Storbritannia sitt, men har mindre temperaturvariasjonar og over 50 % meir nedbør. Kulda frå nord eller aust har som regel dempa seg på veg over sjøen til Irland, og det kaldaste som nokon gong er målt er berre -19ºC. Om vinteren er det i snitt berre om lag ei veke med snø totalt, men litt fleire dagar i høgareliggande strøk som Wicklowfjella. Atlanterhavskysten har derimot så godt som ingen dagar med snø. Sommaren er forholdsvis kjøleg med omlag same temperaturar som i Skottland, og i dei nordlegaste områda går ikkje temperauren ofte over 20ºC om sommaren.
Nedbøren fordeler seg jamt over heile øya, men dei vestlege områda får likevel dei største mengdene. I tillegg er områda på vestkysten, i lag med dei nordlege områda, utsett for kraftig vind når vinterstormane frå vest passerer forbi. Den tørraste tida på året er seint på våren og tidleg om sommaren, særleg i nordlege og austleg strøk. Dublin ligg i det tørraste område av Irland og har ein årleg nedbørsnormal på 762 mm, medan vestkysten av Irland har rundt 1400-1500 mm. Det er sjeldan torevêr på Irland. Dei nordvestlege områda har omlag ti episodar med torevêr gjennom året, og då som oftast om vinteren.
[endre] På verdsveven
- Irske styresmakter si offisielle side
- Uachtarán na hÉireann (Irland sin president)
- Oireachtas (Irland sitt parlament)
- Taoiseach (Irland sin statsminister)
Vest-Europa |
Belgia | Frankrike | Republikken Irland | Luxembourg | Nederland | Storbritannia |
Den europeiske unionen (EU) og EØS-området: Austerrike | Belgia | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn |
Berre EØS: Island | Liechtenstein | Noreg |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |