Austerrike
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republikken Austerrike (Österreich) er ein republikk (føderasjon) i Sentraleuropa beståande av ni delstatar. Det er omgjeve av land på alle sider og grensar mot Liechtenstein og Sveits i vest, Italia og Slovenia i sør, Ungarn og Slovakia i aust, og Tyskland og Tsjekkia i nord.
|
|||||
Nasjonale motto: Ukjent | |||||
Offisielle språk | Tysk | ||||
Hovudstad | Wien | ||||
Styresett President
Kanslar |
Forbundsrepublikk Heinz Fischer Wolfgang Schüssel |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
83 870 km² (115.) 1,3 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
8 184 691 (89.) — 98/km² (78.) |
||||
Sjølvstende |
1156 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
267,053 mrd. USD (35.) 32 962 USD (9.) |
||||
Valuta | Euro | ||||
Tidssone | UTC +1 | ||||
Nasjonalsong | Land der Berge, Land am Strome | ||||
Nasjonaldag | 26. oktober | ||||
Internasjonal telefonkode | +43 | ||||
Nasjonale toppdomene | .at | ||||
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Etter å ha vore erobra av romarane, hunnarane, lombardarane, ostrogotharane, bayerane og frankarane, kom Austerrike under habsburgarane i det 13. århundre. Denne slekta heldt fram med å regjere Austerrike inntil det 20. århundre.
Etter oppløysinga av det tysk-romarske rike i 1806 vart Austerrike utropa som keisarrike, og den siste tysk-romarske keisar Franz, som samtidig var konge av Austerrike, heldt fram såleis som keisar av dette. Austerrike kom formelt i ein personalunion med kongedømet Ungarn (som allereie hadde vore under habsburgsk styre i flere århundre) i 1867, og unionen vart kjend som dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn. Denne staten vart oppdelt etter nederlaget i fyrste verdskrig. Ungarn trådde ut av unionen, og ei rekkje austerrikske provinsar, som Böhmen og Mähren, vart òg avstått. Det resterande Austerrike vart republikk, mellom 1918 og 1919 offisielt kjend som Republikken Tysk Austerrike (Republik Deutschösterreich), deretter berre Republikken Austerrike. Austerrike vart annektert av Tyskland i 1938, i det såkalla Anschluss. Etter andre verdskrig vart Austerrike gjenoppretta som eigen stat, men var nøytralt, og tilhøyrde verken aust- eller vestblokka.
I 1995 vart Austerrike medlem av EU, og var frå og med 1999 òg ein del av den europeiske økonomiske og monetære union.
[endre] Geografi
Med sin posisjon i Alpane, er Austerrike sine vestlege og sørlege delar fjell, og Austerrike er ein velkjent vintersportsstad. Det høgste fjellet er Grossglockner på 3 798 meter. Den nordlege og austlege delen av landet er hovudsakleg kupert terreng. Klimaet er temperert, med kalde vintrar og kjølege somrar.
Viktige byar er hovudstaden Wien, Salzburg, Innsbruck, Graz og Linz.
[endre] Delstatar
Austerrike er ein forbundsrepublikk inndelt i 9 delstatar eller Bundesländer:
Navn | Hovudstad | Areal (km²) | Folketal |
---|---|---|---|
Burgenland | Eisenstadt | 3 965 | 276 400 |
Kärnten | Klagenfurt | 9 536 | 559 400 |
Niederösterreich | St. Pölten | 19 178 | 1 553 000 |
Oberösterreich | Linz | 11 982 | 1 387 000 |
Salzburg | Salzburg | 7 154 | 521 200 |
Steiermark | Graz | 16 392 | 1 191 000 |
Tirol | Innsbruck | 12 648 | 683 300 |
Vorarlberg | Bregenz | 2 601 | 356 600 |
Wien | Wien | 415 | 1 631 000 |
[endre] Klima
Klimaet i Austerrike kan i hovudsak delast i to i lag med topografien. Ein har Alpane i vest med fjellklima, og eit sentraleuropeisk låglandsklima i aust. Tyrolområdet i vestlege delar av Austerrike har mange djupe og smale dalar som går på kryss og tvers mellom Alpefjella, og klimaet nede i dalane kan vere ganske forskjellig frå klimaet i høgda. Dalane og fjellsidene som vender mot nord er ofte kalde med mykje skya ver om vinteren. Av og til kan derimot krafig fønvind presse temperaturane opp i 10ºC og høgare. Sørlege delar av Tyrol og sørsida av Hohe Tauern har ofte mykje sol om vinteren.
Donaudalen ligg ofte dekka av eit tynt stratusskydekke som gjev kjølege forhold i dalen. Dette skydekket varer gjerne frå desember til februar. Det er ofte enno kaldare og meir tåkete i låglandet i søraust, og den gjennomsnittlege minimumstemperaturen om vinteren i Graz er lågare enn i Warszawa og Stockholm. Nettene held seg kalde i Austerrike til ut i mai, men frå då av kan ettermiddagane ofte by på svært behagelige temperaturar med unntak av enkelte regnbyger no og då. Varmen frå sommarsola fører ofte til torevêr om sommaren, men som regel får dei nordaustlege områda litt mindre nedbør enn resten av landet. Dalane får som regel mest sol om sommaren, sidan torebygene held seg rundt dei høge fjellområda. September og tidleg oktober er den tørraste og mest tempererte tida på året.
Innsbruck er representativ for dalstrøka i vest, og har som regel forholdsvis behagelege temperaturar om sommaren, men ein kan innimellom få nattefrost. Ein har t.d. hatt nattetemperaturar under -20ºC i juli. Den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen held seg over 20ºC frå mai til september. Juli er den våtaste månaden der det regnar 2 av 3 dagarHausten er noko tørrare, medan vinteren ofte fører til lågt skydekke og låge temperaturer. Fønvinden fører derimot av og til med seg milde vinterdagar.
Wien ligg verna mellom fjella og har forholdsvis få dagar med nedbør kvar månad. Sommardagane er varme, men ikkje særleg fuktige, og på solrike ettermiddagar kan ein ha fine temperaturar frå april til oktober. Vintrane er meir skya og kjølege med litt spredt snø no og då.
Sentral-Europa |
Austerrike | Liechtenstein | Polen | Slovakia | Slovenia | |
Den europeiske unionen (EU) og EØS-området: Austerrike | Belgia | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn |
Berre EØS: Island | Liechtenstein | Noreg |
Schengenlanda |
---|
Belgia | Danmark | Finland | Frankrike | Hellas | Island | Italia | Luxembourg | Nederland | Noreg | Portugal | Spania | Sverige | Tyskland | Austerrike |